Sider

mandag 7. mars 2011

Blåveis varslar vår

Ser ut til at koplinga mellom kameraet mitt og mac'en har takka for seg. Det var i alle fall umogleg å få overført bilder. Så då sat eg igjen med iphone utan blitz og dårleg lampelys. Oh glory....

La min elsk på Pickles si vaffelhuve. Den er særs enkel å strikka og samtidig veldig effektfullt mønster. Må seia at eg i grunnen var meir nøgd med fargen på den førre. Veit ikkje heilt kva eg tykkjer om den melerte effekten. Eg har brukt same type garn som i den førre så den er så mjuk som berre det. Denne gongen hadde eg brunt i botnen med rosa kashmirgarn i staden for raudt.

Vel, vel, det er i alle fall resultatet. 

Det er dessutan deilig  å sjå at våren er i emning sjølv om det sluddar etc innimellom. 
I bedet i bygarden vår har vi ei diger tue med blåveis. Der har det bløma i nærare 3-4 veker no. Jippi!





3 kommentarer:

  1. Kjempefin lue. Har aldrig sett et slikt mønster.
    Deilig at det går mot vår igjen.
    Ha en fin dag vidre :o)

    SvarSlett
  2. Blåveis!! Det har vi ikkje her eg bur. Skulle gjerne hatt ei tue:) Det ser så vårleg ut. Men eg klarer meg vel med krokus og snøklokker!

    SvarSlett
  3. Så herlig å se blåveis. Tror jeg vil på blåveistur i morra:-)

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails