Sider

lørdag 8. januar 2011

Ny jakke og lue med daisies

Dette er vel ein av dei få oppskriftene eg har skrive ned, og eg liker å laga nye kombinasjonar av fargar på dette mønsteret. Modellen er også veldig fin på. Ermene ser litt store ut i forhold til bolen tykkjer eg sjølv når ein ser den på ein hengar, men bolen sit utruleg fint på kroppen og då kjem også dei litt vide ermane til sin rett. 


Denne gongen har eg også laga nokre daisies på ermene. I tillegg har eg laga ei lue delvis etter mønster av Myk start sitt mønster. Eg har laga ein annan versjon før.







Eg hadde kjøpt noko Baby wool garn på Stoff og stil som eg brukte til denne jakken. Eigentleg hadde eg tenkt å ha blått på heile ermene og bolen, men etter å ha strikka eitt erme såg eg at eg ikkje hadde nok så då endra eg plan og tok til dei to nøstene med lilla eg hadde. Eg hadde allereie strikka nedre delen av bolen med daisiane så eg heldt meg til ideen med mansjettar og volangane i blått. I tillegg måtte eg legga til nokre rekker med daisies på ermene for å drøya garnet. Til slutt viste det seg å vera eit fint val. Det var artig med litt meir variasjon.

E

9 kommentarer:

  1. Fin lita jakke. Du er flink.

    SvarSlett
  2. Du er virkelig flink til å strikke! Flott jakke. Har faktisk fått litt strikkedilla jeg også, strikka to luer i jula...men, av den enkle sorten og på tykke pinner....

    SvarSlett
  3. Dette blei ei veldig fin jakke. Liker så godt dine fargerike plagg!

    SvarSlett
  4. Fantastisk sett:=) Daisies er noe av det fineste strikkeriet jeg vet!

    SvarSlett
  5. Så fine fargekombinasjonar! Eg driv og strikkar daisies-mønster no, diggar det!

    SvarSlett
  6. Ja, daisies er absolutt ein favoritt for tida :-)

    SvarSlett
  7. så søt den ble:)


    god helg:)

    SvarSlett
  8. neimen så søt!
    Den lua falt jeg helt for. Har mange ganger missunt barn som kan gå med slik uten å bli sett rart på... :D
    God helg!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails