Sider

lørdag 15. oktober 2011

Småstrikk

Veka gjekk frå pest til fest.


Influensasjuk og sjølvmedlidande start på veka. Stakkars Litjpia som hadde ei så slapp mor. Då eg korkje hadde matlyst eller orka å strikka skjøna eg at det sto skralt til. Så produksjonen var nær null, men heldigvis sveiv feberen langsamt ut innan onsdag. Litjpia gjekk på legd til ymse av sine vener mine vener var stort sett på haustferie.
Onsdagen derimot fekk vi storinnrykk av ei veninne av meg med tre ungar. Sola skein og det vart ein super haustferie på Fløyen, kanopadling på Skomakerdiket, masse leik med store jenter (5,5 år) og ein storebror (8 år). O lukke! Det er desse tvillingjentene som forer oss med stort sett alt som finst av klede og sko. Så då er det jo på sin plass å gje ei lita strikkegåve tilbake. Eg er litt monoman når eg fyrst har funne ei oppskrift som fungerer så då vart det den same halsen på nytt.

Elles prøver eg å strikka opp restebomullsgarnet. Dette garnet er noko greier frå 80-talet. Mjukt og godt, men øh, ganske mykje overskotsfarge.....

Ha ein god laurdagskveld!

6 kommentarer:

  1. lurte litt på kva du hadde pakka inn i bobleplast:) men fann ut det måtte vera halsane. Godt dei ikkje kunne gå sund. Her er haustferien straks ferdig, eg må på sein i morgon og ungane må på skulen att på mandag. Jammen godt med ferie!

    SvarSlett
  2. Hi, hi, Linda, bobleplasten er ei lita gåvepakning med ein klut, ei såpe og litt te som ei lita besøksgåve. Freista å vera kreativ :-P

    SvarSlett
  3. Så herlige farger på de halsene. Modellen ser veldig fin ut, må kanskje prøve en til småen min også, i et kløfritt garn!

    SvarSlett
  4. Flotte halser! Og grønnfargen er helt uimotståelig knall!

    SvarSlett
  5. Kjempeflotte halser, de ser så myke og gode ut! Kopptuer får man aldri for mange av.... :O)
    Morsom innpakning!

    Ha en fin og frisk søndag!

    klem

    SvarSlett
  6. Praktiske og flotte halser i fine farger. Perfekte barnegaver!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails