Sider

mandag 9. januar 2012

Interchangeable needles


Når vi likevel var i handlemodus hjå Morris og Co i Sydney så lot eg meg freista til å kjøpa desse strikkepinnane frå KnitPro. Sidan prisen likevel sto i australske dollar så lukker ein augene og drar kortet. Det er litt som å handla med monopolpengar. Når eg fyrst var i gang så ville eg sjølvsagt ha eit lekkert etui også. Det eine tar det andre.

 

Settet har 8 par pinnar med 4 ulike lengdar kabel, nokre stopparar etc. Storleiken er 3.5, 4, 4.5, 5, 5.5, 6, 7 og 8. Eg har masse strikkepinnar som er 2.5 og 3 så det høvde bra med litt større pinnar. Kabelen er veldig fleksibel og rettar seg raskt ut. Garnet glir ikkje så aller verst glatt på pinnane heller. Den er ikkje like glatt som ein av metall, men heller ikkje så treig som bambuspinnane.



Ha ein fin kveld. Eg skal sjå krim. Deilig når det er dobbel dose - Broen og Taggart. Så får eg heller leva med at distriktsendinga på NRK direkte, Nett-TV er frå Austlandet.

fredag 6. januar 2012

Eksotiske fibrar


Sjå nøye på bilda og tenkj på kva det kan vera. Det ljosaste garnet er av eit lite dyr, og eg hadde aldri i livet tenkt på at ein spinn garn av denne ulla/pelsen. Det mørkt brune garnet derimot kan eg skjøna når eg ser ulla på dyret, men at det var sjå mjukt å deilig det hadde eg ikkje trudd.

Vi fann det på ein liten butikk ved Grovely station på the Ferny Grove line i Brisbane som heiter Yarn Over. Dei har ein nettbutikk også. Nett dette garnet kjem frå Lotus yarns som er eit kinesisk merke. Dei har spesialisert seg på naturlege fibrar og luksuriøse fibrar.

Den lyse er altså Mink - ja, nettopp - 100% mink. Det er deilig og mjukt. No drøymer eg om å finna eit mønster på noko som ser ut som ein mink stola.

Den andre er tibetansk yak. Det er tynnare og supermjukt, litt som cashmere som er det blå garnet.

Nokre av bilda var tatt på ein gardeniabusk. Vakre blomar som luktar heilt himmelsk og som alltid minner meg om Omara Portuondo og songen Dos Gardenias para ti.


tirsdag 3. januar 2012

Godt nytt år og takk for det gamle


46 ferdige prosjekt i året som gjekk (øh, naboen hadde 40 stykk ferdige strikkegevantar ferdig berre til julemessa....). Vanskeleg å måla seg med nabo-besta når det gjeld strikking. Det eg har laga mest av er halsar. Heile 11 stykk faktisk. I tillegg skulle eg prøva meg på 11 sjal i 2011, men kom ikkje lengre enn til 8. Slettes ikkje verst det heller sjølvsagt. 12 av prosjekta er til barn, og 6 skal ein ikkje ha på seg. Det største prosjektet var heilt klårt Still light tunikaen. Eg bruker den stadig vekk.

Her går det i vidare rydding. I dag gjekk alle utgåtte bruksanvisningar og mobilladarar for eit heilt tiår i bosset. Hadde eg ikkje vore hekta på backgammon på iPad'en så hadde eg sikkert fått gjort endå meir.

lørdag 31. desember 2011

Kva har eg på nattbordet?


Starlet frå 80-talet som ikkje har ligge i flyttelassa mine, men som eg derimot kjøpte i rein nostalgi på ein loppemarknad. Det er også ein del gamle interiørblad og eit eller anna Elle, eller noko slikt. I tillegg "Sara og bølla", litt Albert Åberg, "El club de los viernes" (den strikkeromanen frå New York som eg trur eg har blogga om for lenge sidan og aldri får lest ferdig fordi eg ikkje orker å lesa når eg legg meg), Ann Oakley "Essays on women, medicine and health" (høyrest veldig intelektuelt ut ikkje sant. Vel eg har kome halvegs, men eg lånte den for over tre år sidan av sjefen... Leste faktisk i den på toget så no er det berre eit par essays igjen). "Naturlig sland" av Fedon Lindberg har eg flytta opp i hylla igjen. Kan jo ikkje lesa slikt i jula.
Kva har du på nattbordet?

I ryddesjauen har eg også fått meg nytt nattbord. Det fann eg på loftet i bygården. Meiner å hugsa at vi sparte det i den store oppryddinga i vår fordi eg ville ha det, men viss nokre naboar les dette no og meiner det er deira og at dei vil ha det tilbake så sei endeleg ifrå. Legg elles også merke til den gamle skuleplansjen eg fann på ein marknad i Trikkehallen på Møhlenpris. Hugsar godt desse historiske plansjane frå skuletida mi på slutten av 70-talet.


Snart er det nytt år. Håper alle får ein fin kveld og eit innhaldsrikt og positivt nytt år.

fredag 30. desember 2011

Den store julesjauen

Dollie, Drama, tyskprøver, avlagte retningslinjer for hormonsubstitusjon etc.
Husmorferien min i romjula har endt opp i den største ryddesjauen på fleire år. Litjpia er i Oslo med bestemor så alt såg til rette for fred og fryd. No skulle ikkje juletreet, men alt barnestæsjet ut av stua. Køyeseng skulle kjøpast inn, og eg forsøker å få orden på livet mitt. Sånn, vi putter alt vi ikkje veit kvar vi skal gjera av i ein boks.

Måtte berre rydda ut av mitt eige rom fyrst for å skaffa plass. Herregud, kva er det ikkje eg har spart på. Norsk Målungdom sine lover frå tidleg 90-tal, litt møtepapir, gamle medlemsblad - UT. Eg har ikkje trong til å vera noko fjernarkiv for diverse organisasjonar. Tyskprøvene mine frå 1989 (?)!!! Korleis kan eg finna på å spara på det? Dei har i tillegg vore med på flyttelasset til to ulike stader i Oslo og to stader i Førde før det har kome hit. I tillegg til eit utal av førelesingsnotat frå studiet med sikkert forelda medisinsk kunnskap. He, he, ikkje minst lovprisinga av hormonsubstitusjon frå ca 2000. Men eg klarte altså framleis ikkje å hiva mine sirleg nedskrive kompendium over patologien. Opp til fleire medisinstudentar i Oslo har kome seg gjennom den eksamen eine og åleine på det kompendiet. Det var altså den einaste gongen eg har gått så grundig tilverks. Har også funne mor mi og tanta mi sine singelplater frå 60-talet med Paul Anka (får meg til å tenkja på Anna), Chubby Checker etc. Merkeleg nok har ingen stått på telefonen for å få dei. Endå merkelegare er det at ingen av mine Facebook-vener har bedt om å få tilsendt kassettsamlinga mi med Dollie, Drama, Princess, Donna Summer og øh, "De syngende husmødre" (korleis i alle land og dager kom dei inn i mi samling?).

Etter veldig god hjelp frå naboen så har køyesenga eg kjøpte på IKEA kome seg opp i leiligheten. Den vog 55 kg fordelt på ein stor pakke. Litt krisekjensle då eg sto i striregn ute på IKEA og ba tynt om hjelp til å få den greia opp på taket av bilen. Eg fekk den nesten ikkje ned av sjølvbetjeningshylla. Lurte verkeleg på om eg hadde tatt meg vatn over hovudet - og bokstaveleg tala så kjendest det slik ut med alt det regnet. Sidan eg sto i over eit kvarter i kø nede ved Eidsvåg og heile turen heim tok nærare ein time (burde ta 10-15 min) så var pappeska gått i oppløysing. Der sto Sergio og eg med ei køyeseng i utallige delar. Dagens ridder tok sjumilssteg opp trappene til 4. etasje utan heis slik at vi fekk alt i hus. I tillegg hadde eg sjølvsagt alle desse kassene som no skal organisera livet mitt samt ein poste frå Stoff og stil med stoff til å trekka den gamle rammemadrassen til Litjpia som no har vorte til ekstra sofa på stua. Den står inne i ein vindaugsnisje, men eg tykkjer kanskje det vart litt vel mykje møbler her inne. Uansett vart det fint med alle putene. I tillegg så vart dei jo nesten tomt i den andre enden etter alle leikene.

På rommet mitt har eg hive ut den gamle pulten frå IKEA som eg kjøpte i 1995 og som ikkje har vore i bruk anna enn som lagerplass sidan 2000. UT med han. I staden henta eg ned den gamle stumtjenaren frå førre århundreskifte som ei veninne har etterlatt i min varetekt. No har alle hattane og veskene kome på utstilling. Flott å sjå på, men eg har ein mistanke om at det snart kjem til å vera fullt av støv.


Drøm søtt, eg skal kvila på mine laurbær etter at eg har båre ned ein del søppel og flytta gamle møblar på loftet.

torsdag 29. desember 2011

Morris & sons




Moderen rakk berre så vidt å installera oss på hotellet før ho fann annonsen til Morris & Sons i hotellet si guidebok. Dei er leiande i garn og handarbeid i Australia. Stor forretning i to etasjar med broderie oppe (som vi hoppa glatt over) og strikking i underetasjen. Og no snakkar vi sjølvsagt Sydney. Rett ved sida av Queen Victoria galleries.


Vi budde ved Darling Harbour og tok Monorail til Queen Victoria Galleries før vi bukserte oss ned på gateplan og kunne hoppa over på gratisbussen. Vel, det var etter at vi hadde fyllt på garnlageret.

Ok, så gjekk vi ein smule amokk. Det er jo ikkje det at dette garnet var så mykje billigare eller betre enn det vi har heime, men det er jo gøy å prøva noko nytt som er merka australian wool. Så no har eg altså ein stor bærepose med australsk garn i korga. 


Mor mi er galnare enn meg. Vi måtta kjøpa ein ny bag for å få plass til alt, eller eigentleg fordelt vekta utover. Kvar koffert kan berre vega 20-23 kg. I tillegg høyrde vi jo om smørkrisa og kom heim med to kg smør i kofferten.


mandag 26. desember 2011

Australiastrikkejulegåver


Fekk strikka litt på ferie også. Deilig garn dette Silk garden frå Noro. Vi var jo lettare animerte då vi fann den fyrste garnbutikken i Australia i denne vakre, vesle byen oppe i the Dandenongs - Sassafras. I Sassafras wool store.

Bulky greier med lange fargeskift heldigvis. Eg er ikkje så glad i korte fargeskift, men tykkjer det kan vera ganske effektfullt med lange. Men kva strikker ein eigentleg av slikt? Det vart nokre halsar. På eit par av dei laga eg ei holrand kvar 20 omgang og på den siste la eg opp 31 masker og slapp ned kvar fjerde maske. Hadde nesten gløymt kor enkel den effekten var. 

No er gåvene farne til Oslo med toget. Vel, det var fullt av bussar på stasjonen i dag som skulle til Voss og ventande tog. Det er kanskje Dagmar som har laga problem i natt.

I år var det berre Litjpia, mor mi og eg som feira julekveld i lag. Veldig herleg for dei vaksne, men Litjpia klaga på at det var lite ungar. Spesielt deilig er det med tanke på gåvesermonien. Vi unngjekk gåvejunkien. Ho tok seg god tid mellom gåvene og vi vaksne måtte skunda på litt av di eg var redd for at ho skulle somna. Vi har trass alt jetlag her i huset og underteikna hadde tatt imot fleire barn i løpet av natta - ikkje i ein stall vel og merke. Så avslutta vi kvelden ganske så upedagogisk då den trøytte mora skulle oppdra den trøytte dottera i korleis ein takkar ordentleg for gåver.

No har den trøytte mora 4-5 dagar husmorferie og har tenkt å strikka, sjå på TV og omorganisera barnerommet.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails