Sider

tirsdag 19. juli 2011

Sommarkjole


I den laaaange ventetida då eg gjekk og venta på å få henta Litjpia så for det ein del strikkeplagg mellom fingrane.  Det gjorde dette plagget også. Eg skulle freista å imponera damene på barneheimen til å tru at ho kom til ein skikkeleg heim. No er det jo slettes ikkje sikkert at dei tykkjer strikkekjolar er det flottaste i verda, men ein blondeinspirert modell tenkte eg i alle fall var i rette gata. Til sjuande og sist viste det seg at han var alt for stor. Likevel var det den kjolen vi kledde på ho på siste flyet, rett før vi landa og velkomstkomiteen skulle få sjå ho. 

No derimot er kjolen heilt perfekt og faktisk rett så søt. 

Oppskrifta er frå Mandarin barn 0904. De finn oppskrifta på Ravelry her. Eg hugsar ikkje heilt kva storleik eg strikka, men truleg 2 år og heller ikkje kva for garn eg endte opp med.

7 kommentarer:

  1. Aiii, hvor er det en fin lille kjole :)

    SvarSlett
  2. En kjole med historie! Hvitt er sommerlig og vakkert, det er først nå jeg går noe særlig i hvitt, siden jeg ikke fikk ha særlig med hvite klær i barndommen, siden jeg var møkkete etter ti minutter....

    SvarSlett
  3. He, he, ikkje fritt for flekkar på denne kjolen heller. Noko av det fyrste ho gjorde var sjølvsagt å setja seg rett ned på bakken og aka seg framover, men eg rakk å ta bilete fyrst.

    SvarSlett
  4. Så fin kjole. Men den må ho no ha drukna i den då ho brukte den fyrste gongen:)

    SvarSlett
  5. Synes det er så kjempesøtt med strikkekjoler på små frøkner. Blondemodellen var nydelig. Tror jeg nesten må kopiere den til en av mine småfolk. :)

    Ps. veldig hyggelig blogg du har.

    SvarSlett
  6. Noe av det skjønneste jeg har sett! Både modellen og kjolen!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails