Sider

tirsdag 31. juli 2012

Nord-Noreg-tur


Ei veke frå Hammerfest via Lyngen, Senja, Vesterålen og Lofoten har vore ein høgdare. Rett nok hadde vi gråvær på Senja, i Vesterålen og mesteparten av Lofoten bortsett frå i Reine og Nusfjord. Skulle gjerne hatt finvær i Nyksund og Stø, men i staden vart det autentisk dritvær med vinden og regnet som piska mot ruta. Svolværgeita var borte i tåka og det same var Lofotveggen då vi tok ferga frå Moskenes, men i Reine fekk vi eit inntrykk av kva vi gjekk glipp av. Og då vi kom til Bodø var det strålande solskin slik at Kjerringøy viste seg frå sitt vakraste. Vi hadde lunsj på Markens Grøde på Kjerringøy og åt ein aldeles nydeleg lunsbuffet og kjøpte osten som er kåra til Noregs beste. 

Elles vil vi tilrå Heimgårdsbrygga viss de vil bu enkelt og hyggeleg i historiske omgjevnader. Triveleg vertskap og sentral plassering i Henningsvær.

lørdag 21. juli 2012

Farvel Hammerfest


I dag kom regnet og blåsten og no reiser vi. Fine dagar med mykje sol, rein og bergtakande natur innimellom mykje jobbing.

Vi har vore her i to veker. Ein dag køyrde vi til Nordkapp i strålande solskin. På vegen tilbake påpeikte mor mi til Saira; "no har vi snart køyrd like langt som Trondheim-Oslo". Det er store avstandar her. Pasientane mine frå Kjøllefjord og Mehamn har gjerne stått opp kl 04.30 for å nå flyet som skal ta dei til legetimen. Då er det viktig å utnytta tida vel. Litt opprørt over nokre tidlegare vikarar som ikkje skjønar kva for avstandar det er snakk om og set opp kvinner til kontrollar for noko som er heilt normalt slik at dei må køyra to timar ein veg for noko som over hodet ikkje er nødvendig. Men elles må eg berømma ei særs hyggeleg og velfungerande avdeling med flinke kollegaer på vår "forpost her nord". Eg fekk streng innføring og forklåring i kva avstandar vil seia og at ein må ta omsyn til dette.

Det viste seg at rein i hagen ikkje er daglegdags. Etter dei to fyrste dagane har dei uteblitt. Slik skal det jo eigentleg vera. Det er i alle fall difor det er gjerder rundt heile byen.

Eit av høgdepunkta var Bygderuta - hurtigbåten som går ein rundtur frå Hammerfest og til diverse fjordar på Sørøya. Kvar fjord sitt særpreg. Så fekk vi sett heimplassen til sjefen og vinka farvel på kaien. Diverre hadde kameraet mitt lada ut på det tidspunktet. Bygderuta er ei verkeleg bygderute. Dette er bygder utan noko særleg bilveg så med båten kjem varer til butikken, vaskemaskiner, blomar, mykje byggematerialer, ein firhjuling med meir. Alt dette vart lasta av og på i lag med passasjerar som skulle heim eller på ferie. 

Finnmark som virka så langt unna då eg tidlegare kika på kartet er no plutseleg kome mykje nærare. I morgon startar vi turen tilbake med hytteopphald på Skaidi og så skal vi ta turen sørover via Lynge, Senja, Vesterålen, Lofoten og Nordlandskysten. 

Skal eg jobba i Hammerfest igjen? Det er slettes ikkje umuleg.

søndag 8. juli 2012

Eksotisk besøk i hagen




Ikkje like varmt som då vi reiste frå Bergen i 25 grader, men nett no (kl 00.45) har vi definitivt meir sol. I dag har det vore 12 grader og sol. Minner meg veldig om dei par sumarane eg jobba på Finse. Burde ha pakka stilongs, men alt går jo å skaffe. Rart det der. Alltid vanskeleg å pakke for anna vær enn det ein opplever der og då.

Fantastisk landskap heilt utan tre bortsett frå dei som folk har planta i hagene sine. Her ser det ut til at hageplantar dreier seg om bjørk og rogn. Dårleg med japansk viftelønn her. Litt hekkplantar er det jo, men ganske fritt for tuja. Eit par gamle stauder har eg jo sett, valmuer og framleis blømer tulipanane. Men som sagt ikkje mykje hagefryd å sjå. 

Slettes ikkje så rart heller når ein får slike gjester i hagen som et opp alt godt dei ser. Vi er no innlosjert 50 meter frå inngangen på sjukehuset (foto tatt frå sofaen vår). Har aldri hatt så stutt veg til jobb før. I dag vakna vi altså til desse gjestene i hagen til naboen. Diverre gjekk vi glipp av simlene med kalv som var rett utafor døra vår eit par timar tidlegare.


Det er bygd gjerde kring heile Hammerfest for å halda reinen ute, men dei er for smarte og trenger seg inn.

torsdag 5. juli 2012

Blomsterglede


Det er deilig å rota rundt i jorda og sjå korleis ting veks rundt ein.

I dag har det vore strålande vær her som så mange andre stader. Litt dårleg planlegging kanskje å setja ned trær og buskar då når ein også skal reisa vekk. Har no vatna etter alle kunstens reglar og håper at været yr har lova kjem som det skal. Hjelp, ser no at regnet ikkje skal koma før på sundag. Då er det berre å kryssa fingrane.

Har sett ned rips, solbær, japansk prydkirsebær og to buxbom samt flytt nokre få takløk. Dei siste tåler jo det meste og kan eg for so vidt berre setja avleggjarar av ein annan gong dersom det ikkje skulle overleva eit par dagar med sol. 


Elles ville eg visa peonen min. Eg må jo ha noko å kika på medan eg er i Hammerfest. Det er Moseplassen som har utfordra oss til å visa fram peonane våre. 

Min peon fekk eg av ei veninne. Han trivst visst betre hjå meg enn hjå ho for min har i alle fall litt fleire blomar. Ofte har dei vore avblomstra før eg fekk sett dei, men i år har eg nytt i rikt mon.

tirsdag 3. juli 2012

Hagedrøm


Endeleg er uteplassen ferdig. Etter å ha kika på denne elendige plassen i fleire år så beit eg i det dyre eplet og fekk hjelp av ein anleggsgartner. Det får jo vera grenser for kva ei fulltarbeidande åleinemor skal driva med på eiga hand. 

Her ser det både før og etter bilete. No gjenstår det berre å fylla i med plantar og litt putlearbeid som eg kan styra med sjølv. 


Kan informera om at den trampolina har eg satt opp heilt åleine. Det tilrår eg ikkje. Hadde mor mi kome med nokre velmeinte kommentarar då eg sto der og sleit som verst så hadde eg frøst.

Anleggsgartneren er noko av det mest joviale og sjarmerande eg har møtt på lenge. Han har halde alle lovnader og er ein slik "dette fikser vi" type som det er ein fryd å møta. Oddvar Jersin - Hagemannen gjer mellom anna nydeleg steinarbeid. Finst også på Facebook. Etter skodespelarutdanning og prosjektleiar i Telenor og Ericsson i Marokka fann han ut at han ville vera anleggsgartner. Gøy. 



Må også visa eit bilete av den kjære tørrmuren som eg bygde i lag med bror min. Buhu, den er no historie så då er dette det minnet eg har. 

Skulle gjerne hatt nokre solbilete nett no, men det får koma seinare. Ikkje ferdig med denne hagen nei.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails