Sider

lørdag 2. oktober 2010

Innvollar - gamal skuleplansje

For ei tid til bake var eg på nytt innom Patina på Evanger. Ein fantastisk fin butikk og kafe som alle burde stikka innom på vegen mellom Bergen og Voss. Dei hadde Balkanfest den dagen, og eigentleg måtte ein betala inngangspengar for å få gå inn på området der også Patina ligg. Heldigvis har dei omsut for ei vegfarande kvinne i naud som hadde stogga for å kjøpa ei gåve på vegen til Ulvik. Takk skal de ha!


Der fann eg denne fine gamle skuleplansjen over innvollane våre. Sidan eg er gynekolog og med det kirurg som opererer i magen om enn ikkje på tarmar så tykte eg den passa heilt perfekt. Meir perfekt hadde det berre vore dersom eg hadde funne ein planseje over dei kvinnelege kjønnsorgana.


No har endeleg plansjen kome på veggen.


Eg har også endeleg fått tatt bilete av puta som Judith etterlyste fleire bilete av. Ei pute som bestemora mi har hekla. Fargane sto også veldig fint til plansjen ;-).

8 kommentarer:

  1. Skøn skoleplanche og fin pude :-)

    SvarSlett
  2. Takk for bilde, den er lekker den puta! Kunne godt tenke meg å hekle ei sånn ei, men jeg er dessverre ikke verdens mest tålmodige. Har ikke sett varianten med blomst i før.

    Tøff plakat også!

    SvarSlett
  3. Stilig! Skal si fra om jeg kommer over en plansje med de kvinnelige kjønnsorgan...(finnes det mon tro?)Skal snike meg ned i kjelleren på skolen....

    SvarSlett
  4. Nyyydelig pute og .. eh.. original veggpryd. Den er stilig da, om enn noe uvanlig. Ja, som pynt på veggen, altså. Selve invollene har vi jo heldigvis på plass alle og enhver.

    SvarSlett
  5. Knalltøff pute ;) Har også en liknende pute, men i litt mer knallfarger ;) Syns de er knalltøffe ;)

    SvarSlett
  6. Åh, det hadde vore stilig Lill. Eg er ganske sikker på at det finst av kjønnsorgan, men då kanskje både mannlege og kvinnelege på same plansjen. Øh, det var kanskje ikkje så ofte at lærarane tok fram dei.... ikkje berre elevane som tykte seksualundervisning var flaut.

    SvarSlett
  7. Åh...eg drøymer om slike skuleplansjar. Skulle hatt eit lite lager og skifta ut etter humør :-).

    SvarSlett
  8. Utrolig fin fargematch mellom pute og plansje:-)
    Jeg kom også over slike skoleplansjer for noen år siden, på en nedlagt skole. Det var botanikk-plansjer, riktignok. Utrolig flotte, har et par på kontoret.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails