Sider

torsdag 2. mai 2013

Eit lite raudt futteral


Måtte til slutt innsjå at den gamle macbooken min heldt på å dette frå kvarandre og i grunnen halta litt etter snart 5 års trufaste slit. Den siste veka har også stikkontakten falt frå kvarandre.

Eg har difor kjøpt ny macbook pro i nett same storleik 13'', må jo få den ned i veska. 

Er ikkje så veldig forkjust i den derre metalliclooken så den kvita gamle maskina (ikkje fullt så kvit og fin lenger etter at nevøen lakka den med neglelakk og neglelakkfjernaren øydela finishen) er framleis ein designfavoritt. 

Derimot hadde eg sett denne raude varianten hjå bokhandelvertinna på Litteraturhuset i Bergen. Ein slik måtte eg ha. Viser seg diverre at Eplehuset ikkje lenger fører vara, men til slutt fann eg den på Amazone - Incipio Feather. Kjem i eit utal fargar. 

Bestilte glad og lukkeleg og fyrst etter å ha trykt bekreft kom eg på at eg var vekkreist dei dagane den skulle leverast. Då er det godt å ha gode naboar.

No er den nye macbooken installert med programvare og midt lekre, raude cover. 

De har vel aldri sett vakrare mac?

lørdag 20. april 2013

Before dark

Har fått meg ny favorittjakke.

Ein av mine favorittdesignarar er Veera Välimäki. Ho har laga mønsteret til denne enkle og fine jakka - Before dark. 

Sjølv om eg gjekk ned nesten ein pinnestorleik så vart jakka litt laus i strikken. Typisk, men kva for underverker gjer ikkje ein liten runde på 40 grader finvask med ei jakke. I amerikanske mønster skriv ein jo ofte at ein skal vaska og blokke, og det har eg altså no gjort. No sit den som støpt.


Hadde ikkje nok blått garn til heile jakka så eg måtte spe på med noko grønt. Gjekk fint det. Hadde rett nok ikkje nok av dei to grønfargane heller så det vart ulikt på ermene og nede på bolen. Slik går det når ein liker å kjøpe garn før ein har funne ut kva ein vil bruka det til.

Ha ei fin helg vidare.




fredag 22. mars 2013

Høgg, høgg, høgg

Den fyrste bilen eg kjøpte har no vorte padde flat. Han har tent meg både vel og litt ugreit. Mykje moro har vi hatt og mange stader har vi vore. Kan ikkje seia den vart så gamal, men så har eg vel kanskje ikkje behandla den så pent heller. 

Dei seier at Renaultar er lunefulle og at elektronikken går åt skogen. Jadda, jadda, jadda, motoren har tikka og gått etter grundig stell av dei på Fondenes auto. Elektronikken derimot har svikta grufullt dei seinare åra. Snøvinteren for 4 år sidan tok sentrallåsen og startsperra. Startsperra måtte då koplast ut manuelt slik at då nokre lånte bilen min og klarte å skru på lyset over speilet og lada ut batteriet så var det ikkje nok å få Falck på døra. Oh, no, då hadde startsperra slått seg på igjen og bilen måtte tauast til verkstad. Etter at sentrallåsen og startsperra gjekk har det også vore innbrot i han. Tjuvkoplinga tok straumen til dashbordet så dei siste par åra har eg ikkje sett kor mange km eg har køyrt. Alt dette kan ein leva med
 
Rett over jul gjekk straumen til CD-spelar, radio, klokke og med det uttak til DVD-spelaren til ho i baksetet. Dødsstøtet for bilen var då speedometeret konka i førre veke. Sidan då viste det stort sett 160 også i 50-sonen. Då var det nok for det kan ein ikkje leva med. Sympatisk nok skjedde dette berre 5 dagar før årsavgiftfristen.

No ligg bilen fatklemt på Hanøytangen.
 


Litt vemodig.


Eg skulle liksom ha is i magen og tenkja meg godt om før eg kjøpte ny bil. Mekanikaren min har gitt meg gode råd og det var stort sett Toyota Yaris som sto på lista, men Citroen kunne godtakast. Det kunne derimot ikkje Ford Focus, Peugot eller ein ny Renault. I tillegg måtte eg lova å visa den til han før eg kjøpte ein ny bil.

Plutseleg dukka det opp ein raud, snerten liten sak som ser flunkande ny ut trass sine 10 år. Den er særs godt tatt vare på av eit godt vaksent par og har stort sett berre køyrd mellom Nesttun og Lagunen dei få km den har køyrd. I mellom køyreturane har den stått trygt og godt for vær og vind i sin eigne, vesle garasje. 

Eg er hoppande glad og nøgd og det er Litjpia og. Ho ynskte seg nemleg ein raud bil.
Gårdagens helt var Dag Fondenes.

onsdag 27. februar 2013

Våren er her, årets blåveis blømer

 
Vi har denne ganske store tua med blåveis i den vesle hagen i bygården vår på Møhlenpris. Der blømer blåveisen tidleg kvart år. Det er eit sikkert vårteikn. I dag då eg kom heim frå jobb såg eg plutseleg dei fine små blåe blomane var komne. Det må jo delast med heile verda.


 
Så no har altså naturen offisielt opna våren.

torsdag 21. februar 2013

På kongeleg jakt

 
Eg samler på kongelege til doen på Tysse. For å vera ærleg så har eg no ein heil haug med fine bilete som eigentleg er alt for fine til å henga på do. Enda godt at doen heiter Cinderella.

Då eg oppdaga desse fine bileta på Finn fekk eg nesten åndenaud og skunda meg å senda ein mail til den hyggelege damen som skulle selga dei. Til alt overmål var ho opprinneleg frå Rindal.

Eg mangla Maud i samlinga mi så no har eg heil kongerekke frå Kong Oscar opp til i dag. 

Eg har sagt at alle kongar som har regjert i den tida huset har eksistert skal få vera med. Det står 1889 på trappa så derfor får denne sardinkongen frå Sverige vera med.

mandag 18. februar 2013

Eit lite sjal frå i sommar

 
Vi kjøpte ein heil masse Kauni-garn i sommar Nydelege fargar, men for å vera heilt ærleg tykkjer eg det klør litt vel mykje til at eg vil ha det tett innpå kroppen. 

 
Måtte jo ha noko å strikka på medan eg var på ferie så då improviserte vi litt og fekk eit lite sjal. Trur eg har nokon som ikkje er så kløutsett som kan ta imot.



I tillegg er eg på veg med jakke frå Veera Välimäki, Before Dark.

mandag 11. februar 2013

Superkokken


Som den mildt sagt uinteresserte kokken eg er så er det til vanleg lite kreativitet å spore. Denne oppskrifta fall eg derimot for. Litt morro for mor og barn.


Stjerneskott møter tentakkeldyret.


Vi hadde det gøy og det kan etast både med ketsjup og pesto.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails