Sider

lørdag 19. november 2011

Oppdatering på Fanaboleroen

Som strengt tatt ikkje lenger er nokon bolero som de kanskje kan sjå. Eg fann ut at eg er for tjukk på midten til å ha lyst på bolera. Det er deilig å skjula magen. I alle fall forsøka å skjula den.

Det går altså framover. No også som vest. Som de ser så har eg lagt til dei same firkantane på bærestykket som på ermene og i tillegg lagt til ein god del ekstra striper for å få betre lengde. Eg har faktisk strikka tre grøne og tre kvite striper før eg byrja å skrå over bringa.

Når eg no sit her med denne vesten så fekk eg faktisk lyst til å strikka meg ein lekker vest også Ysolda har fleire eg liker.

Snart går heldigvis turen til Australia, og eg byrjar så vidt å få hovudet over vatn, men berre så vidt. Framleis har eg ein del ting som skal i mål, men vår fantastiske besta i etasjen under har lovt meg husvask medan vi er i Australia i julegåve så då roer eg i alle fall ned den nerven litt. Fantastisk julegåve! Skuldrene letta mange hakk.
God natt i stua og framleis god helg.

6 kommentarer:

  1. Spennende, Mette. Og julegaven høres fantastisk ut!

    SvarSlett
  2. Himmel, jeg ønsker meg også en slik julegave! Fin vest:) og det med mage....æsj...det høres kjent ut...

    SvarSlett
  3. Det ser lovende ut! Fine farger og å skjule magen litt, det blir gjort her også. Deilig med litt lengde, det blir varmere også.

    Spennende med Australia-tur! :)

    SvarSlett
  4. Gledar meg til å sjå denne ferdig. Ser jammen flott ut. Heldig du som får julevasken i julegåve. Eg har vaska kjøkenet i dag. Kjenner det i armane, dei er ikkje vande med slik vasking. No skal eg stryka gardinene og så skal dei hengast opp før eg tek kvelden. Og då vert det strikkekos. Ha ein fin kveld

    SvarSlett
  5. Hei, hei... :O)
    Boleroen blir kjempeflott som vest, enda flottere en bolero syns nå jeg! Likte veldig godt sjalet ditt i innlegget under også..., fine bilder av din søte datter!

    Hørtes veldig spennede ut å reise til Australia..., har en drøm om en gang å reise dit! Der er det jo full sommer nå! Ønsker deg en flott tur, du får passe på å kose deg mellom forelesningene... :O)

    Klem

    SvarSlett
  6. Fantastisk julegave! God tur til Australia!

    Vest var en god ide, jeg synes feks fuglevesten til Ysolda er vakker.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails