Sider

fredag 16. august 2013

Eg treng deg


Dette vidunderlege treet/a står i Vaksdal kommune, rett ved riksvegen. Stussa litt då eg køyrde mot Voss for det var noko med bladverket som ikkje stemte så eg stogga på veg heimover og fann at det er ei bjørk og ei eik i skjønn foreining.


Den modne eika har gitt liv til den unge bjørka eller skal vi seia at bjørka har sugd seg fast. Ein slags liten adopsjon kan ein jo også kalla det. Utan eika døyr i alle fall bjørka.

Det er ein haldeplass ved vegen der trea står. 
STOGG NESTE GONG!



onsdag 14. august 2013

Strandkjole

Eg har ikkje berre lagt stein i sommar. Litt strikking vart det også. Pickles sin strandjole. Det som skulle verta årets sommarkjole er ferdig no som hausten står for tur. Diverre er eg ikkje ein gong sikker på om litjpia vil ha han. 


Det tok ekstra lang tid fordi Pickles hadde klart å pakke med eit nøste som var feilfarga. Det var det andre nøstet eg strikka med og vart ikkje oppdaga før eg var godt igang med det fjerde. Opprekking og venting på nytt nøste medan ein er på ferie. I tillegg var det ikkje nok garn til å følga mønsteret så eg måtte laga ei løysing med å bruka kontrastfargen for å få nok lengde. 



Fekk nytt nøste, men ikkje meir enn eit lite unnskyld per mail. Veit ikkje, men hadde i grunnen rekna med å få tilbod om eit gratis mønster eller noko liknande i alle fall som plaster på såret. Ingenting i staden sit eg her med ein kjole som er ferdig nokre veker på etterskot. Vi får sjå om den er passe til neste år også.

Fin er han i alle fall og det er eit deilig garn.

mandag 12. august 2013

Galleri smedhuset

Ikkje mange som kan skilta med ei kunstutstilling i eigen heim, men det kan altså eg. Mine kreative nieser og dotter har gjort om det eine rommet til eit galleri. 
 
 
Kvart kunstverk har fått tittel og namnet til kunstnaren. Som til dømes "morderiske Sarah" eller "alene" osv.
 
 
Det er også tematisk satt opp.





Elles kan det nemnast at det er differensierte prisar for barn og vaksne. 

Stikk gjerne innom!

søndag 11. august 2013

Pallekarmar


Pallekarmar er jo populært i hagesamanhang, men då helst i heil form som bed og kjøkenhage. Eg har ein raskhaug midt i åsynet til hagen som eg jo sjølvsagt har lyst til å skjula. I sommar har eg også brukt mykje tid på å byggja steintrapper og leggja stein til ein hagegang. Yvonne Dengin seier i ei av hagebøkene sine at det viktigaste er å byrja med strukturen og grunnmuren i hagen. Det er det eg held på med no. Grunnmuren skaper ramma rundt blomane og plantene. Dessutan er det gøy.


Når litjpia si største glede er å få sminke seg og andre - ho har det ikkje frå meg, så tenkjer eg det er bra at ho ser at kvinnerolla også inneheld steinlegging. "Ikkje sant du er verdas sterkaste mamma, mamma?". Klart det....


Tenkte litt fram og tilbake på kva eg skulle bruke til å byggja opp ein kant mot raskhaugen. Planen er å planta bambus. Har lest at dei kan vera fæle til å spre seg, men det gjer ingen ting at dei sprer seg opp i raskhaugen. På Trädgårdsonsdag, svensk TV, så ga dei råd om å bruke ei tett plastplate på dei sidene ein ikkje vil at røtene skal gå. Tenkjer å leggja det på innsida av treveggen som ekstra vern. Vel, eg var inne på å bruka torvblokker, men så kom eg på pallekarmene. Besta har hus rett ved palleleverandøren i Ulvik og der kostar dei berre 90 kr stykket. Eg delte dei i to, bretta dei ut og tilpassa dei til kvarandre. Sette ned ein trestake på tre stader bak og skrudde dei tre høgdene fast til trestakene for stabilitet. I tillegg er dei støtta opp med steine i endane. Problemet med pallekarmane på sikt er sjølvsagt at dei ikkje er trykkimpregnerte så ein får jo så kor lenge dei held, men innan den tid kan eg jo ha fått lyst på forandring uansett.


Det er uhorvelege mengder gamalt jernskrot på tomta til smedhuset. Fann mellom anna ei gamal skeise.







tirsdag 30. juli 2013

Fint med Finn


Dette har vore ein handarbeidssommar. 
Og då meiner eg godt gamaldags arbeid som steintrappbygging i tillegg til lappeteknikk og anna småplukk. Slik får ein trent både finmotorikk og grovmtorikk. Aller mest nøgd var eg sjølvsagt med trappa. Det har også vorte auka opp til ein stor hellelagt gangveg og eit par trappetrinn til. Kjem nok bilete etter kvart, men regnet tok oss og eg måtte på jobb i byen.

Mor mi held fortet med litjpia og eit barnebarn til. Ho er fabelaktig grei, elsker å vera med barnebarna og er full av planar, turar og legg opp eit bra program for ungane.

Elles har eg tråla Finn på nytt og fekk tilslag på desse fine 50-talshagestolane. Med på lasset fekk eg eit par staudar frå bedet samt gamalt sengetøy, handdukar, eit par fat, nokre rullar tapet frå 50-talet mm. Vert litt småglad av slikt. No lurer eg på når eg skal få brukt det. Hm, berre det ikkje vart husafyll, men kjem til nytte.





søndag 21. juli 2013

Tripp trapp


Steike, kor sinnsjukt nøgd eg er med meg sjølv

Eit nytt innlegg i serien Mette gjer ting ho ikkje kan og får det til.


Far min var alltid god til å forsøka nye ting, og det var mykje prøving og feiling. Hugsar hekla bamsar, fyllte og broderte bamsar ut av gamle ullbukser, heimesydde vestar og gymbaggar og eit elendig forsøk på å laga leverpostei. I tillegg var/er han ein skikkeleg handyman og feminist slik at eg fekk tidleg svingt meg med hammar og sag.

Det svarar seg når eg no svinger meg på Tysso.


Har i dag bygd denne trappa i hagen min på Tysso på under tre timar. Den er faktisk stødig. Trappenormalen er på inga måte følgd. Her er det både ulike inntrinn og opptrinn, men eg trur eg er innafor regelen om 15-20cm på opptrinnet. Det var utruleg mykje store steinar å bryta ut av grunnen før eg kunne byggja opp. For eitt av trinna måtte eg rett og slett bygga på ein diger kampestein som allereie var der. Det var litt restar att etter den store skiferplattingen eg fekk laga i fjor. I tillegg er tomta vanvittig full av steinar og gamalt jarnskrap. Eg bur jo trass alt i smedhuset.



Avslutta i hengekøya med ein is :-)





torsdag 18. juli 2013

Og sumar vart det

 
Med hengestol. Ingen av desse fancy eg sikla på i førre innlegg, men ein heilt vanleg kanvastype medan eg venter. Deilig å lena seg tilbake for å lesa ei bok også når det duskregner.

Veldig nøgd med det pergolaliknande overbygget som den hyggelege snikkaren Knut Mathisen har bygd. Eg sat i Hammerfest medan han sendte meg bilete på korleis ting utvikla seg. Trass i nokre kriseliknande reaksjonar frå meg så tok han det veldig pent. I tillegg hadde han heilt rett på nokre av dei vala han tok for byggverket. Det er bra for ein hage å få litt fleire sonar. Rart å sjå korleis inntrykket endrar seg berre på grunn av eit gjerde.

No har eg brukt endå fleire kroner på å kjøpa fleire planter. Mellom anna prøver eg meg på kiwi og humle som slyngplanter på pergolaen. Litt usikker på kor godt den humleplanten liker seg. Den kan liksom veksa 15cm i døgeret, men så langt har eg berre sett nokre cm på ei veke. Derimot veks arkitektens trøyst godt på muren bak trampolina.


Elles er vi på prosjekt dokkestove igjen. Litjpia tykte den var litt sørgeleg og det hadde ho rett i. Golvet var jo ikkje noko særleg og ikkje hadde vi satt inn møblar i høveleg storleik heller. No har vi lagt på voksduk på golvet frå Stoff og stil med stiftepistol. Eit enkelt og billig grep.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails