Sider

tirsdag 1. januar 2013

Lite å skriva heim om

Himmel og hav kor lite eg har strikka i året som gjekk. Det vesle eg har strikka har eg stort sett ikkje blogga om heller (øh, berre for å få det til å framstå som om eg har ein haug med storarta prosjekt som ikkje har sett bloggedagsens ljos). Det einaste eg kan dra fram som eit framifrå prosjekt er Fanaboleroen.

Elles var nok det viktigaste i år at eg endeleg fekk realisert litt av hagedraumen på Tysse. Det var herleg å få seg ein fin uteplass. No ligg det duka for fleire prosjekt til sommaren. Mellom anna lurer eg veldig på korleis eg skal verta kvitt all skvallerkålen.....

Nord-Noreg-turen med to veker jobbing i Hammerfest før vi køyrde heile vegen ned til Trøndelag er nok også eit av årets høgdepunkt. Vi hadde strålande vær i Finnmark og heller regntungt heile vegen sørover, men kven bryr seg vel om det trass i at Lofotveggen og Svolværgeita forsvann i skoddeheimen.

No startar eit nytt år. Litjpia og eg har feira med vener på Hamlagrø. Det striregna i går og i dag var det winter wonderland. Dei vaksne har oppsummert at årets nyttårsforsett må vera at det ikkje finst noko som helst orsaking for ikkje å trena. Difor har vi starta året med 15 min på ski og heile 500 steg (øh, litt langt igjen til 10 000) så langt. 


Herregud, godt det er kvardag i morgon.

2 kommentarer:

  1. Detkan komme flere gode strikkeår, jeg tenkte kanskje 2013 ville bli mitt - og jeg deler så gjerne!

    SvarSlett
  2. Godt nytt år. Til deko begge. Strikkinga tek seg sikkert opp att den.....med tid og stunder. Den fanaboleroen du siktar til, den var berre so fin. Håpar du har brukt den og.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails