Sider

fredag 25. mars 2011

Still light tunika


Eg har sikla over denne oppskrifta lenge og endeleg hoppa eg i det. Ein smule inspirert av Caloweena. Tunikaen er veldig populær på Ravelry med ikkje ferre enn 387 prosjekt ferdige eller i gang. Det kan eg godt skjøna. Sikkert fleire av de der ute som har strikka den allereie. 

Designaren er finske Veera og 100% rain som er ein av favorittane mine i bloggeverda når det gjeld stilig og fargesterk design.

For fyrste gong i mitt liv har eg hive meg på ei oppskrift på engelsk, men det går i grunnen forbausande lett så no kan eg berre angra på at eg har venta så lenge. Garnet er Tynn alpakka kjøpt på Husfliden. Gode gamle Husfliden. Må seia eg var litt overraska om ikkje forferda då eg måtte læra ei av damene der om Ravelry, men eg kan også ver opplysningskontor for mønster og strikk.

Sist helg var eg på "bli ny"-kurs i Oslo eller nærare bestemt Sandvika så no har eg fått ekspertuttalelse på at grønt er ein kledeleg farge for meg sidan eg er VÅR og har grøne auge. Eigentleg visste eg dette, men sidan mor mi er så glad i grønt at ho også helst et godteri som er grønt så har eg halde litt tilbake på den fargen. Det var på tide å la alt det fare så eg har vald å strikka tunikaen i eit flaskegrønt, melert garn. 




Tunikaen skal strikkast frå topp til botn og sidan SM i mønsteret tyder Slip Marker så tenkte eg det var på tide å kjøpa seg maskemarkørar. Det har vore inkjeeksisterande i mi verd til no i dag då dei vakre markørane eg kjøpte av Mono til stor glede låg i postkassa mi. Takk!!!

8 kommentarer:

  1. Det blir nok en tunika som kommer til å bli flittig brukt! Grønt er utrolig flott på de som kler det, så det blir nok perfekt til deg! =)

    Så hyggelig at markørene falt i smak! Håper du vil trives med dem i bruk, også! ;)

    God helg!

    SvarSlett
  2. Still light sikler jeg på også. Mønsteret er kjøpt, men jeg er fortsatt en kilometer unna å begynne.

    Flotte maskemarkører, mono er flink!

    SvarSlett
  3. SL tenker eg på og. Lurer på å strikke den, men må finne det perfekte garnet først. ;) Og så var det alt det andre som skal strikkast då. ;) Eg har strikka Plain and simple av same desginar og den er eg kjempenøgd med! Ha ein fin søndag.

    SvarSlett
  4. Flaskegrøn - er en smuk farve :-)

    God søndag

    SvarSlett
  5. Så modig du er som setter i gang med et så stort prosjekt, men premien er en riktig lekker sak!
    Takk for oppussingstips, tror det blir mørk bordplate som du foreslår!

    SvarSlett
  6. Ja, det perfekte garnet er ein kunst å finna Torunn. Trur i alle fall eg har funne den perfekte farge :-). Lukke til Judith. Gler meg til å sjå resultatet.

    SvarSlett
  7. Hei Mette!
    Send meg en mail på hektapaastrikk@hotmail.com så sender jeg deg oppskriften på selebuksen. Lykke til med tunikaprosjektet:) Denne oppskriften er bare så utrolig fin!

    SvarSlett
  8. Det ser spændende ud :) Glæder mig til at se mere til tunikaen. Det er en skøn farve.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails