Sider

tirsdag 15. mars 2011

Hooked on a feeling



I helga feira eg 40årsdagen min i lag med ei veninne. Ja, eg vert 40 år i neste veke. På eitt vis ikkje nøgd med at eg allereie er 40, men så måtte eg jo realitetsorientera meg sjølv og påpeika at det er jo makalaust å ha vorte sopass vaksen. Det kunne vore verre skjebnar.


Mi veninne er god på detaljar (ingen tilfeldigheit at eg ville feira med ho) så vi hadde raud løpar og anna stæsj på plass i denne vakre stallen frå 1700-talet som er under oppussing  til å verta eit selskapslokale. Det er berre å gle seg til Starefossen Vel har gjort alt dugnadsarbeidet ferdig.

På nytt har eg fått sjansen til å bruka ein av bestemor mi sine gamle kjolar frå 50-talet. Eg kjende meg som Red/Joan frå Mad Men. Den sit som støpt så eg skjøner kvar eg må ha fått kroppen frå. Det er rart dette med arv.


Må seia det i grunnen er ganske stas med talar.... Ugift og ufeira som er eg så var dette fyrste gong og det ga meirsmak. 

Mi chilenske veninne hadde laga pinata til oss.

TAKK!!!!


9 kommentarer:

  1. Gratulerer! Det høres ut som en fantastisk kveld.

    SvarSlett
  2. Gratulera med dagen. For ein flott 40 åring.

    SvarSlett
  3. Gratulerer! Det er kjekt med fest, selv om det kan virke litt too much i forkant. Angående 40 har jeg bare positivt å si, jeg ligger så og si to år foran deg i løypen, og bare tallet blir vant, så er det liv laga!

    SvarSlett
  4. Tillykke :-) Du ser fantastisk ud !!!!!!

    SvarSlett
  5. Gratulerer med vel overstått! Flott kjole og flott førtiåring! :)

    SvarSlett
  6. Feiande flott som alltid!! Til lukka med overstått!

    SvarSlett
  7. Tusen takk skal de ha. No har eg då også fyllt 40 år i over ei veke til ende. Vil absolutt tilrå stor feiring når ein går over i ny tidsalder så får ein kjensla av å gjera det med stil på ei positiv bylgje.

    SvarSlett
  8. Gratulera så masse med overstått 40 år, Mette! Når eg ser kor flott du er - gruar eg meg ikkje det minste til å bli 40:-)

    Klem

    SvarSlett
  9. Gratulerer så mye på etterskudd ;) 40 er ingen alder ;)Fin kjole og flott 40 åring;)

    (og husk 40 bare er en fysisk alder, den mentale alderen betyr mer, og er som regel mye lavere ;) )

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails