Sider

torsdag 5. juli 2012

Blomsterglede


Det er deilig å rota rundt i jorda og sjå korleis ting veks rundt ein.

I dag har det vore strålande vær her som så mange andre stader. Litt dårleg planlegging kanskje å setja ned trær og buskar då når ein også skal reisa vekk. Har no vatna etter alle kunstens reglar og håper at været yr har lova kjem som det skal. Hjelp, ser no at regnet ikkje skal koma før på sundag. Då er det berre å kryssa fingrane.

Har sett ned rips, solbær, japansk prydkirsebær og to buxbom samt flytt nokre få takløk. Dei siste tåler jo det meste og kan eg for so vidt berre setja avleggjarar av ein annan gong dersom det ikkje skulle overleva eit par dagar med sol. 


Elles ville eg visa peonen min. Eg må jo ha noko å kika på medan eg er i Hammerfest. Det er Moseplassen som har utfordra oss til å visa fram peonane våre. 

Min peon fekk eg av ei veninne. Han trivst visst betre hjå meg enn hjå ho for min har i alle fall litt fleire blomar. Ofte har dei vore avblomstra før eg fekk sett dei, men i år har eg nytt i rikt mon.

tirsdag 3. juli 2012

Hagedrøm


Endeleg er uteplassen ferdig. Etter å ha kika på denne elendige plassen i fleire år så beit eg i det dyre eplet og fekk hjelp av ein anleggsgartner. Det får jo vera grenser for kva ei fulltarbeidande åleinemor skal driva med på eiga hand. 

Her ser det både før og etter bilete. No gjenstår det berre å fylla i med plantar og litt putlearbeid som eg kan styra med sjølv. 


Kan informera om at den trampolina har eg satt opp heilt åleine. Det tilrår eg ikkje. Hadde mor mi kome med nokre velmeinte kommentarar då eg sto der og sleit som verst så hadde eg frøst.

Anleggsgartneren er noko av det mest joviale og sjarmerande eg har møtt på lenge. Han har halde alle lovnader og er ein slik "dette fikser vi" type som det er ein fryd å møta. Oddvar Jersin - Hagemannen gjer mellom anna nydeleg steinarbeid. Finst også på Facebook. Etter skodespelarutdanning og prosjektleiar i Telenor og Ericsson i Marokka fann han ut at han ville vera anleggsgartner. Gøy. 



Må også visa eit bilete av den kjære tørrmuren som eg bygde i lag med bror min. Buhu, den er no historie så då er dette det minnet eg har. 

Skulle gjerne hatt nokre solbilete nett no, men det får koma seinare. Ikkje ferdig med denne hagen nei.

onsdag 20. juni 2012

I mitt rette element


Då er Nordisk kongress i gynekologi og over. Vi hadde flotte dagar i Grieghallen og alle i den lokale organisasjonskomiteen gler seg og tykte vi gjorde hadde fått til ein strålande kongress. Sjøl skrytt er vel skrytt. 

Bra fagleg program, nok mat og underhaldning. Eg hadde mi til no største songoppleving då eg fekk opna kongressen med å synga Nystemten a capella, solo i konserthallen for nokre hunder menneske. Fantastisk klang.


Vulvaen kom seg opp og no har eg for fyrste gong fått erfara å koma ut av ein vagina..... Eg er nemleg resultatet av eit planlagt keisersnitt. Berre kring 2% av alle barn vart fødd med keisersnitt i 1971.

Elles kan de lesa litt meir om meg i dette intervjuet i Legetidsskriftet.

søndag 10. juni 2012

Sommar og blomar

Jobber iherdig med å få litt svung over hagen på Tysso. Noko blømer jo som berre juling. I det eine bedet måtte eg faktisk byrja å tynna litt ut av ein blå sak som formeirer seg som berre nøkken. Den heldt på å fullstendig skuggeleggja ein fin hosta eg har. No har eg flytta litt av den bort i eitt bed som slit litt meir. Der kan den godt få formeira seg litt meir.


Hagearbeid gir meg freid i sjela. Skal ikkje påstå eg er noko naturtalent eller har så mykje kunnskap og innsikt, men det er koseleg å plukka ugras, flytta litt på planter og planta nytt.



Ha nokre fine dagar.

torsdag 7. juni 2012

Lekker lampe


I dag har eg vore på ein av mine favorittkafebutikkplassar. Nemleg Patina på Evanger. Eg må alltid innom der dersom eg køyrer forbi og dei er opne. I dag skulle eg henta Litjpia som har vore på eit lite ferieopphald i Ulvik grunna streiken. Evanger er ca midt mellom Ulvik og Bergen.

Fekk oss ein kaffe og deilige smørbrød i solsteika i tillegg til å kunna suga inn den gode atmosfæra. 

På vegen klarte eg rett nok å irritera meg grøn over ein bil som laga kø. Det er lov å køyra sakte, men då må ein sleppa folk forbi når ein ser ein lagar kø. Denne bilen bremsa ned i 60 når den køyrde inn i tunnelar og når vi kom til stader der det var høveleg å køyra forbi så suste den opp i 80 og auka farten i det eg køyrde forbi. Arghhh....

Vel, vel, dette skulle jo handla om den nye lampa mi. Er den ikkje strålande vakker i all sin pastell? Lurer no på om eg må byta leidning også eller berre kontakt for å få den inn i dei jorda støpsla. Den fann eg hjå favorittkafebutikken min på Evanger. 


Ha ein strålande kveld.

mandag 4. juni 2012

Krisebarnehage

Litt lei av streik no kjenner eg. Det er sjølvsagt greit å ha ein fleksibel jobb når barnehagen er stengt. Bestemor var her nokre dagar, men måtte heim igjen til trøndelag. I dag har eg hatt naboen sine ungar i tillegg til Litjpia. Heldigvis fekk eg selskap av ei veninne til med baby og litt småsjuk 3-åring så kunne i alle fall mødrene få litt vaksenkontakt.

Det pedagogiske opplegget var eit minimum. Heldigvis var det få tilløp til kriser og krangling. Slik kunne pedagogikken haldast på eit reint lite fredsløysande minimum.

Kosten har bestått i medbrakte potetlefser og gulrot til frukost, fødselsdagsgeleen eg gløymde å servera i Litjpia sin fødselsdag og fiskepinner med agurk. 

No er huset bomba og Litjpia har reist på tredagers opphald til Ulvik med besta.



Tenkjer eg med dette har lagt inn ein fin, fin søknad som familiebarnehage.

søndag 20. mai 2012

På gamle brusteinstier i Valencia


Ah, kor herleg var det ikkje å vera attende i Valencia. Eg må berre seia at den som ikkje har vore her enno bør ta seg ein tur. Kvifor må alle på død og liv reisa til Barcelona på storbyferie når ein har Valencia. Det er den 3. største byen i Spania og eg tør påstå den har Spanias finaste plaza - Plaza de la Virgen. 

Veninna mi og eg vart kjend her for 15 år sidan. Litt merkeleg å tenkja på at det har gått så mange år, men så har vi jo vorte ferdig med studier, spesialisering, fått oss nokre ungar etc så det er kanskje ikkje så rart at det har tatt nokre år. I tillegg var det 10 år sidan vi hadde vore her saman. Det var difor mykje mimring som skulle utførast. Slettes ikkje vanskeleg når vi fekk leigd oss ei leiligheit rett på andre sida av gata frå der vi budde i hine hårde dagar. No var det berre å traska dei same vegane til plazaen, Calle Caballeros, El Mercado Central, Pappardella osv. 

Må få nytta høvet til å skryta villt og hemningslaust av våre vener på La Pappardella som lagar fantastisk god pasta. Eg hadde gløymt at pasta kan smaka så godt. I tillegg ligg restauranten rett ved plaza de la Reina som og er rett ved katedralen. Vi hadde fast bord her ein gong i veka for 15 år sidan. Det fyrste året dei hadde opna restauranten sin. Gjennsynsgleda var stor på båe sider. 

Til alt overmål hadde veninna vår bestemt seg for å gifta seg nett denne helga så vi fekk med oss eit intimt og hyggeleg bryllaup i Xativa.

Det einaste skåret i gleda var at grunna bryllaupet gjekk eg glipp av strikkekafeen i Valencia - Valencia knits.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails