Sider

onsdag 24. november 2010

Frå bestemor sitt skattkammer

Posted by Picasa

Det er stor gåveproduksjon for tida, og det er det litt vanskeleg å blogga om. I alle fall lenge før sakene skal giast bort.

Om sider har eg derimot fått tid til å vaska og stryka nokre av dei gamle barnekleda eg fann på kottet til besteforeldra mine. Dette er truleg klede som min onkel, tante og mor brukte på 40- og 50-talet då dei var små ungar. Oldefar min var skreddar så eg vil tru at mykje av dette er ting som han har sauma.

Så no er det berre for syskenbarna mine å produsera barn som kan få bruka desse kledene. Vi har allereie sett for oss at skjønningen eit par innlegg lenger ned skal ha på seg denne ballong-/bleiebuksa og jakken med kvit eller myrkeblå strømpebukse på 17. mai. Vi får berre vona at storleiken held.

2 kommentarer:

  1. Ååå, so kjekt å finna att slike fine plagg, og til og med sydde av ein skreddar i familien ! Godt at dei har vorte teke vare på.

    SvarSlett
  2. Så nydelige skatter du har funnet frem. Utrolig søte plagg :D

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails