Sider

lørdag 16. oktober 2010

Ny ribbebukse

Vi har fleire som forer oss med klede. Det er deilig å slippe å gå i butikken må eg seia. Så eit av haustens prosjekt har vore å strikka ribbebukser til desse gilde jentene. Sidan dei er 4-5 år, er dei midt i rosaalderen så eg har halde meg til rosa og lilla med litt gult og grønt. 

Eg tykkjer eigentleg det er dritkjedeleg ås trikka desse ribbebuksene, men det er hakket artigare når ein i alle fall koser seg med å kombinera fargar blant alt restegarnet.

Håper tøttene vert nøgde. Denne skal til tvillingsystrene i Trondheim.

3 kommentarer:

  1. Kjedelig ja, men fantastisk i bruk - og dine versjoner er jo veldig spreke!

    SvarSlett
  2. Knallfine, og genial måte å få brukt opp restegarnet! Og ikkje minst, buksene er jo så kjekke i bruk, spesielt om mottakarane er slik som mi femåring, som helst vil gå med skjørt. Kjekt å ha ei finfin ullbukse under då :)

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails