Sider

søndag 21. juli 2013

Tripp trapp


Steike, kor sinnsjukt nøgd eg er med meg sjølv

Eit nytt innlegg i serien Mette gjer ting ho ikkje kan og får det til.


Far min var alltid god til å forsøka nye ting, og det var mykje prøving og feiling. Hugsar hekla bamsar, fyllte og broderte bamsar ut av gamle ullbukser, heimesydde vestar og gymbaggar og eit elendig forsøk på å laga leverpostei. I tillegg var/er han ein skikkeleg handyman og feminist slik at eg fekk tidleg svingt meg med hammar og sag.

Det svarar seg når eg no svinger meg på Tysso.


Har i dag bygd denne trappa i hagen min på Tysso på under tre timar. Den er faktisk stødig. Trappenormalen er på inga måte følgd. Her er det både ulike inntrinn og opptrinn, men eg trur eg er innafor regelen om 15-20cm på opptrinnet. Det var utruleg mykje store steinar å bryta ut av grunnen før eg kunne byggja opp. For eitt av trinna måtte eg rett og slett bygga på ein diger kampestein som allereie var der. Det var litt restar att etter den store skiferplattingen eg fekk laga i fjor. I tillegg er tomta vanvittig full av steinar og gamalt jarnskrap. Eg bur jo trass alt i smedhuset.



Avslutta i hengekøya med ein is :-)





3 kommentarer:

  1. Imponerende! Og så gøy å gjøre det selv!

    SvarSlett
  2. Eg er kjempe inponert!!! Flott trapp.Slikt hadde ikkje eg sett i gang med. Ha framleis ein fin sommar.

    SvarSlett
  3. Jaaa, det var gøy og ikkje minst gøy å ikkje ha nokre forståsegpåmannfolk hengande over skuldra medan ein held på.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails