Sider

mandag 4. juni 2012

Krisebarnehage

Litt lei av streik no kjenner eg. Det er sjølvsagt greit å ha ein fleksibel jobb når barnehagen er stengt. Bestemor var her nokre dagar, men måtte heim igjen til trøndelag. I dag har eg hatt naboen sine ungar i tillegg til Litjpia. Heldigvis fekk eg selskap av ei veninne til med baby og litt småsjuk 3-åring så kunne i alle fall mødrene få litt vaksenkontakt.

Det pedagogiske opplegget var eit minimum. Heldigvis var det få tilløp til kriser og krangling. Slik kunne pedagogikken haldast på eit reint lite fredsløysande minimum.

Kosten har bestått i medbrakte potetlefser og gulrot til frukost, fødselsdagsgeleen eg gløymde å servera i Litjpia sin fødselsdag og fiskepinner med agurk. 

No er huset bomba og Litjpia har reist på tredagers opphald til Ulvik med besta.



Tenkjer eg med dette har lagt inn ein fin, fin søknad som familiebarnehage.

3 kommentarer:

  1. Jeg er imponert!
    Det er ikke bare bare å ha heimen fullt
    av småtroll. Ser ut som de har kost seg masse her da. Kanskje litt deilig med litt ro og fred et par dager ;)

    Siw

    SvarSlett
  2. Ikkje greit i desse streiketider.heldigvis har eg berre skuleborn og ein skule om ikkje streikar. Nyt stillheita nokre dagar, før det er påan igjen.

    SvarSlett
  3. Hva er det man sier,; nød lærer naken kvinne å spinne. Streik kan tydeligvis gjøre det samme. :)

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails