Sider

onsdag 5. oktober 2011

Hidden in the forest


Ligger litt dårleg an til å nå 11 sjal i 2011, men er i alle fall oppe i 6 stk så langt. Siste sjal er Veera frå 100% Rain sitt Hidden in the forest. Ho har jo nokre veldig populære oppskrifter på Ravelry slike som Still light tunik med 565 prosjekter og Striped study shawl med 1385 prosjekt. Båe har eg strikka tidlegare. Her har de tunikaen og her er sjalet. Denne gongen er eg ein av dei ti fyrste til å strikka sjalet så får vi sjå om denne oppskrifta vert så populært som nokre av dei andre. Eg kjem i alle fall til å strikka fleire. 

Eg har stort sett nytta restegarn til den rosa delen og noko prøvegarn til det kvite. Det er nok litt tjukkare enn garnet Veera brukte så eg gjekk opp i pinnestorleik.

Vel, vel, det er ikkje så lett å ta bilete i haustregnet. Viss de ser nøye etter så ser de at eg har på med Still light tunikaen :-).

9 kommentarer:

  1. Eg synst eg såg deg med noko kvitt og rosa på spøtepinnane! Stilig! :)

    Stine

    SvarSlett
  2. Lekkert sjal i fine farger. Det forrige du blogga er også kjempefint. Imponerende arbeid, for der må det være mange masker på en omgang. Ha en fin kveld!

    SvarSlett
  3. Wauu, et super fint sjal. Jeg synes rigtig godt om dit valg af farver :)

    SvarSlett
  4. Nydelig sjal. Et skikkelig kosesjal. Så kjempe deilig ut :)

    SvarSlett
  5. århhh , du ligner en gudinde :-))

    SvarSlett
  6. Hmmm... -Skulle ønske jeg hadde en venninne som var like produktiv som deg ;o)

    Du er utrolig god ~ også ift fargekombinasjoner!!!


    Tonje

    SvarSlett
  7. Lekkert sjal i fine, sarte farger! Det var det som var artig å strikke var det ikke?

    Veera har 30?% avslag på mønstre denne helgen så jeg på bloggen hennes. Kanskje jeg skulle kjøpte dette og noen til?

    Ha en fin helg! :)

    SvarSlett
  8. Delikat og nydelig sjal :) Ser varmt og mykt og kosete ut.

    SvarSlett
  9. Så mange hyggelege tilbakemeldingar. Det varmer. Ja, Vibeke eg likte å strikka dette sjalet. Veldig lettvint. Eg måtte blokka det ut litt ekstra fordi eg tykte den bølga kanten kanskje vart litt stram, men elles er eg jo ein fan av Veera sine mønster.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails