Sider

tirsdag 10. mai 2011

Vinnarlukke


Monstermønster har nett feira 200 000 besøk på bloggen sin. Endå meir imponerande tykkjer eg det er å sjå 280 kommentarar på eit innlegg! Sjølv om det i tillegg til å ynskja Merete all mogleg godt og vel sidan vi koser oss med bloggen hennar var ein sjanse til å vinna flotte premiar.

Ta da, eg er faktisk ein av dei heldige vinnarane. Kven skulle trudd det? I dag kom den flotte knappesamlinga i hus i lag med eit veldig hyggeleg kort. 

Kveldsljoset la liksom litt skodde over knappesamling, men eg kan avsløra at her er det ein STOR skatt i knappar. Spesielt fortjust er eg i dei store treknappane med ulike blomemotiv. Eg skriv difor under på at Merete har god smak.

TUSEN TAKK!!

torsdag 5. mai 2011

Jippi - still light tunika to go


Sat oppe i går kveld og gjorde ferdig Still light tunikane. Heldigvis er det sopass skarp luft for tida at eg ikkje smeltar i ein strikkakjole. Så i dag har eg fått mykje skryt for kjolen.

For dei som ikkje kjenner til denen tunikaen så finn de han hjå Veera og 100% rain.
De finn også oppskrifta på Ravelry.

Dette er det fyrste eg har strikka etter ei oppskrift på engelsk, og det gjekk jo forbausande lett. Veera lager gode oppskrifter som er lette å lesa. For fyrste gong skulle eg også laga prøvelapp, og ut frå prøvelappen så passa det heilt med oppskrifta. Det var berre det at når eg byrja å strikka så var det som på prøvelappen var 10 cm vorte til 12 cm så eg gjekk ned frå large til medium. Trass i det er det absolutt ein romsleg tunika og ikkje akkurat tight fit slik den skulle ha vore etter oppskrifta. Vel, vel, det gjer ikkje noko for den fell fint og er behageleg slik den er.  Fargen er eg supernøgd med. Ribbekanten nede har eigentleg same masketal som kjolen sjølv. Då eg hadde strikka den ferdig så viste det seg at den var alt for laus og krølla seg oppover. Eg rekte den difor opp og for kvar 10. maske så strikka eg to saman. Sidan eg ikkje liker 3/4 ermer har eg vald å strikka ein lang ribbekant nedst på kvart erme. 


Garn: Tynn alpakka frå Du store alpakka
Pinner: 3 mm

mandag 2. mai 2011

Snart ferdig



No nærmar det seg med stormsteg at Still light tunikaen er ferdig. I mangel på noko anna så viser eg altså eit halvferdig produkt så skal vi sjå kva eg får til av betre bilete når den endeleg er ferdig. Det må nok litt damping til. Han ser rett nok litt sjøgrøn ut på det biletet her, men det er han så absolutt ikkje. Fargen har meir gult enn blått i seg. Eg er godt nøgd og strikker lange ermer i staden for 3/4. Har i grunnen aldri likt 3/4 arm. Det er liksom korkje fugl eller fisk.

Elles er jo ikkje akkurat varmebylgja og stormsolskinet det mest inspirerande strikkeværet. I dag derimot er det litt gråare utanfor og temperaturen gir von om at eg kanskje kan få brukt tunikaen på denne sida av sommaren. 

I helga hadde eg fri frå både jobb og morsrolla. Det var FANTASTISK! og så fekk Litjpia ei betre mor igjen på sundagen. Fredag var eg ute på Jazzboks og laurdag såg eg "Helena og førkjene". Drivande godt show! Ho Helena Bremer får det til igjen. Dei som har sjansen bør ta seg ein tur til Førde 1. eller 2. juni og sjå sjølve.

torsdag 28. april 2011

Småstrikk


Været er utruleg vakkert og lite strikkeinspirerande for tida, men ei god veninna har nett fått verdast finaste gut. Det er inspirerande. 

Ho meiner at ein overdriver ullbruken på små ungar og at dei godt kan få lov til å ha på seg bomull.... Det er altså barnelegen si tilråding (ho er barnelege) så då måtte eg finna noko anna enn ull. 

Eg har funne noko garn i ei restekorg som eg trudde var bomull, men det viste seg å vera 50% bomull og 50% bambus. Veldig mjukt og deilig er det i alle fall og heiter Luna frå Løve garn. Modellen er den same hjelmlua som alltid, men vesleguten har meir i vente.

Dei siste dagane har vi levd i Nygårdsparken saman med studentane og russen. Litjpia har allereie lært kva russekort er. Herleg, herleg med vår.

tirsdag 26. april 2011

Oppskrift på livmorstrikk

Tok ein sjekk på friends projects på Ravelry og fann oppskrift på livmor med eggstokkar hjå min kollega Ingrid. Biletet har eg lånt frå Ingrid på Ravelry. 
Herleg. Kanskje ikkje den anatomisk sett riktigaste modellen, men no kan du altså enkelt strikka deg ei livmor. Det spørs om ikkje det vert gåva for gynekologen som har alt.
Her finn de i alle fall oppskrifta.
I tillegg har Judith gjort meg merksam på ein strikka versjon av hjernen. Den finn ein blant mange andre versjonar på Museum of Sicientifically Accurate Fabric Brain Art

søndag 24. april 2011

Anatomisk strikk


Som sagt før så er eg fan av kunstprosjekt på anatomi og kropp. Denne gongen kom eg over ein strikka versjon av mage-tarm-traktus. Spiserør, magesekk, lever, galleblære, tynntarm og tjukktarm. Slettes ikkje verst. På denne bloggen får du nærare kommentert innhaldet i strikkeanatomien.

Det har vore lite foto i påska. Fantastisk vær, sjuk litjpi, mykje kos og no nærmar Still light tunikaen seg å vera ferdig. Strengt tatt er det ikkje ein tunika, men ein kjole. Eg nærmar meg no ferdig med fyrste ermet. Med det været vi har for tida så er det vel helst eit plagg for neste vinter. Kan jo ikkje håpa på litt kalde dagar berre slik at eg skal få nytta den nye kjolen....

søndag 17. april 2011

Jøss, finalist

Eg likar godt Moseplassen sin hageblogg. Ho har stadig vekk fotokonkurransar. Denne gongen var det Frøken vårtegn. Eg er ikkje nokon superfotograf, men tykte dei vidunderleg vakre blåveisane våre som har gledd oss frå februar til fram til for ei vekes tid sidan fortende litt merksemd. Eg sendte difor inn dette bildet.

No viser det seg at det har vorte ein av 14 finalistar blant 70 deltakarar. Det må eg jo seia eg er nøgd med. Veldig hyggeleg dersom nokon vil inn og stemma på blåveisen Frøken Viljesterk her og eller nokre av dei andre.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails