Sider

tirsdag 27. september 2011

Cherry blossom to go - ferdig blokka

Endeleg har eg fått strekt ut den derre krøllate filla som låg i sofaen og som eg har slitt over ein del kvelder. Umåtleg kjedeleg med omganger på 500 masker når ein må strikke vrang.

Som sagt ikkje spesielt begeistra, men så ser eg det plutseleg fiks ferdig blokka og då får pipa ein annan låt. Det vart jo skikkeleg lekker jo. Og det til tross for at oleanna-garnet var lit tjukkare enn garnet frå Tulliball.

Veit ikkje om eg hiver meg over eit så stort sjal ein gong til med det fyrste. Spissen når meg til under rompa og det må vera ca 2 m breidt for det er i alle fall godt breiare enn eg er lang. Derimot er det fjærlett, og det kan ein ikkje seia om meg. Med eit slikt nydeleg, tynt garn så må det naturleg nok vera lett. Eg brukte ikkje opp heile nøstet ein gong så det veg under 100 g. 

Her ser det blokking frå bokhylla. Judith etterlyste bilder frå bokhyllene vår. Vel, her har du mi. Eg sverger til Ivar-hyllar i rein nostalgi i tillegg til at eg tykkjer dei er passe røffe og ujålete. Her er det engelsk litteratur for seg, spansk i eit hjørne, krim for seg, feministisk litteratur, songbøker, historie, teikneserier (eg har komplett serieheftesamling av Modesty Blaise) i tillegg til skjønnlitteratur, DVD'ar og leiker.


 Ha ein strålande dag og kveld, eg skal avgarde på jobb.


mandag 26. september 2011

I påvente av blokking


Eg har strikka eit sånn derre lacesjal Cherry Blossom. Kan ikkje seia at det var den artigaste strikkinga eg har drive med. Puh, det var i grunnen ganske langtekkeleg. Trur derimot at resultatet ikkje er så verst. I alle fall var ei veninne av meg veldig begeistra. Vi får sjå, no må eg sjå til å blokka det. 

Elles held eg på med Hidden in the forest av 100% rain. Det er derimot herleg strikking. Trur det var alle desse langtekkelege vrangomgangane som tok knekken på meg.

Til helga skal vi på hytta med vener. Her ser det den eine stova. Ikkje fullt så gul og brun som tidlegare. Det vart kjempelyst etter at eg mal golvet grått og veggane kvite.

torsdag 22. september 2011

LItt høstleg melancoli i regnværet

Mine, dine osv barn har i grunnen ein viss tradisjon i vår familie. Difor har eg rikeleg med erfaring når det gjeld ein brokut familie og er lite opptatt av blodsband og genetikk. På same tid er eg skikkeleg opptatt av familie og slekt sidan bestefar min (morfar) fora meg med kunnskap om 5. menningar osv frå tidleg alder.

Men på same tid er genetikk uvesentlege detaljar, og det passer sjølvsagt bra når litjpia er frå Etiopia og besta er naboen som vi har adoptert osv.

Sidan farmora og farfaren min vart skild tidleg har far min også både stesøsken og halvsøsken. Det gir eit utal av syskenbarn. Farmora mi var veldig glad for bonusdøtrene sine så eg har nok sett meir til dei enn halvsøskna til far min på den andre sida.

Her er i alle fall min spansknorske fetter NICO STAI (altså ste eller bonus eller kva du no vil kalla det) som bur i USA. Det viser seg at han lagar strålande fin musikk.
(Hmpf, eg forsøkte å embed denne songen, men det vert berre svart skjerm.....)
(Yes, det handla om å bruka gamal embedkode og kanskje mac.....)



Namnet Stai er frå Østerdalen.


tirsdag 20. september 2011

Hugs auksjonen for Afrikas Horn

Hjertelill har snart fødselsdag og er då i mål med auksjonen sin. Målet har vorte auka til stadig høgare summar gong på gong og har snart viss ikkje allereie passert 10 000 kr. Slettes ikkje verst. Ære vere Lill og alle dei (øh vi) som har bydd og bidratt.



De kan framleis nå å vera med. Nett no ligg det auksjon ute på mellom anna dette som de ser på bileta.



søndag 18. september 2011

Jøss, eg har fått brukt symaskina

Hugser nesten ikkje sist. Trudde liksom eg skulle få tid til å sitja og sy på hytta når eg vart mor. Hallo, snakk om at ein har urealistiske illusjonar før ein vert mor.

No fyrst løsnar det. Litjpia har vorte 3 år og klarer endeleg å leika åleina - reint bortsett frå at ho helst skal gjera og læra alt eg gjer sjølvsagt. I helga har vi hatt besøk av fleire barn. Dei har snekra (flagg ?), skrudd i skruer og elles halde på ein del for seg sjølve. 

Ei pute i all mogleg juksestil. Har kjøpt eit stoff på Ikea med illustrasjonar, kroklisser og restestoff. Stripestoffet er også frå IKEA og det raude frå ein stoffbutikk på Grønland. No kan eg jo drøyma om ein større produksjon ein gong til neste år kanskje. Syr på hytta og strikker heime.

Strikking held ein jo på med av di ein kan gjera det kvar som helst og samtdig med at ein gjer anna som å sjå på TV, på toget, forelesing etc. Kor er den portable minisymaskina og syprosjektet som kan gøymast diskre ned under bordet?




I tillegg har eg endeleg brukt drillen slik at eg fekk på plass dei nye knottane til skapet. Kappsaga står endå og blømer for seg sjølv ute i boden, og den påtenkte sofaen har ingen sett.

fredag 16. september 2011

Hotell Kvinneklinikken

Vaktrommet held hotellstandard.

Som eg nemnde i eit tidlegare innlegg så tenkjer eg alltid på Oliva Joules til Helen Fielding når eg er på hotell og finn dopapiret bretta i ein spiss. Det siste skal liksom tilseia 4-stjerners hotell som nokre andre sa til meg i dag. Ha, ha, det er mange som drøymer om fleire stjerner. 

I 5-tida i natt kunne eg endeleg få lagt meg litt nedpå etter ei ganske så travel vakt så langt. 

Dette var altså det fyrste eg la merke til inne på badet! 
I tillegg låg det ein fint bretta handduk på senga (til vanleg er ein heldig dersom det ligg ein liten stable på skrivepulten). På dei andre bileta ser de kva 4-stjerners på KK i Bergen vil seia......

Dei mest multinasjonale yrkesgruppene på Haukeland er anten reinhald eller legane. Reinhald er nok absolutt å topp, og dei har også fått pris for godt arbeidsmiljø. Ein veit jo at det er mange godt utdanna som ikkje får jobb innan sitt fagfelt når dei kjem til Noreg. Eg har ein sterk mistanke om at det har vore ein hotellmedarbeidar av ypperste klasse på ferde i 4. etasje på Kvinneklinikken i går.
 Kjære du gode reinhaldsmedarbeidar, du har stil og ambisjonar. Det liker vi.



Eg gjekk sjølvsagt inn til sjefane på reinhald på vegen heim og viste dei bildet til stor åtgaum.

tirsdag 13. september 2011

Valdagsstrikk


Dritlei av sjalet eg strikker og som vonleg snart er ferdig. Berre måtte ha noko som var raskt unnagjort.

Restegarn frå Sparkjøp og Dalegarn samt pinne nr 12 vart redninga. Vesten vart altså strikka medan eg vart meir og meir sur under valdagssendinga. 



Ok, så var nedgangen til Frp ei STOR glede, men kva hjelper vel det når Høgre går så vanvittig fram. I tillegg er eg vakse opp i ein familie der Ap er rekna til høgresida. Så då skjønar de at valet var triste greier i mi lille verd. Berre på Møhlenpris gjekk SV ned med 6,2% til 10% og Raudt ned 5,1% til 8%. Det er altså min flotte, raude bydel eg snakkar om. No har eg rett nok alltid vore eit utskot og hatt ein hang til motkulturprosjekt osv. Mållaget, Kvinnefronten - ikkje nett massekultur i alle fall så eg ville neppe trivdes med å stemma i medvind (reint bortsett frå då vi vann EU-kampen sjølvsagt.)

Med mange vener i Sp er eg nesten betre stemt for dei enn for Ap, men eg er altså glad for Raud/grøn-regjering, og ja, Stoltenberg gjorde ein god jobb 22. juli. Får litt kjensla av Gro og Kåre-æraem reint bortsett frå at det no er Jens og Erna. Dei har til saman over 70% av stemmene så det er ikkje så mykje att til resten. Kjedeleg!

Vel, vesten er som de ser ikkje så avansert. 60 masker på pinne 12. Ved deling er det 17 på kvart framstykke og 26 bak. La også opp 17 nye masker til kvart erme og felte med raglanfelling.

Litjpia ropte Jippi då ho høyrde eg skulle strikke til ho og er nøgd med "Hello Kitty"-knappane eg fekk frå Monstermønster.

Håper på betre tider ved neste val!
(som de ser så er ikkje Litjpia heilt nøgd ho heller)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails