Sider

mandag 20. juni 2011

Tubey

Så var han ferdig, og eg er supernøgd. Han sit som støpt. Spesielt liker eg korleis han draperer seg over skuldrene. Ein del andre på Ravelry har klaga over at den vert posete over ryggen, men det er ikkje noko problem dersom ein lagar ein close fit for då strekker den nedre delen seg tilsvarande. Den er trass alt meir elastisk i breidda enn den øvre delen. 

Eg må seia det var litt langtekkeleg å strikka dei to ermene i eitt, men alt i alt tok ikkje genseren så lang tid. Eg strikka i storleik large sidan det er min storleik, men gjekk ned i pinnestorleik til pinne 4. Truleg strikker eg ganske laust for erfaringa mi frå Still Light tunikaen var også at den vart større enn forventa. 


Eg er ikkje så glad i sommarfuglermer og valde difor å strikka rettstrikk fram og tilbake nedst på ermene og så sy saman med knapper som berre er til pynt. For å få ein slags heilheit strikka eg også 10 riller med rettstrikk nedst der eg delte framsida og basida i to.
Som Du Bedåre har lagt merke til så har eg brukt ei stor sikkerheitsnål i fronten for å få til v-utringing. V-utringing er meir flatterande til meg. Enkel og reversibel løysing.

For dei som lurer så er altså dette linken til oppskrifta. Eg fann også ei omsetjing til norsk, men har ikkje brukt den så de får forsøke å søka på designaren. Det var slik eg fann den. Her finn de han på Ravelry.

Garn: Drops alpakka og Tynn alpakka frå Du store alpakka

Pinnar: 4 mm

11 kommentarer:

  1. Kjempefin!

    Den skal eg jammen vurdera å prøva meg på!

    SvarSlett
  2. Nydelig genser i fiiiin grønnfarge! :)

    SvarSlett
  3. Veldig fin!
    Har hjertet den på ravelry, måtte jo ha et bokmerke om jeg får lyst på en som ligner;-)

    SvarSlett
  4. Wow, så utruleg flott denne var! Fin farge til deg også.

    SvarSlett
  5. Knallfin! Perfekt til deg også! Er det en nål som holder "brystsnurpingen" på plass på øverste bildet? Lekkert og feminint!

    SvarSlett
  6. Den ble kjempefin! Nydelige grønnfarger også - som du kler veldig godt.

    SvarSlett
  7. Yep, som eg trudde, du kler din minst like godt som brodern kler sin! Veldig, veldig fin.

    SvarSlett
  8. Kjempefin genser, men den fargen var jo fantastisk! Helt mitt i blinken for meg, og virkelig vakker på deg :)

    SvarSlett
  9. Tusen takk skal de ha. Ja, det er ei sikkerheitsnål som held utringinga på plass. Mosegrønt må jo ver midt i blinken for deg Anne ;-).

    SvarSlett
  10. Hei og takk for koseleg bloggbesøk ! Flott gensar du har strikka, og wollmeise kan anbefalast på det varmaste - men tollen er noko herk ..! Ha ein fin kveld!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails