Sider

søndag 2. januar 2011

Strikkeåret 2010


Så var nok eit år til ende. Sjølv om det kjennest som i går så har det unekteleg skjedd mykje sidan same tidspunkt i fjort og for ikkje å tenkja på i forfjor. I forfjor hadde eg fått vita for 4 dagar sidan at eg hadde vorte mor til ei lita jente. 2. januar ringte eg på barnevognannonsar på raud vogn på Finn for å få kjensla av at adopsjonen hadde materialisert seg meir enn berre eit bilde av ei lita jente. 

I dag har vi vore på juletrefest og ho dansar rundt og snakkar som ein foss i ei blanding av bergensk, trøndersk og nordnorsk. Det er eit herleg liv.

I 2010 trur eg at eg har hatt 44 prosjekt på pinnane. Det er takka vera dei 11 vottepara eg produserte før jul at talet steig sopass. I forhold til nokre av storstrikkarane her inne kjenner eg meg som ei sinke. Av alt eg har strikka er visst berre to av prosjekta til litjpia. Ho har derimot fått 4 strikkeplagg til jul og ei kofte er på veg frå besta så det er ingen fåre. 

Collagen inneheld ikkje på noko sett og vis alle prosjekta, men det er eit lite og ganske representativt utsnitt.

GODT NYTT ÅR TIL ALLE SOM STIKK INNOM!

7 kommentarer:

  1. Du har jammen vært produktiv i året som har gått!

    Og godt nytt år til dere!

    SvarSlett
  2. Godt nyttår til deg! Så mykje fint du har laga ifjor!(rart å kalle 2010 ifjor..;-))

    SvarSlett
  3. Ønsker deg et godt nytt strikkeår, dette var slett ikke lite!

    SvarSlett
  4. Godt nytt år til deg også! Så mye fint du har laga på strikkefronten også har du jo et liv ved siden av også! :)

    SvarSlett
  5. Og det var oss du ringte til angående den røde barnevognen:-). Koselig at to vakre jenter adoptert fra Etiopia skulle få bruke den vognen. I tillegg var det veldig kjekt å få skravle adopsjon med en som syntes det var kjekt å høre på maset vårt:-) Du imponerer stort med strikkeproduksjonen din. Det må være stooor forskjell på din jente og mine.....for jeg får ikke gjordt noe håndarbeid....;-)

    Camilla:-)

    SvarSlett
  6. Godt nyttår og takk for inspirerande blogg! Eg kikkar stadig innom. Du har imponerande tempo på strikkinga.

    Kristin

    SvarSlett
  7. Ja, det var det Camilla. Det var eit lukketreff.
    Hyggeleg med koselege kommentarar :-)

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails