Sider

mandag 20. september 2010

Dr Løkelands helsekost


Medan vi venter på dei derre ullbuksene så skal eg dela ei aldeles fantastisk oppskrift med dykk. Eg kaller det kake, men det er eigentleg meir konfekt, og den er ein absolutt vinnar. 


Eg fekk med meg oppskrifta då eg var utvekslingselev i hine harde dagar i Brisbane, Australia der eg gjekk på Ferny Grove Highschool. Mor mi var ein racer på kjøkenet noko som delvis forklarer kvifor eg gjekk opp 10 kg på eit halvår. Ho var også med på Weight Watchers (Grethe Rohdes inspirator) slik at eg klarte å gå ned igjen før eg reiste heim. Vel, vel, nok om det. Ein kan ikkje snakka om vekt og slanking når ein skal presentera tidenes kaloribombe.



Botn: 
250 ml kveitemjøl (sikta seier oppskrifta, men det er eg for lat til)
250 ml kokos
250 ml lettpakka brunsukker (den typen som vert til stein viss han står for mykje i fri luft)
125 g  smør
2 tsk   bakepulver

Bland godt og press det så ut i ei form på 18x28 cm eller lag dobbel porsjon til langpanne.
Steik i 10 min på 180 grader

Karamell-laget:
2 boksar sweetened and condensed milk (kjøpast på importbutikkar)
2 matskeier sirup (helst lys, men eg har også brukt mørk)
30 g smør

Bland dette og kok det i mikro eller i ein kjele. Eg koker det opp til det er i ferd med å bobla seg over kanten, trekker det av plata til det roer seg og gjentar dette til det har fosskoka  4-5 gonger. ( ser no at i oppskrifta står det kok opp og la det koke i 5 min på svak varme) Poenget er sjølvsagt at det skal verta tjukkare. Heller det så over botnlaget og set i omnen på 180 grader i 10 min. La det avkjøla.

Sjokoladetrekk:
200g kokesjokolade, mørk eller lys
30g delfiafeitt.
Smelt det saman i eit vannbad og hell så over karamellaget.

Enjoy!
Denne kaka er nesten alltid ein suksess, og den eigner seg best i små porsjonar.

8 kommentarer:

  1. Ååå, den så god ut - men tar sikkert litt tid å lage...så veldig avansert ut;)

    SvarSlett
  2. Den er over hodet ikkje avansert og i tillegg ganske kjapp å lage. Eg er ingen tusenkunstnar på kjøkenet..... Det utfordrande i "gamle" dagar var å få tak i condensed milk. Eg dreiv og kjøpte når eg var på reise, men etter at ein har importbutikkar på alle hjørner så er det jo ikkje noko sak lenger.

    SvarSlett
  3. Wow, denna så god ut! Takk for at du delte - denne skal je prøve en gang.....eller fler :)

    SvarSlett
  4. Åh, tenna løper i vann! Denne kommer jeg til å prøve. Herlig at du kaller den "helsekost" :D

    SvarSlett
  5. Oi, nam!! Denne skal jeg prøve meg på en gang. Helsekost for sjela ;) Det er viktig å kose seg iblant også!

    SvarSlett
  6. Jeg har så sans for slike "kompaktkaker". Regner med at den er myk og saftig og noe å bite i. Den så virkelig god ut :)

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails