Sider

tirsdag 6. juli 2010

Pusser opp den gamle utedoen til dokkestove/converting the old outhouse into a dollshouse

Gøy på landet. No pusser vi opp den gamle utedoen til ei dokkestove. Vi gjer serdeles slett teknisk arbeid. Gamalt støv og smuss vert malt inne og diverre så merka vi midt i malinga at eit par plankar er i ferd med å pulveriserast, men alt i alt står huset støtt. 

Alle mann i arbeid er mottoet så til og med litjpia på 2 år var i sving. Vi laga skaut til alle kvinns av det gamle dusjforhenget og gjekk i gang med stor iver. Iveren slakka av etter kvart, men ikkje eigentleg til litjpia. Det var berre det at det nærma seg sovepause så då ho tok til å gnugga seg sjølv i augene med malinga så var ikkje humøret heilt på topp.

No har vi grunna 3/4 og brukt babyrosa på den eine veggen samt lilla på døra. Trass i 3 liter grunning så heldt det ikkje når litjpia måla grundig på 3 plankar heile tida, materialet er SÆRS grovt og veldig mykje gjekk på golvet.....

Men fint, det trur vi at det vert. Følg med for det ferdige produktet.

We are converting the old outhouse into a dolls house. Everybody is taking part in the process and even my 2 years old took a paint brush in hand and worked steadily for an hour on the same three boards. I have to say that we have used quite some more paint than we first expected since a lot went on the ground, in the hair, nose, ears etc. But we are getting there. Look out for the final result.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails