Sider

tirsdag 31. mai 2011

Dreieckstuch mit Blätterand


Det er altså det sjalet heiter på tysk. Som de ser så har eg på nytt fått dilla og strikka to av same. Sjå boggposten før for oppskrifta på Ravelry. Garnet eg har brukt er Shetland soft frå Malsen og mor på pinne nr 5.

Denne gongen skal det til Dale som ein varm tanke til ei som treng det nett no.

I går feira vi treårsdag med full fest og stormande jubel. Veldig artig, men også høgst kjærkome når eg kunne leggja beina på bordet etter endt fest og rydding.





Litjpia var strålande fornøgd og har fått seg ROSA sykkel. Den har ho sykla på til og frå barnehagen både i går og i dag. Uturleg artig å sjå all denne entusiasmen.

torsdag 26. mai 2011

Leafy shawl

Som så mange andre lærte eg tysk på skulen. Kan ikkje seia at eg har hatt så mykje nytte av det, men til dette sjalet har eg altså vore på Ravelry og funne ei oppskrift på tysk. Vel, det var vel helst ein instruksjonsvideo. Den er lett å følga. Sjalet får ei fin rand med blad på den eine sida og er litt "skeivt". Har lurt på om eg skal hiva meg på bølga med å strikka 11 sjal i 2011. No har eg strikka to sjal så langt i år, og har allereie byrja på eit bladsjal til.

Garnet eg har brukt er shetland soft frå Malsen og Mor med pinnar nr 5.

Lette strikking som krev lite konsentrasjon. Perfekt for sommaren.

Learned German in school but can't say I have really had much use of it. Until now that is. I just made this shawl based on a instruction video in German that I found through Ravelry. Have thought about knitting the 11 shawls in 2011 and I am two down... Well, just started a third one based on the same pattern.

lørdag 21. mai 2011

Summer cardigan

Vi var så vidt innom sommaren her rett før 17. mai. No er det nesten vanskeleg å hugsa. Det er som eit vagt minne å rekna. Medan det står på så trur ein plutseleg at Bergen har vorte ein stad der det ikkje bruker å regna. Det trur visst yr.no også for i etterkant av ein finværsperiode så vert duskregn markert med tre dråpar på skya, nett slik det var under dei store skybrudda på hausten. 

Vel, vel, eg klarte i alle fall å byrja på ein sumarjakke. Eg hadde jo dette Silkegarnet frå Idena som eg ikkje heilt visste kva eg skulle bruka til. No vart det ei jakke. Har fått litt dilla på å strikka frå halsen og ned ette Still light tunikaen. Det er makalaust greit når ein er usikker på om ein har nok garn. 

Jakken er strikka på pinne 7 og med berre 4 fleire masker enn romperdrakta som eg strikka i silke. Den var strikka på pinne 4. 

No fekk eg også brukt ein av knappane eg vann hjå Monstermønster. Ven, vakker, blomeknapp i tre. 

Ha ei strålande helg. No skal eg i 40 årsdag.



I bought this silk yarn last year because it was a bit less than 2 dollars per skein (50g). The texture is pretty rough and it has been hard to find the right use for it. With the glimps of summer we had earlier this month I decided on a cardigan for my self. After knitting the still light tunika I love the top down approach. Especially when you have only a limited amount of yarn. So this is how far I got with the skeins i had. It is nice and light and still quite warm. A bit loose around the edges and the buttons are on the wrong side etc, but it works. Have a lovely weekend I am off to a 40th anniversary.

fredag 20. mai 2011

Arrival of the goody bag


Strikkemagasinet varsla om Drops-sal. Eg gjekk fem på og har "blakka" meg på alpakkagarn. I dag kom godteposen i hus. I form av ein hentelapp per mail. Har de vore med på det før?

Snart må eg ha nye korger til alt dette garnet. 

Etter "bli ny"-dagen min i Sandvika hjå Lone i "I am" så har eg endra fargepletten min litt. Eg har i alle fall kutta ut svart - i den grad eg har brukt svart - og slått meg på brunt i staden.

I was just made aware by Strikkemagasinet that Drops is having a sale. I couldn't help myself and now I have a big pile of new alpaca yarn in need of a basket and some needles.

tirsdag 17. mai 2011

Hipp, hipp, hurra!

Ja, 17. mai! Det fekk litjpia kjapt ut av senga i dag. Årets største fest er no på hell, og humøret har vore på topp trass i regn og ein ballong som forsvann til himmels. Ikkje meir enn tre isar så det er jo ikkje til å klage på.

På bildet har litjpia på seg sin strikka trønderbunad. I år går skjørtet til litt under knea. Trur vesten kan halda eit år til, men truleg må vi ha eit litt lengre skjørt. Her finn de meir info om bundaden som mor mi har strikka. Ein tru kopi av trønderbunaden.

Skjønar forresten at eg er langt frå Trøndelag når ein nikkar og smiler til alle andre som har trønderbunad....

Håper alle har hatt ein flott dag!

mandag 16. mai 2011

Silkeguten


Kjøpte silkegarn til 10 kr nøstet i ei restekorg i fjor. Fann denne oppskrifta via Monstermønster. Veninna mi som ikkje er ein like stor ullelskar som dei fleste av oss skal til Thailand ved juletider med vetleguten. Så då såg eg mitt snitt til å få brukt silkegarnet til noko fornuftig. Vel, det er litt stivt så eg er ikkje sikker på kor veleigna det er til sjuande å sist. Dessutan lukter det rå natur om ein skal seia det på den måten. Eg har brukt pinne nr 4-4,5 til dressen.

Knappane kjem frå knappeglaset eg vann hjå Monstermønster.


No har eg gått igang med ei jakke i same garn til meg sjølv, men denne gongen på pinne 7. Eg satsar på ei laus og ledig sommarjakke.


No sit eg og koser meg med nett-TV og ein av dei gamle filmane frå 50-talet "Ung frue forsvunnet". Har tenkt eg skal sjå heile samlinga som ligg hjå Nrk.

tirsdag 10. mai 2011

Vinnarlukke


Monstermønster har nett feira 200 000 besøk på bloggen sin. Endå meir imponerande tykkjer eg det er å sjå 280 kommentarar på eit innlegg! Sjølv om det i tillegg til å ynskja Merete all mogleg godt og vel sidan vi koser oss med bloggen hennar var ein sjanse til å vinna flotte premiar.

Ta da, eg er faktisk ein av dei heldige vinnarane. Kven skulle trudd det? I dag kom den flotte knappesamlinga i hus i lag med eit veldig hyggeleg kort. 

Kveldsljoset la liksom litt skodde over knappesamling, men eg kan avsløra at her er det ein STOR skatt i knappar. Spesielt fortjust er eg i dei store treknappane med ulike blomemotiv. Eg skriv difor under på at Merete har god smak.

TUSEN TAKK!!

torsdag 5. mai 2011

Jippi - still light tunika to go


Sat oppe i går kveld og gjorde ferdig Still light tunikane. Heldigvis er det sopass skarp luft for tida at eg ikkje smeltar i ein strikkakjole. Så i dag har eg fått mykje skryt for kjolen.

For dei som ikkje kjenner til denen tunikaen så finn de han hjå Veera og 100% rain.
De finn også oppskrifta på Ravelry.

Dette er det fyrste eg har strikka etter ei oppskrift på engelsk, og det gjekk jo forbausande lett. Veera lager gode oppskrifter som er lette å lesa. For fyrste gong skulle eg også laga prøvelapp, og ut frå prøvelappen så passa det heilt med oppskrifta. Det var berre det at når eg byrja å strikka så var det som på prøvelappen var 10 cm vorte til 12 cm så eg gjekk ned frå large til medium. Trass i det er det absolutt ein romsleg tunika og ikkje akkurat tight fit slik den skulle ha vore etter oppskrifta. Vel, vel, det gjer ikkje noko for den fell fint og er behageleg slik den er.  Fargen er eg supernøgd med. Ribbekanten nede har eigentleg same masketal som kjolen sjølv. Då eg hadde strikka den ferdig så viste det seg at den var alt for laus og krølla seg oppover. Eg rekte den difor opp og for kvar 10. maske så strikka eg to saman. Sidan eg ikkje liker 3/4 ermer har eg vald å strikka ein lang ribbekant nedst på kvart erme. 


Garn: Tynn alpakka frå Du store alpakka
Pinner: 3 mm

mandag 2. mai 2011

Snart ferdig



No nærmar det seg med stormsteg at Still light tunikaen er ferdig. I mangel på noko anna så viser eg altså eit halvferdig produkt så skal vi sjå kva eg får til av betre bilete når den endeleg er ferdig. Det må nok litt damping til. Han ser rett nok litt sjøgrøn ut på det biletet her, men det er han så absolutt ikkje. Fargen har meir gult enn blått i seg. Eg er godt nøgd og strikker lange ermer i staden for 3/4. Har i grunnen aldri likt 3/4 arm. Det er liksom korkje fugl eller fisk.

Elles er jo ikkje akkurat varmebylgja og stormsolskinet det mest inspirerande strikkeværet. I dag derimot er det litt gråare utanfor og temperaturen gir von om at eg kanskje kan få brukt tunikaen på denne sida av sommaren. 

I helga hadde eg fri frå både jobb og morsrolla. Det var FANTASTISK! og så fekk Litjpia ei betre mor igjen på sundagen. Fredag var eg ute på Jazzboks og laurdag såg eg "Helena og førkjene". Drivande godt show! Ho Helena Bremer får det til igjen. Dei som har sjansen bør ta seg ein tur til Førde 1. eller 2. juni og sjå sjølve.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails