Sider

onsdag 6. oktober 2010

Ribbebukser og svidd pizza

Mor er heime åleine og tenkte å gjera det enkelt med kjøpepizza. Hmpf, no har eg altså klart å svi han medan eg koste meg med å snoka rundt i bloggesfæren. Men eg tilgir meg sjølv under tvil sidan eg har vatt i hovudet etter å ha jobba i heile natt.

I staden skal eg visa fram ei av ribbebuksene eg driv og strikker på. Litjpia var ein litt uroleg modell, men ho byrjar i det minste å verta litt meir glad i å verta fotografert. Dei har IKT som satsingområde i barnehagen, tar masse bilder og ungane er med på å legga dei inn på data så no har eg også fått meg ein ivrig fotograf i heimen. Det er veldig mange fingrar framfor linsa...

Mor mi har forenkla ribbebuksemønsteret slik at ein heile tida skal kunne strikka på rundpinne. Eg er diverre nesten allergisk mot 5-pinner så det er nok ein av grunnane til at det er lite votter og sokker på denne bloggen.

Det geniale med ribbebukser er jo at ein kan strikka dei litt lange slik at dei kan vare litt lenger sidan ein berre kan bretta dei opp. 



Eg liker godt å strikke på pinne 2,5 og tykkjer også at ribbebuksa vert finare då. Nøstebarn si bukse vert liksom litt slaskete. Vel, vel, håper i alle fall 4-5åringen som skal ha denne buksa vert fornøyd. Vi har mottatt masse arveklede frå ho og dette er ein liten takk for alt som kjem vår veg.

Garnet er diverse eg hadde liggjande. Ein god del av det er faktisk garn eg fekk av Lise.

søndag 3. oktober 2010

Lillestakken i ny versjon

Eg er fan av Myk start og denne kjolen har eg strikka til Litjpia også. Ho er ein liten toåring og har framleis glede av kjolen i storleik 9-12 mnd. 

Denne gongen har eg strikka til ei lita vakkerdokke som også var veldig lita då ho vart fødd. Ganske så nøgd med dei graderte stripene som gir eit litt retro preg.

Eg har nytta alpakkaull. Det er nok ein av mine favorittar av di eg elskar den mjuke kjensla.

lørdag 2. oktober 2010

Innvollar - gamal skuleplansje

For ei tid til bake var eg på nytt innom Patina på Evanger. Ein fantastisk fin butikk og kafe som alle burde stikka innom på vegen mellom Bergen og Voss. Dei hadde Balkanfest den dagen, og eigentleg måtte ein betala inngangspengar for å få gå inn på området der også Patina ligg. Heldigvis har dei omsut for ei vegfarande kvinne i naud som hadde stogga for å kjøpa ei gåve på vegen til Ulvik. Takk skal de ha!


Der fann eg denne fine gamle skuleplansjen over innvollane våre. Sidan eg er gynekolog og med det kirurg som opererer i magen om enn ikkje på tarmar så tykte eg den passa heilt perfekt. Meir perfekt hadde det berre vore dersom eg hadde funne ein planseje over dei kvinnelege kjønnsorgana.


No har endeleg plansjen kome på veggen.


Eg har også endeleg fått tatt bilete av puta som Judith etterlyste fleire bilete av. Ei pute som bestemora mi har hekla. Fargane sto også veldig fint til plansjen ;-).

søndag 26. september 2010

Living white


Er eigentleg ikkje heilt mi greie, men no vart det krittkvitt i den eine stova på Tysse. Det er berre vindauge i den eine enden og ikkje så høgt under taket. Med dei raude dragarane som var der før, den aprikosfarga veggen og den mørke parketten så hadde eg ei kjense av å verta skvist i midten. Taket falt i hovudet på meg. Så då vart det kvitt og ljost grått golv. No skin det skikkeleg der inne. 


Eg hadde hjelp av diverse bæremannskap for to veker sidan som bar alle møblane ut. I helga var det berre meg og Litjpia så då var det smått med bærehjelp trass i at ynsket om å "gjøre sjøl" er stort.


Bilda er difor tatt i eit provisorisk innreidd rom, men det var herleg å flytta inn i malingslukt og flombelysning.

I går gjorde eg ikkje anna enn å ligga på madrassen og løysa VG og BTs 16 siffers zudoku. O lykke ;-).




Vi har dessutan hatt strålande vær. Lutane er besøkt og blomane har fått stell.

mandag 20. september 2010

Dr Løkelands helsekost


Medan vi venter på dei derre ullbuksene så skal eg dela ei aldeles fantastisk oppskrift med dykk. Eg kaller det kake, men det er eigentleg meir konfekt, og den er ein absolutt vinnar. 


Eg fekk med meg oppskrifta då eg var utvekslingselev i hine harde dagar i Brisbane, Australia der eg gjekk på Ferny Grove Highschool. Mor mi var ein racer på kjøkenet noko som delvis forklarer kvifor eg gjekk opp 10 kg på eit halvår. Ho var også med på Weight Watchers (Grethe Rohdes inspirator) slik at eg klarte å gå ned igjen før eg reiste heim. Vel, vel, nok om det. Ein kan ikkje snakka om vekt og slanking når ein skal presentera tidenes kaloribombe.



Botn: 
250 ml kveitemjøl (sikta seier oppskrifta, men det er eg for lat til)
250 ml kokos
250 ml lettpakka brunsukker (den typen som vert til stein viss han står for mykje i fri luft)
125 g  smør
2 tsk   bakepulver

Bland godt og press det så ut i ei form på 18x28 cm eller lag dobbel porsjon til langpanne.
Steik i 10 min på 180 grader

Karamell-laget:
2 boksar sweetened and condensed milk (kjøpast på importbutikkar)
2 matskeier sirup (helst lys, men eg har også brukt mørk)
30 g smør

Bland dette og kok det i mikro eller i ein kjele. Eg koker det opp til det er i ferd med å bobla seg over kanten, trekker det av plata til det roer seg og gjentar dette til det har fosskoka  4-5 gonger. ( ser no at i oppskrifta står det kok opp og la det koke i 5 min på svak varme) Poenget er sjølvsagt at det skal verta tjukkare. Heller det så over botnlaget og set i omnen på 180 grader i 10 min. La det avkjøla.

Sjokoladetrekk:
200g kokesjokolade, mørk eller lys
30g delfiafeitt.
Smelt det saman i eit vannbad og hell så over karamellaget.

Enjoy!
Denne kaka er nesten alltid ein suksess, og den eigner seg best i små porsjonar.

søndag 19. september 2010

Jakka har fått nydeleg eigar

I blest og piskande regn koste vi oss inne hjå denne vesle karen som vart påtvinga ei ny og alt for stor jakke.

Mora var i alle fall nøgd.

For tida strikker eg elles på tre ullbukser til tre fine jenter som har donert store delar av sine fråvokste garderobar til litjpia. Kan ikkje seia at eg elsker å strikka ullbukser, men det er veldig tilfredsstillande når dei er ferdige. Bilete kjem seinare. Det er dårlege fotoforhold i regntunge Bergen for tida.

torsdag 16. september 2010

Forviklingsdo

Etter tre veker utan anna nettkontakt enn via ein iphone er eg mildest talt full av abstinens og stor glede over å sulla rundt på nettet att. Enda godt eg hadde den iphonen må eg jo sei så var eg ikkje fullstendig avsondra frå verda øh...

Eg elsker å stikka av til Tysse der eg må ut på trappa for å snakka i mobilen og berre kan ta imot tekstmeldingar dersom mobilen er nært til vindauga, men det varer jo vanlegvis ikkje meir enn ei helg. Tre veker er litt i overkant. 

Sist helg hadde eg veldig artig besøk av gamle vener. Vi var 5 store og 5 små. Når forbrenningsdoen ikkje har forbrent det den skal på ein heil kveld og du vaknar til piping frå doen og overfyllt potte (trur ikkje eg skal gå i meir detalt om det ekle i dette) og lurer på om doen har tatt fullstendig kvelden så er du glad for at det er gamle og gode vener du har på besøk. Det hjelper godt også å vita at dei ikkje er overvettes prippne. Vel eg fekk rydda opp i griseriet før eg byrja på det "dokaillen" hadde instruert meg i måtte gjerast. Dokaillen er han som gjer service på Cinderella, og det var der eg hadde henta min kjære askepott ei veke før. Pipa ute måtte demonterast for å hiva ut eit filter samt sjekka at det ikkje låg mykje gøgge i pipa som stenkte for avtrekket. For å gjera det måtte eg sjølvsagt opp i stige. Det regna ute og eg hadde kun truse og tunika. F#%$ pipe som ikkje let seg demontere. Etter nokre seine nattetimar med lett fuktig innhald så var vi alle litt groggy, ikkje minst han som måtte stå opp med sonen allereie kl 07. For eit herleg syn vi var der ute i regnet. Eg øvst som drog piperøyret oppover og han nedst kun i undiken som drog pipa nedover. Vi fekk det til og doen fungerte heilt utan problem resten av helga så det var ikkje difor ein av dei små ikkje turte å bæsja på doen.... Det er skummelt når ein må gjera det i ein pose og ikkje i vatn.


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails