Sider

tirsdag 9. november 2010

Hals

Det er mange prosjekt for tida, men ein god del er gåver og då er det litt vanskelegare å blogga om dei. Så då vart det denne vesle halsen til litjpia. Ikkje store greiene rett nok. Det er alpakka og rein rett og vrang 60 masker på kvar side. Eg liker i grunnen godt denne enkle, veldig standard halsen sjølv om han kanskje ikkje er så fancy som mange andre.


Elles har eg vore på kino og vorte skuffa over "Kvinner utan menn". Det kan de lesa om på den andre bloggen min. Og så sit eg her og kjenner at forkjølesen held på å slippa taket og håper berre ikkje at spysykja til besta har smitta over på oss for på fredag reiser eg på overraskingstur med fly ein eller annan stad. Det gler eg meg skikkeleg til. Det einaste eg veit er at eg kan pakka som til ein helgatur i Oslo og at eg ikkje treng å ha med badeutstyr. Då skulle spa og Blue Lagoon på Island vera utelukka. Kanskje finn eg noko spennande garn på vegen. Det er lov å håpa.


3 kommentarer:

  1. Ser at du blant alt det andre knallfine du har lagd - har strikket en enkel hals. Har du en oppskrift tilgjengelig på denne? Ikke helt fornøyd med den enkle varianten jeg "baler" med for tiden?
    tonje

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha. Dette er ein hals av Tynn alpakka på pinne 2,5. 120 makser annakvar rett og vrang. 32 omgangar før eg delte arbeidet i to. så strikka eg kvar side for seg 44 omgangar på kvar side. Det er litjpia som brukar han. Stripene er 12 omgangar av lilla og 4 omgangar sennepsgul.

    SvarSlett
  3. Fantastisk - takk!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails