Sider

tirsdag 3. juli 2012

Hagedrøm


Endeleg er uteplassen ferdig. Etter å ha kika på denne elendige plassen i fleire år så beit eg i det dyre eplet og fekk hjelp av ein anleggsgartner. Det får jo vera grenser for kva ei fulltarbeidande åleinemor skal driva med på eiga hand. 

Her ser det både før og etter bilete. No gjenstår det berre å fylla i med plantar og litt putlearbeid som eg kan styra med sjølv. 


Kan informera om at den trampolina har eg satt opp heilt åleine. Det tilrår eg ikkje. Hadde mor mi kome med nokre velmeinte kommentarar då eg sto der og sleit som verst så hadde eg frøst.

Anleggsgartneren er noko av det mest joviale og sjarmerande eg har møtt på lenge. Han har halde alle lovnader og er ein slik "dette fikser vi" type som det er ein fryd å møta. Oddvar Jersin - Hagemannen gjer mellom anna nydeleg steinarbeid. Finst også på Facebook. Etter skodespelarutdanning og prosjektleiar i Telenor og Ericsson i Marokka fann han ut at han ville vera anleggsgartner. Gøy. 



Må også visa eit bilete av den kjære tørrmuren som eg bygde i lag med bror min. Buhu, den er no historie så då er dette det minnet eg har. 

Skulle gjerne hatt nokre solbilete nett no, men det får koma seinare. Ikkje ferdig med denne hagen nei.

4 kommentarer:

  1. Wow for ei forandring! Så fint da vart! Denne plassen kan du no nyta.

    SvarSlett
  2. Wow, så flott det ble! Imponert over både trampoline og mur! Og hagemannen hørtes ut som et interessant bekjentskap :)

    SvarSlett
  3. Nydelig skiferhelle-plass. Jeg liker så godt sånne heller. Det er sommer for meg å kunne gå barbeint på heller i hagen.

    SvarSlett
  4. Jøss, så hyggeleg at folk stikk innom her på sommarstid. Har i dag nytt hagen til fulle. Basseng på plassen, frukost ute. Ungar som sprett rundt. Medan eg har nytt endå meir å rota rundt i jorda.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails