Sider

fredag 21. september 2012

Prospektkort


Det var denne dagen i august. Ja, det er altså ei stund sidan. Eg veit, men livet går veldig fort for tida. Strikkelysta er på eit minimum så det einaste eg produserer er kjøkenklutar. I sommar har eg for så vidt produsert eit sjal og noko anna langt eg har strikka som eg ikkje aner kva eg skal bruka til. Stikkegarn som er utruleg vakkert å sjå på, men som altså klør noko infernalsk sjølv for meg. Det var tidtrøytestrikk på bilturen der mor mi tok seg av all køyring. Luksus!

Men altså på dette biletet er vi i Vikøy, Hardanger, rett ved Norheimsund. Vi har satt ungar og spanjolar i gang med krabbefiske. Trur spanjolen tykte det var like gøy som ungane.

Som Litjpia sa på vegen heim: "dette var ein fin dag mamma".

2 kommentarer:

  1. fantastisk vakkert land vi bor i. Og hvem synes vel ikke at krabbefiske er morsomt. :)

    SvarSlett
  2. Fint i Vikøy. Der er eg døypt :) Har ei besta som bur på andre sida, på grensa mellom Tolo og Valland heilt nede ved sjøen. Der har eg fiska mange krabbr og småisk. Gode minner...

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails