Sider

fredag 4. desember 2009

Stopping


Eg kan ikkje fordra å strikka sokkar. Det er noko med sokk nr to og at sokkar stort sett gøymast i sko som ikkje gjer det til noko favoritt, men eg elskar å ha heimestrikka sokkar.


Diverre slitt eg sokkar som berre fy trass i nye påfyll frå mor mi og ymse andre som gamle tante Solveig til dømes.


Så då er det heldigvis slik laga at eg også er veldig glad i å stoppa sokkar. Det har eg også lært av far min. Han er også glad i å stoppa sokker. Ei vedkjenning han nett har kome med.


No har eg nett hatt ei ny økt i stoppinga. Eg hadde lagt til sides og spart opp med tanke på alle desse timane eg hadde i sofaen etter at eg vart mor. Det var rett nok før eg fekk strikkeanden over meg igjen, men altså her har de diverse nybøtte sokkar. Legg merke til at eg gjerne nyttar bøtegarn av heilt annan farge. Ein må jo sjå at det har vore arbeid på gang.

5 kommentarer:

  1. Jeg har samme forhold til å strikke sokker, så dermed har jeg ingen å stoppe heller. Kjøpesokkene mine (Ullvang) er det tydeligvis mye nylon i, de slites overhode ikke! Ha en fin fredagskveld! :)

    SvarSlett
  2. Eg likar og å stoppe. Og eg likar det best utan stoppesopp. Men no gjer eg det aldri lenger, fordi det er tusen andre ting, alltid.

    Usamd med Vibeke - her i huset slit me ullvangsokkar som berre det. Det er den saumen under tærne som går, og den går alltid under stortåa. Difor er det lurt med masse ulvangsokkepar i same farge, slik at ein kan kaste ein men bruke hin.

    Og det var vekas handarbeidkommentar.

    SvarSlett
  3. Det var eit artig innlegg. Eg og stoppar sokkane, men prøver å finna så lik tråd som muleg. Det treng eg visst ikkje lenger! Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  4. Hi, hi, artig med kommentarar på denne. Ja, stopping er best utan stoppesopp. Det har eg aldri eigd :-)

    SvarSlett
  5. Stopping, ja. Der sa du noko. Eg har ein pose full av ustoppa sokkar ... Men det er jo ikkje akkurat mangel på tilvekst av sokkar, heller, så det er inga krise. Men likevel: Dette skal eg få gjort noko med! Eg har heller aldri opplevd at det har gått hol på Ulvang-sokkar. Kanskje fordi eg aldri går på ski, slik som de i Jostedalen gjer? Eg har derimot opplevd at dei mistar elastiteten og blir slappe i fisken. Utan at eg trur det har nokon samanheng med livsstilen min.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails