Sider

tirsdag 15. desember 2009

Benetton-reklame på tur

Gran Canaria i desember er slett ikkje å forakte. Litjpia var strålande nøgd med å gå i lette sommerkjolar, bleie og sandalar stort sett heile tida.


Vi var på tur med veslevenen som er fire år, eit sjarmtroll og har Downs syndrom. Etter at eg fekk litjpia så har eg jo merka at små, mørke barn av norske foreldre er veldig synlege og får mykje merksemd. Det er jo stort sett berre hyggeleg, men kan jo verta litt mykje av og til. I konkurranse med veslevenen derimot så er det litt meir ekvilibrium. Mor hans har gitt opp å tru at ho kan gå ubemerka gjennom gatene.

Veslevenen har sjarmert seg inn på alle kjøken med litjpia i helane. Spanjolar er generelt sett positivt innstilt til småtassar. Når litjpia dristar seg til å senda slengkyss så vert veslevenen derimot så positivt innstilt at han like så godt vil klemma heile forsamlinga.

På (sfera) i Las Palmas sat veslevenen og litjpia i kvar si vogn oppe på ein avsats medan mødrene pilte frå klesstativ til klesstativ. Til slutt hadde dei eit heilt batteri av publikum som dei kunne vinka til og skrattle slik at veslevenen måtte slå seg på låret.

Til alt overmål var dei fyrste vi møtte då vi kom fram til hotellet eit reisefølge med mørkhuda og ein kvit familie med ei jente med Downs syndrom. Då kjende vi oss ganske så mainstream.


3 kommentarer:

  1. Så herlig bilde. Kjempe koselig med bilder av barn som leker.

    SvarSlett
  2. Nydelig! Kjenner meg igjen i beskrivelsen av veslevenen. Du må gi han en ekstra klem fra meg når du ser ham igjen - sånne klemmer fra sånne veslevener er ekstra gode! ;)

    SvarSlett
  3. Ja, det er dei verkeleg Solveig. Vi hadde ein super tur og veslevenen kunne stolt læra bort ein heil del til litjpia som beundra han så no kan ho seia OKEI og har lært litt tegn for tale :-). Heldigvis skal dei treffast igjen i jula.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails