Sider

tirsdag 12. januar 2010

Hæsj (Hals)


Endeleg kom eg meg over på store pinnar. Det går jo rykande raskt. Eigentleg liker eg best å strikka med tynt garn på pinne 2,5, men då tar det jo litt lengre tid å verta ferdig. Det innser eg etter å ha strikka ein hals på i overkant av to timar.

Var i restekorga på Husfliden og fann noko Vamsegarn frå Rauma der fargen visstnok er på veg ut. Naboen likte fargen (den står nemleg så fint til minken.....)
Say no more, då fekk prøveprosjektet ein eigar. Prøveprosjektet var strikka på 76 masker, men det er nok betre med 68.

Pinne nr 10 og dobbelt vamsegarn til saman to nøster skulle halda.


Oppskrift:

Legg opp 68 masker. Strikk to rett og to vrang med dobbelt garn til du har nytta nesten to nøster og så feller du av. Voila, ein hals i kulda.

4 kommentarer:

  1. Smart, og sikkert deilig varmt!
    Bra med noen kjappe prosjekter innimellom, særlig når man har noen mer tidkrevende på gang.

    SvarSlett
  2. Jeg har en award til deg i bloggen min :)

    SvarSlett
  3. Jøss, ein award er alltid hyggeleg :-). Vert elles berre meir og meir nøgd med den hæsjen sidan naboen har flytta inn i han. No er også 60 masker forsøkt så vi ender på at 68 masker må vera det beste.

    SvarSlett
  4. Hei! Eg var i iskalde København sist helg. Gjekk på strikkebutikken i Fiolstrædet like ved der eg budde, kjøpte tjukt ullgarn og pinnar nr 10 (frå Sandnes!) - og vips! Etter eit par timar hadde eg ein deilig hals som eg kunne dra opp over øyrene når snoen stod på som verst. No skal eg snart til Krakow, der er melt minus 14, halsen blir med på turen!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails