Sider

torsdag 24. desember 2009

O jul med din glede

Her sit eg og pustar ut åleine etter fyrste julekvelden med litjpia. Mor mi hoppa i ein drosje og dro på nattevakt for å ta imot eventuelle nye borgarar. Siste melding tyda på god tid til å sjå Little Women og strikka for personalet på Orkdal fødeavdeling. For ikkje å gløyma å nå ei høgare omsetjing av kaloriar enn året før. Men barn og fødslar skjer sjeldan til planlagt tid så til slutt endar ho kanskje med å springa frå eit barneskrik til eit anna.


Litjpia har lagt seg. Eg cruiser rundt på TV medan eg bloggar og strikker ullbukser. Starter med litt Shakespeare in love og går så over til Little Women

Det er utruleg kor mange fleire gåver ungar genererer. Litjpia sit att med eit heilt lite tårn av supre gåver.

Ein strikkar kjem sjeldan åleine så i år har det bugna med mjuke og heimeproduserte gåver til litjpia. Takk til grandtante, tante, beste og bestemor.

Kunne ikkje dy meg og måtte ta bilete av alle dei gilde strikkeplagga.



GOD JUL 
til alle og ein kvar.


My little daughters first Christmas is just over. She's gone to sleep, my mum's off to a night shift as a midwife and I'm left with the TV. Our family is obviously full of knitters so my little daughter has received a lot of wonderful knitted garments.
Merry Christmas

4 kommentarer:

  1. Så fine strikkaplagg! Eg skal bruka 1. juledag på å strikka eg òg. God jul!

    SvarSlett
  2. Så heldig liten prinsesse, nydelige strikkeplagg hun har fått til jul. Ønsker deg en fortsatt fin jul :)

    SvarSlett
  3. Så nydelige plagg litjpia di har fått. Rødt og lilla var kjempefint sammen!
    Ha ei fortsatt fin romjul.

    SvarSlett
  4. Takk for hyggelege tilbakemeldingar. Det har vorte litt strikking med inspirasjon frå julegåvene. Framleis god romjul.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails