Sider

tirsdag 29. januar 2013

Kuler'n i Thailand

Det er slettes ikkje feil å rømma til Thailand når været har slått seg vrang heime. Skjønar kvar vinter at eg bør skaffa meg ein vedomn, men har enno ikkje kome så langt. Thailand er ein betre vedomn.
 
Bakgrunnenn for at vi har kome oss hit er at eg var invitert til å snakka på ein kongress i Bangkok om abort. Dei arbeider iherdig for å få seg sjølvbestemt abort her nede. Frå før har dei hatt verdas beste familieplanleggingsprogram og no har dei for andre gong laga ein veldig flott kongress. Det er også den mest internasjonale kongressen eg har vore på - fullt av delegatar frå Afrika, Asia og Latin-Amerika i tillegg til Europa og USA. Det einaste som mangla er i grunnen austblokk og tidlegare Sovjetiske land.

Skjønar godt at folk valfarter til Thailand. Det er eit slags nytt syden for skandinavar. Her på hotellet vårt Krabi Aquamarin Resort så snakkar annakvar svensk eller norsk. Ein deilig stad pitte litt utanfor AoNang sentrum. Berre 10 min med tuk tuk og fullt mogleg å gå for dei som ikkje har ein lat 4-åring med seg. Romma er akkurat så fine som dei ser ut til og vi har forelska oss i bassenget. Utruleg lett å reisa i Thailand, billeg og vakkert. Rett nok er det ikkje sikkerheitsutstyrets høgborg så ein held fast på barn og gamle når ein durer avgarde i pick up ane som er opne bak og berre har usikra benker på innsida. Høyrer rykter om at båtane er overlasta når ein skal på snorkling og korallreva er nedtrakka, men reint bortsett frå det så er det ei perle.

Har også klart å verta lurt av ein skreddar til å sy meg dress og kjole. Eg skal jo disputere innan rimeleg tid må vita og då hadde slikt utstyr vore på sin plass. Litt seriøs framtoning gjer under for psyken.

I går var vi på elefantsafari. Det er ikkje tilrådd for dei som vert lett sjøsjuke ein deiser fram og tilbake. Gøy! Spesielt den yngste i familien tykte det var umåteleg flott. 



Turen vart avslutta med å klatra opp 1230 bratte, høge trappetrinn til Tiger Cove Temple. For oss som bur i Bergen og kjenner Stoltzen så har vår stakkars trimrute heime fått status som puslete med sine kun 800 trappetrinn. Flott utsikt på toppen.

tirsdag 1. januar 2013

Lite å skriva heim om

Himmel og hav kor lite eg har strikka i året som gjekk. Det vesle eg har strikka har eg stort sett ikkje blogga om heller (øh, berre for å få det til å framstå som om eg har ein haug med storarta prosjekt som ikkje har sett bloggedagsens ljos). Det einaste eg kan dra fram som eit framifrå prosjekt er Fanaboleroen.

Elles var nok det viktigaste i år at eg endeleg fekk realisert litt av hagedraumen på Tysse. Det var herleg å få seg ein fin uteplass. No ligg det duka for fleire prosjekt til sommaren. Mellom anna lurer eg veldig på korleis eg skal verta kvitt all skvallerkålen.....

Nord-Noreg-turen med to veker jobbing i Hammerfest før vi køyrde heile vegen ned til Trøndelag er nok også eit av årets høgdepunkt. Vi hadde strålande vær i Finnmark og heller regntungt heile vegen sørover, men kven bryr seg vel om det trass i at Lofotveggen og Svolværgeita forsvann i skoddeheimen.

No startar eit nytt år. Litjpia og eg har feira med vener på Hamlagrø. Det striregna i går og i dag var det winter wonderland. Dei vaksne har oppsummert at årets nyttårsforsett må vera at det ikkje finst noko som helst orsaking for ikkje å trena. Difor har vi starta året med 15 min på ski og heile 500 steg (øh, litt langt igjen til 10 000) så langt. 


Herregud, godt det er kvardag i morgon.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails