Sider

onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK. 

Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.

Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.

16 kommentarer:

  1. Den var jo kjempefin!! All grunn til å vere nøgd! Eg og hadde budd i jakke hadde eg vært deg, eg har nemleg nokre sko som eg er veldig glad i, men som diverre sjelden blir brukt, så når eg først brukar dei sit eg alltid med dei i ti minutter inne før eg tar dei av. Fekk nesten lyst til å strikke ein likeeins sjølv, men eg har to gensre som ikkje er ferdig enda, så eg trur eg må begrense meg.

    SvarSlett
  2. Nydelig, Mette! Og om de proffe bildene er bedre, så levner i alle fall ikke disse noen tvil om at bolerojakken er veldig flott.

    SvarSlett
  3. Wow! Den ble kjempestilig!! Jeg har fulgt spent med mens du har strikket den, og vært litt i tvil om hva jeg kom til å synes om den ferdige utgaven. Men den ble virkelig råstilig - jeg er litt forelsket i den :)

    SvarSlett
  4. Det er uansett bildekvalitet ikke noe problem å se at dette ble en utrolig flott jakke! Farger, mønster, hekling og brodering er helt smashing flott! Gratulerer med vel utført arbeid og nydelig plagg! :)

    SvarSlett
  5. Så fin den vart! Ja denne må du berre bruke. Ein kan ikkje spara på alt ein lagar. Her er det fin sol i dag

    SvarSlett
  6. Veldig, veldig fin! Og veldig god ide å gjøre den om til jakke, det er noe med å vite at det blir brukt mer.

    SvarSlett
  7. Knallfin jakke! Alltid kjekt å sjå nye vriar på klassiske mønster :)

    SvarSlett
  8. Tusen takk for skryt og spesielt takk til Anonym for årets beste kommentar. Går ikkje å få betre tilbakemelding enn de :-).

    SvarSlett
  9. Å, utrolig flott, ble den! Gratulerer!

    SvarSlett
  10. Så kjempefin fanajakke/bolero du har laget. Lekre/stilige farger, og det gir inspirasjon, jeg skal lage MIN jakke en gang ,-)

    SvarSlett
  11. Den ble veldig flott. Skjønner godt du er fornøyd
    :-)

    SvarSlett
  12. Noe av det vakreste jeg har sett av Fana, gitt! S-hilsen

    SvarSlett
  13. Utolig lekker Fanabolero du har strikket, heklet og brodert. Jeg er veldig fasinert av Fanamønsteret for tida - Jeg holder selv på med ei Fanakofte med et klassisk gammelt mønster som ikke er helt vanlig nå for tida. Du inspirerer meg til å tenke litt utenfor boksen, for videre mønsterplanlegging - Takk for inspirsjonen =)

    SvarSlett
  14. Fantastisk fin fanabolero!! Den kledde du! Og så tova cervix'ar - haha - for eit herleg prosjekt!

    Den nye jobben min er berre 50% på barselpoliklinikken! Likar!

    Fortsatt god helg til deg!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails