Sider

mandag 25. oktober 2010

Ribbebukser igjen



Då har eg endeleg gjort ferdig den siste buksa også. Vel, den har vore ferdig ei lita tid, men eg har nett vore på konferanse i Sevilla heilt utan strikketøy. Kanskje like greit då det var tropisk varmt og nesten tomt for oksygen i konferansesalen delar av tida. Anten så har dei på air con alt for høgt eller så ikkje i det heile. I staden for strikketøy kjøpte eg boka "El club de los viernes se reúne de nuevo" som på engelsk heiter "knit two" om ein strikkeklubb som treffast kvar fredag. Boka handlar sjølvsagt meir om kvinnene i klubben og deira venskap enn om strikking. Den fyrste boka var ein bestseljar. Rett nok har eg ikkje lese den, men det er i alle fall lett og hyggeleg lesnad. Det er betydeleg enklare å lesa bøker omsett til spansk enn å lesa bøker som orginalt sett er skrive på spansk. Oversettarar er aldri like blømande språkleg. Dessutan må dei halda tempoet oppe for å oppnå ei løn ein kanskje kan leva av så då er ikkje kreativitet like mykje i høgsetet.




No er alle buksene sendt avgarde dit dei skal høyra heime på Tiller og i Åsane. 

Må seia at eg i grunnen er godt nøgd. Dei vart nokre herlege sukkertøy, og det har vore hyggeleg med tilbakemeldingar. Dette er altså den siste buksa for no. Dersom eg hadde vore litt flinkare til å ha fleire prosjekt gåande på ein gong så hadde eg kanskje gidda ei til, men eg sit monomant og arbeider med eit prosjekt i gangen. No er det i staden kåpe på gang og så spørs det om det ikkje må verta ein hals eller to til barnehagebarnet mitt. Det har vorte ofseleg kaldt ute. Kva skal vi med snø i oktober, eller i det heile for that matter?



I have finally finished the three rib pants that I set out to knit and they have been sent to their new homes. Unfortunately I am not to fond of knitting these pants but they are a treasure when we come into winter. If I had only been able to keep more than one project at a time so that I don't get too tired and bored I might have knit another one straight away. Luckily my little girl is getting new ones made by my mother. 

I was just in Sevilla, Spain and since I didn't bring my knitting (too warm) I bought the book "El club de los viernes se reúne de nuevo" or "knit two" as it is called in English about this knitting club that unite in a knitting shop in NY on Fridays. It is more about the people than their knitting but it is very lovely.

lørdag 16. oktober 2010

Ny ribbebukse

Vi har fleire som forer oss med klede. Det er deilig å slippe å gå i butikken må eg seia. Så eit av haustens prosjekt har vore å strikka ribbebukser til desse gilde jentene. Sidan dei er 4-5 år, er dei midt i rosaalderen så eg har halde meg til rosa og lilla med litt gult og grønt. 

Eg tykkjer eigentleg det er dritkjedeleg ås trikka desse ribbebuksene, men det er hakket artigare når ein i alle fall koser seg med å kombinera fargar blant alt restegarnet.

Håper tøttene vert nøgde. Denne skal til tvillingsystrene i Trondheim.

onsdag 6. oktober 2010

Ribbebukser og svidd pizza

Mor er heime åleine og tenkte å gjera det enkelt med kjøpepizza. Hmpf, no har eg altså klart å svi han medan eg koste meg med å snoka rundt i bloggesfæren. Men eg tilgir meg sjølv under tvil sidan eg har vatt i hovudet etter å ha jobba i heile natt.

I staden skal eg visa fram ei av ribbebuksene eg driv og strikker på. Litjpia var ein litt uroleg modell, men ho byrjar i det minste å verta litt meir glad i å verta fotografert. Dei har IKT som satsingområde i barnehagen, tar masse bilder og ungane er med på å legga dei inn på data så no har eg også fått meg ein ivrig fotograf i heimen. Det er veldig mange fingrar framfor linsa...

Mor mi har forenkla ribbebuksemønsteret slik at ein heile tida skal kunne strikka på rundpinne. Eg er diverre nesten allergisk mot 5-pinner så det er nok ein av grunnane til at det er lite votter og sokker på denne bloggen.

Det geniale med ribbebukser er jo at ein kan strikka dei litt lange slik at dei kan vare litt lenger sidan ein berre kan bretta dei opp. 



Eg liker godt å strikke på pinne 2,5 og tykkjer også at ribbebuksa vert finare då. Nøstebarn si bukse vert liksom litt slaskete. Vel, vel, håper i alle fall 4-5åringen som skal ha denne buksa vert fornøyd. Vi har mottatt masse arveklede frå ho og dette er ein liten takk for alt som kjem vår veg.

Garnet er diverse eg hadde liggjande. Ein god del av det er faktisk garn eg fekk av Lise.

søndag 3. oktober 2010

Lillestakken i ny versjon

Eg er fan av Myk start og denne kjolen har eg strikka til Litjpia også. Ho er ein liten toåring og har framleis glede av kjolen i storleik 9-12 mnd. 

Denne gongen har eg strikka til ei lita vakkerdokke som også var veldig lita då ho vart fødd. Ganske så nøgd med dei graderte stripene som gir eit litt retro preg.

Eg har nytta alpakkaull. Det er nok ein av mine favorittar av di eg elskar den mjuke kjensla.

lørdag 2. oktober 2010

Innvollar - gamal skuleplansje

For ei tid til bake var eg på nytt innom Patina på Evanger. Ein fantastisk fin butikk og kafe som alle burde stikka innom på vegen mellom Bergen og Voss. Dei hadde Balkanfest den dagen, og eigentleg måtte ein betala inngangspengar for å få gå inn på området der også Patina ligg. Heldigvis har dei omsut for ei vegfarande kvinne i naud som hadde stogga for å kjøpa ei gåve på vegen til Ulvik. Takk skal de ha!


Der fann eg denne fine gamle skuleplansjen over innvollane våre. Sidan eg er gynekolog og med det kirurg som opererer i magen om enn ikkje på tarmar så tykte eg den passa heilt perfekt. Meir perfekt hadde det berre vore dersom eg hadde funne ein planseje over dei kvinnelege kjønnsorgana.


No har endeleg plansjen kome på veggen.


Eg har også endeleg fått tatt bilete av puta som Judith etterlyste fleire bilete av. Ei pute som bestemora mi har hekla. Fargane sto også veldig fint til plansjen ;-).

søndag 26. september 2010

Living white


Er eigentleg ikkje heilt mi greie, men no vart det krittkvitt i den eine stova på Tysse. Det er berre vindauge i den eine enden og ikkje så høgt under taket. Med dei raude dragarane som var der før, den aprikosfarga veggen og den mørke parketten så hadde eg ei kjense av å verta skvist i midten. Taket falt i hovudet på meg. Så då vart det kvitt og ljost grått golv. No skin det skikkeleg der inne. 


Eg hadde hjelp av diverse bæremannskap for to veker sidan som bar alle møblane ut. I helga var det berre meg og Litjpia så då var det smått med bærehjelp trass i at ynsket om å "gjøre sjøl" er stort.


Bilda er difor tatt i eit provisorisk innreidd rom, men det var herleg å flytta inn i malingslukt og flombelysning.

I går gjorde eg ikkje anna enn å ligga på madrassen og løysa VG og BTs 16 siffers zudoku. O lykke ;-).




Vi har dessutan hatt strålande vær. Lutane er besøkt og blomane har fått stell.

mandag 20. september 2010

Dr Løkelands helsekost


Medan vi venter på dei derre ullbuksene så skal eg dela ei aldeles fantastisk oppskrift med dykk. Eg kaller det kake, men det er eigentleg meir konfekt, og den er ein absolutt vinnar. 


Eg fekk med meg oppskrifta då eg var utvekslingselev i hine harde dagar i Brisbane, Australia der eg gjekk på Ferny Grove Highschool. Mor mi var ein racer på kjøkenet noko som delvis forklarer kvifor eg gjekk opp 10 kg på eit halvår. Ho var også med på Weight Watchers (Grethe Rohdes inspirator) slik at eg klarte å gå ned igjen før eg reiste heim. Vel, vel, nok om det. Ein kan ikkje snakka om vekt og slanking når ein skal presentera tidenes kaloribombe.



Botn: 
250 ml kveitemjøl (sikta seier oppskrifta, men det er eg for lat til)
250 ml kokos
250 ml lettpakka brunsukker (den typen som vert til stein viss han står for mykje i fri luft)
125 g  smør
2 tsk   bakepulver

Bland godt og press det så ut i ei form på 18x28 cm eller lag dobbel porsjon til langpanne.
Steik i 10 min på 180 grader

Karamell-laget:
2 boksar sweetened and condensed milk (kjøpast på importbutikkar)
2 matskeier sirup (helst lys, men eg har også brukt mørk)
30 g smør

Bland dette og kok det i mikro eller i ein kjele. Eg koker det opp til det er i ferd med å bobla seg over kanten, trekker det av plata til det roer seg og gjentar dette til det har fosskoka  4-5 gonger. ( ser no at i oppskrifta står det kok opp og la det koke i 5 min på svak varme) Poenget er sjølvsagt at det skal verta tjukkare. Heller det så over botnlaget og set i omnen på 180 grader i 10 min. La det avkjøla.

Sjokoladetrekk:
200g kokesjokolade, mørk eller lys
30g delfiafeitt.
Smelt det saman i eit vannbad og hell så over karamellaget.

Enjoy!
Denne kaka er nesten alltid ein suksess, og den eigner seg best i små porsjonar.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails