Sider

torsdag 30. juli 2009

Etiopiske kjolar









Det vanlegaste stoffet vi såg i Etiopia var laust vevd, tynt bomullsstoff - om lag som gas. Stoffet vert gjerne brukt i to eller fleire lag slik at det vert lunt og kanskje også svalande på sumaren. Det var utruleg lekkert og mjukt. I tillegg er dei tradisjonelle etiopiske krossa nytta som symbol.

Eg kjøpte med meg ein typisk, tradisjonell kvinnedrakt heim. Sidan eg elskar raudt så falt eg pladask for denne drakta som var utruleg deilig å ha på. Vi kjøpte også med ein barnevariant i blått, men ein av dei vanlegaste fargane var svart. Av den faste sjåføren vår Zewdu fekk vi vita at ein bruker desse draktene til høgtider, sundagar og fest. Kjolen med turkis band er den typiske småjentemodellen. Dei fargane eg såg var denne turkise, rosa/lavendel og ein slag gull/beige/gul. Alle kjolane hadde også eit lite sjal.

Dei er så fine at eg ikkje kunne dy meg for å dela dei med andre.

mandag 27. juli 2009

Hentekjolen





No har det vore ein laaaang pause på bloggen, men som de kanskje skjøna ut frå siste innlegg så har eg vore i Addis, Etiopia. Eg har vore nede og henta heim dotter mi på 14 mnd. Trur nok at ulltrøyene til mamma kom godt med for det kunne vera rimeleg kalt på natta medan vi var der nede.

For å prova for meg sjølv og andre at eg er ei "skikkeleg" mor så hadde eg sjølvsagt strikka hentekjole til litjfrøkna. Eg hadde strikka 1 årsstorleik, men ho er nok berre ein 74 (9-12 mnd) så kjolen vart litt lang.

Utgangspunktet var eit mønster frå Mandarin barn

For storleik 1 år legg ein opp 328 masker og strikker diverse holmønster i 10 omgangar. Holranda som ein ser fleire stader på kjolen strikkast ved å strikka to saman og så gjera eit kast, strikka to saman og nytt kast. Det er ein omgang vrang på retta før holkanten, ein omgang rett over holkanten og så ein omgang vrang på retta. Så strikkar ein 24 omgangar med diverse holmønster før ein feller av ved å strikka to saman, strikk ei maske og så to saman. Så strikker ein til arbeidet måler 29 cm før ein feller av på same måte igjen. Då skal ein sitja igjen med 134 masker. Mellom desse omgangane der ein feller kan ein velja diverse holmønster eller flettemønster eller berre glattstrikk. Det vil uansett vera effektfullt dersom du lagar holkanten. Når ein har kome til 134 masker så strikker ein glattstrikk til arbeidet måler 37 cm. No deler ein av til ermehol ved å fella 1 m i kvar side slik at det vert 66 masker på framstykket og 66 på bakstykket. Fell til ermehol i kvar side (3,2,1,1,1) og strikk til ermehola måler 7 cm både på framstykket og bakstykket. Halsringinga byrjar ein med når ermehola måler 6 cm. Fell dei 14 midterste og så 2,1,1,1 i kvar side på annakvar pinne. Heil lengde på plagget er 48 cm.

fredag 10. juli 2009

13 ullbukser og 10 vestar på veg til Etiopia




Om tre dagar reiser mor mi og eg ned til Etiopia og Addis Abeba for å henta datra mi. Spenninga står unekteleg i taket, men fyrst skal vi i bryllup. Her går det unna. Mor mi er ein større recer til å strikka enn meg og tok oppgåva på alvor då eg i mars fortalde ho at Adopsjonsforum sa at barneheimen trong ullklede. Ho meinte nok at eg skulle strikka trøyer, men eg må seia at fokus låg på ei lita jente og ikkje på alle dei andre. Så i slutten av mai byrja ho på dei 10 trøyene. Eg fekk til slutt strikka ein jakke.

Her er oppskrifta på trøya:
Bolen er anten 140 eller 160 masker. I tillegg er det 8 masker knappekant på kvar side så då skal du leggja opp 156 eller 176 masker. Arbeidet skal strikkast fram og tilbake på pinne 2,5 dersom ein nyttar nøstebarngarn, baby alpakka eller baby ull. Dei 8 knappekantmaskene strikkast rett frå rettsida og rett frå vrangsida. Resten av arbeidet strikker ein to rette og to vrange. Sjå bilete. Strikk så 20-30 cm (alt etter storleik på barnet) til du kjem til armhola. Då deler du arbeidet i tre for den minste deler du i 41, 74, 41 inkludert knappestolpen. Den store 46, 84,46. Strikk 5 eller 7 cm før du byrjar på halsfelling. Fell anna kvar omgang 9 masker (heile knappekanten), 3 masker, 3 masker og 3 masker. Strikk gjerne til armhola er ca 8-10 cm. Knapphol høgre side for kvar 11 rille, men det fyrste etter 6 riller. Strikk 3 makser fell to masker og strikker dei tre siste på neste runde legg du på to masker over der du felte sist. Då får du 4 eller 5 knapphol på arbeidet. Knappekanten har ein tendens stil å verta litt trekkspel og difor kortare difor kan du 8 gongar i løpet av arbeidet strikka fram og tilbake berre på knappestolpen før du byrjar på trøya igjen. Strikk saman eller mask saman på skuldrene.

tirsdag 7. juli 2009

Draumesengene



Har nett vore ute på landstedet og stelt i hagen. Det er utruleg som det gror i blomebedet mitt. Faktisk var det så tett etter berre eitt år at eg måtte flytta nokre av plantane slik at dei kom til sin rett.

Ut ifrå dei tidlegare bileta kan det jo sjå ut som om det berre er ei innbygd seng på loftet, men nei, der er det faktisk tre slike senger inspirert av Zansibar. Ei blå med forheng av ein sari eg kjøpte i Stone Town på Zansibar, ei granateple/lilla og ei oransje. Dei to siste har forheng av stoff eg kjøpte ved Montmartre i Paris Der var det grisebillig stoff å få kjøpt i bugnande stoffbutikkar. Eit reint eldorado. Må seia at eg sleit litt med å få inn dei to sengene på bilete og så er det litt vanskeleg med lysforholda der inne. Vel, her har de i alle fall dei to andre sengene også. To av dei er 1,2 m breie medan ein var spesialprodusert og 1,1 m brei. Madrassane er kjøpt direkte frå produsenten Coronet madrasser i Ytre Arna. Ei veninne av meg og eg køyrde innom fabrikken og klarte å stappa alle tre inn i bilen. Det såg berre ikkje ut, og det tøyt madrassar ut alle vegar. Dei er gyseleg gode å liggja på faktisk trass i at dei er skumgummimadrassar. Produsenten lagar madrassar for helseinstitusjonar og dei er av betre kvalitet og tjukkare enn nokre av dei skumgummimadrassane mange av oss har lege oss skakke på. I tillegg er dei kledd av stoff. Så eg vil absolutt anbefala dei.

mandag 6. juli 2009

Vasstette uteputer


Eg fann endeleg ut at Stoff og stil også finst i Bergen. Gjekk litt amok på veg til landstaden min. Har hatt litt dilla på uteputer i voksduk i det siste. Ganske så anvendeleg her på vestlande når vatnet kan koma til å detta ned i bøttevis. Dessutan er dei fantastiske til luking for å unngå såre kne. Ungar kan dra dei med over alt og grønske er eit lite problem. Rett nok kan ein verta litt sveitt i baken i sommarvarmen, men det er eit mindre problem. For meg er dei heilt fantastiske om morgonen på steintrappa frå 1889 når eg nyt morgonkaffen.

På baksida har eg vald eit litt stivare, heilt kvitt vaksdukmateriale som dei har både hjå Åhlens og Stoff og stil. Åhlens har den rosa med kvite og grøne blomar. Dei andre to er med stoff frå Stoff og Stil. Det er superenkelt. Fyllputene har eg delvis kjøpt på IKEA eller Stoff og stil (mykje Stoff og stil her.... øh). Klipp ca 3-4 cm saumrom med vaksduk utanfor putene. Så syr du ein konvolutt - altså på tre av sidene. Putt puta inni, brett kantane inn på den opne sida og lukk med ein maskinsaum. Det er lurt å la det vera litt opning i kvar side for putene har ein tendens til å fylla seg opp med luft og så får du "fisepute" når du set deg på dei dersom opningen ikkje er så stor. Men det kan jo vera gøy.... ikkje minst for den yngre garde.

lørdag 4. juli 2009

Kjøkendraumar








Den siste eigaren bygde komfyr og skuffer inn i den gamle grua på kjøkenet. Det vart i grunnen veldig praktisk og flott. Den grua er jo eigentleg heilt fantastisk i seg sjølv. På mange måtar er dette yndlingsrommet mitt. Den er sentrum i huset med hovudinngang, utgang bak, trapp opp i andre etasje og inngang til dei to stovene. Dei førre eigarane har malt veldig mykje heilt ljost, og då er det oppkvikkande å hiva på litt farge. Difor valde eg knall gult på veggen mot baksida av huset. Legg merke til at vindaugskarmen og døra er malt i same farge slik at det vert ein heilskap. Til kjøkeninnredninga, ytterdøra og vindaugskarmen mot framsida av huset har eg vald ein himmelblå farge. Eg liker å sjå koppar og kar og tykkjer overskap stenger rommet så førebels har eg berre tatt av skapdørene.
Her ser de bilete før og etter målarpenselen.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails