Sider

tirsdag 21. desember 2010

Jul i vintage arvegods

Som eg har sagt tidlegare så har eg vore med og rydda på loftet etter besteforeldra mine. Der var det mange gamle klede. Deriblant denne kjolen.

Den var mormora mi sin og mor mi trur ho brukte han på slutten av 40-talet då onkelen min var liten gut. Sidan oldefar min var skreddar er det også mest sannsynleg han som har sydd han. 

På føtene har eg farmor sine gamle sko frå 30-talet då ho var ung og gjekk i selskap. Dei har nesten den same fargen.

Mest overraska er eg over at han passer så godt som han gjer. Eg tenkjer på bestemora mi som lita og nett, og sikkert 10 cm kortare enn meg. Men han sit faktisk som støpt. På innsida har eg til alt overmål ein av dei gamle underkjolane hennar.




Diverre er lyset på årets kortaste dag ein sorgens kapittel så det er absolutt ikkje tilrådd å zooma bildene. Litjpia har også grisa på linsa ser det ut til slik at eg har fått ein imaginær flekk på kjolen. Det får de bæra oer med. Eg kunne berre ikkje dy meg for å visa han fram.

3 kommentarer:

  1. Så flott kjole og lekre sko! Det ser ut som juleantrekket er i boks! Så hyggelig å kunne bruke klær på nytt, spesielt når det er sydd av en i familien! :)

    SvarSlett
  2. Fantastisk fin kjole og fine skor! Du kledde både fargen og passforma utruleg godt!

    SvarSlett
  3. So fin du vart i bestemor-kjolen! den kledde du veldig godt

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails