Sider

mandag 7. september 2009

Mønsterstrikk





Endeleg er vårens store mønsterstrikkeprosjekt ferdig. Då det viste seg at ventetida for å få reisa og henta veslejenta dro ut så ynskte eg meg eit prosjekt som skulle ta litt lengre tid. Det var kjipe månader så det var ikkje om å gjera å få tida manifestert ved ein stor haug av strikkeklede.

Då eg stakk innom Husfliden fann eg dette mønsteret frå Raumagarn. Sjølvsagt kunne eg ikkje dy meg for å endra oppskrifta litt. Difor har jakken fått vippekantar nedst og på ermane. I tillegg ynskte eg meg ei litt lys jakke til den fine mørke jenta mi så då vart det lysegult og kvitt med grønt.

Diverre gjer haustmørkret sitt til at eg måtte bruka blits og heller laber kvalitet, men sidan eg absolutt er ganske så nøgd med resultatet så får det stå til.

Knappar kjøpte eg i all hast ein dag det striregna, jenta var dritlei av å vera inne, laptopen såg ut til å ha streika nettopp på ein dag det var søknadsfrist for noko eg berre måtte ordna osv. Det var av absolutt viktig at ho ikkje skulle somna på trilleturen til å frå knappebutikken så eg jodla og sang, utsatte ho for regn og rista litt forsiktig i ho ganske hyppig til vi kom heim. Då slokna stakkars dropset mitt, og eg kom i mål. Knappane vart ikkje noko anna enn heilt enkle.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails