Sider

torsdag 14. juli 2011

Tid for vedlikehald


Huset er som de ser frå 1889. Det er i alle fall det det står på steintrappa. Det var totalrehabilitert for ca 10 år sidan. Sjølv kjøpte eg det for snart seks år sidan. Mitt lille paradis på Tysso, Osterøy.


No har vi nett vore her i snart to veker med to nieser, mor mi og hunden Max. Dei fyrste par dagane var også ei veninne med sine tre ungar på besøk. Niesene frå Oslo reknar det som sitt ferieparadis. 

Vi er stort sett der når det er Tysse-marknad og hugsar det som om vi har hatt finvær heile tida trass i at det regnar nærare halvparten av dei. 


I fjor laga eg dokkestove av den vesle utedoen. I år gjekk eg laus på vedlikehald - det var på tide å få på eit nytt lag med beis. Veggane var sterkt falma og saug til seg væte. Ikkje visste eg at det er så mykje forarbeid som skal gjerast før ein kan beisa. Sist eg beisa/måla eit hus må vera nærare 30 år sidan og då klaska vi berre malinga på den gamle veggen. No skulle eg derimot skrubba veggane med kraftvask fyrst og så spraya på noko sopp og muggdrepande greier. Puh, eg er dritlei av å setja opp stige i ulendt/skrånadne terreng. Til slutt må eg seia at eg er strålande nøgd. Sjølve beisinga tok berre ein dag med hjelp av mor mi. Ho er ikkje god i høgda og heldt seg på dei lægste plankane. Ho er av typen som må krabba ut av Fløybanen av di ho vert svimmel.

Eg hadde vel ikkje vald denne høgblåe fargen sjølv, men ser ikkje nokon grunn til å endra på han heller av di det i sofall skulle kosta meg eit par målingsstrøk ekstra.

Fargen heiter Aftenstemning, og det er jo slettes ikkje verst. Elles er også huset omtala som blånissehuset.

1 kommentar:

  1. Hus må malast med jamne mellomrom det er greit, her og har det gått i husmaling i dag. Her er det kirsebærraud det går i. Ser ut til å vera ein skikkeleg koseleg plass. Godt at du har hatt hjelp av mor di. Ja med hadde ein fin tur til Bergen. Handla litt garn gjorde eg og :)

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails