Sider

lørdag 31. desember 2011

Kva har eg på nattbordet?


Starlet frå 80-talet som ikkje har ligge i flyttelassa mine, men som eg derimot kjøpte i rein nostalgi på ein loppemarknad. Det er også ein del gamle interiørblad og eit eller anna Elle, eller noko slikt. I tillegg "Sara og bølla", litt Albert Åberg, "El club de los viernes" (den strikkeromanen frå New York som eg trur eg har blogga om for lenge sidan og aldri får lest ferdig fordi eg ikkje orker å lesa når eg legg meg), Ann Oakley "Essays on women, medicine and health" (høyrest veldig intelektuelt ut ikkje sant. Vel eg har kome halvegs, men eg lånte den for over tre år sidan av sjefen... Leste faktisk i den på toget så no er det berre eit par essays igjen). "Naturlig sland" av Fedon Lindberg har eg flytta opp i hylla igjen. Kan jo ikkje lesa slikt i jula.
Kva har du på nattbordet?

I ryddesjauen har eg også fått meg nytt nattbord. Det fann eg på loftet i bygården. Meiner å hugsa at vi sparte det i den store oppryddinga i vår fordi eg ville ha det, men viss nokre naboar les dette no og meiner det er deira og at dei vil ha det tilbake så sei endeleg ifrå. Legg elles også merke til den gamle skuleplansjen eg fann på ein marknad i Trikkehallen på Møhlenpris. Hugsar godt desse historiske plansjane frå skuletida mi på slutten av 70-talet.


Snart er det nytt år. Håper alle får ein fin kveld og eit innhaldsrikt og positivt nytt år.

fredag 30. desember 2011

Den store julesjauen

Dollie, Drama, tyskprøver, avlagte retningslinjer for hormonsubstitusjon etc.
Husmorferien min i romjula har endt opp i den største ryddesjauen på fleire år. Litjpia er i Oslo med bestemor så alt såg til rette for fred og fryd. No skulle ikkje juletreet, men alt barnestæsjet ut av stua. Køyeseng skulle kjøpast inn, og eg forsøker å få orden på livet mitt. Sånn, vi putter alt vi ikkje veit kvar vi skal gjera av i ein boks.

Måtte berre rydda ut av mitt eige rom fyrst for å skaffa plass. Herregud, kva er det ikkje eg har spart på. Norsk Målungdom sine lover frå tidleg 90-tal, litt møtepapir, gamle medlemsblad - UT. Eg har ikkje trong til å vera noko fjernarkiv for diverse organisasjonar. Tyskprøvene mine frå 1989 (?)!!! Korleis kan eg finna på å spara på det? Dei har i tillegg vore med på flyttelasset til to ulike stader i Oslo og to stader i Førde før det har kome hit. I tillegg til eit utal av førelesingsnotat frå studiet med sikkert forelda medisinsk kunnskap. He, he, ikkje minst lovprisinga av hormonsubstitusjon frå ca 2000. Men eg klarte altså framleis ikkje å hiva mine sirleg nedskrive kompendium over patologien. Opp til fleire medisinstudentar i Oslo har kome seg gjennom den eksamen eine og åleine på det kompendiet. Det var altså den einaste gongen eg har gått så grundig tilverks. Har også funne mor mi og tanta mi sine singelplater frå 60-talet med Paul Anka (får meg til å tenkja på Anna), Chubby Checker etc. Merkeleg nok har ingen stått på telefonen for å få dei. Endå merkelegare er det at ingen av mine Facebook-vener har bedt om å få tilsendt kassettsamlinga mi med Dollie, Drama, Princess, Donna Summer og øh, "De syngende husmødre" (korleis i alle land og dager kom dei inn i mi samling?).

Etter veldig god hjelp frå naboen så har køyesenga eg kjøpte på IKEA kome seg opp i leiligheten. Den vog 55 kg fordelt på ein stor pakke. Litt krisekjensle då eg sto i striregn ute på IKEA og ba tynt om hjelp til å få den greia opp på taket av bilen. Eg fekk den nesten ikkje ned av sjølvbetjeningshylla. Lurte verkeleg på om eg hadde tatt meg vatn over hovudet - og bokstaveleg tala så kjendest det slik ut med alt det regnet. Sidan eg sto i over eit kvarter i kø nede ved Eidsvåg og heile turen heim tok nærare ein time (burde ta 10-15 min) så var pappeska gått i oppløysing. Der sto Sergio og eg med ei køyeseng i utallige delar. Dagens ridder tok sjumilssteg opp trappene til 4. etasje utan heis slik at vi fekk alt i hus. I tillegg hadde eg sjølvsagt alle desse kassene som no skal organisera livet mitt samt ein poste frå Stoff og stil med stoff til å trekka den gamle rammemadrassen til Litjpia som no har vorte til ekstra sofa på stua. Den står inne i ein vindaugsnisje, men eg tykkjer kanskje det vart litt vel mykje møbler her inne. Uansett vart det fint med alle putene. I tillegg så vart dei jo nesten tomt i den andre enden etter alle leikene.

På rommet mitt har eg hive ut den gamle pulten frå IKEA som eg kjøpte i 1995 og som ikkje har vore i bruk anna enn som lagerplass sidan 2000. UT med han. I staden henta eg ned den gamle stumtjenaren frå førre århundreskifte som ei veninne har etterlatt i min varetekt. No har alle hattane og veskene kome på utstilling. Flott å sjå på, men eg har ein mistanke om at det snart kjem til å vera fullt av støv.


Drøm søtt, eg skal kvila på mine laurbær etter at eg har båre ned ein del søppel og flytta gamle møblar på loftet.

torsdag 29. desember 2011

Morris & sons




Moderen rakk berre så vidt å installera oss på hotellet før ho fann annonsen til Morris & Sons i hotellet si guidebok. Dei er leiande i garn og handarbeid i Australia. Stor forretning i to etasjar med broderie oppe (som vi hoppa glatt over) og strikking i underetasjen. Og no snakkar vi sjølvsagt Sydney. Rett ved sida av Queen Victoria galleries.


Vi budde ved Darling Harbour og tok Monorail til Queen Victoria Galleries før vi bukserte oss ned på gateplan og kunne hoppa over på gratisbussen. Vel, det var etter at vi hadde fyllt på garnlageret.

Ok, så gjekk vi ein smule amokk. Det er jo ikkje det at dette garnet var så mykje billigare eller betre enn det vi har heime, men det er jo gøy å prøva noko nytt som er merka australian wool. Så no har eg altså ein stor bærepose med australsk garn i korga. 


Mor mi er galnare enn meg. Vi måtta kjøpa ein ny bag for å få plass til alt, eller eigentleg fordelt vekta utover. Kvar koffert kan berre vega 20-23 kg. I tillegg høyrde vi jo om smørkrisa og kom heim med to kg smør i kofferten.


mandag 26. desember 2011

Australiastrikkejulegåver


Fekk strikka litt på ferie også. Deilig garn dette Silk garden frå Noro. Vi var jo lettare animerte då vi fann den fyrste garnbutikken i Australia i denne vakre, vesle byen oppe i the Dandenongs - Sassafras. I Sassafras wool store.

Bulky greier med lange fargeskift heldigvis. Eg er ikkje så glad i korte fargeskift, men tykkjer det kan vera ganske effektfullt med lange. Men kva strikker ein eigentleg av slikt? Det vart nokre halsar. På eit par av dei laga eg ei holrand kvar 20 omgang og på den siste la eg opp 31 masker og slapp ned kvar fjerde maske. Hadde nesten gløymt kor enkel den effekten var. 

No er gåvene farne til Oslo med toget. Vel, det var fullt av bussar på stasjonen i dag som skulle til Voss og ventande tog. Det er kanskje Dagmar som har laga problem i natt.

I år var det berre Litjpia, mor mi og eg som feira julekveld i lag. Veldig herleg for dei vaksne, men Litjpia klaga på at det var lite ungar. Spesielt deilig er det med tanke på gåvesermonien. Vi unngjekk gåvejunkien. Ho tok seg god tid mellom gåvene og vi vaksne måtte skunda på litt av di eg var redd for at ho skulle somna. Vi har trass alt jetlag her i huset og underteikna hadde tatt imot fleire barn i løpet av natta - ikkje i ein stall vel og merke. Så avslutta vi kvelden ganske så upedagogisk då den trøytte mora skulle oppdra den trøytte dottera i korleis ein takkar ordentleg for gåver.

No har den trøytte mora 4-5 dagar husmorferie og har tenkt å strikka, sjå på TV og omorganisera barnerommet.

fredag 23. desember 2011

Heim til jul


Då har vi landa frå ein super ferie i Australia. Melbourne, Brisbane, Sunshine Coast, Gold Coast og Sydney. Nesten alt av familie er besøkt. Det var utruleg kjekt. Eg budde i Brisbane for 23 år sidan og denne gongen møtte eg så og seia alle saman også nokon eg ikkje hadde sett på 23 år. 

Mor mi var overvelda over endeleg å koma seg til Australia og møta alle dei eg har snakka mykje om. No sit vi her med jetlag og skal feira jul. Sjølv skal eg hiva meg i bilen og koma meg på Kvinneklinikken for å ta imot årets julebarn. Då vi kom heim i går så var huset ferdig vaska og pynta. Det var utruleg herleg - nesten så eg må fella nokre tårer så rørt er eg. Verdas beste Besta og nabo.

God jul! Eg kan lova ein del info om strikkelivet og garn i Australia.

lørdag 10. desember 2011

Dandenong



Prøver å laga eit innlegg via iPad, men truleg har eg ikkje heilt oversikt over knottologien. Vi var i alle fall oppe i Dandenong utanfor Melbourne for å køyra damptog. Mor mi meinte det var den beste utflukta for tre generasjonar. Alle var godt nøgde då vi kunne sitjabog henga på vindaugskarmen og Litjpia vart ein liten maskot i vogna vår blant kineserar og andre asiatar. Midt oppe i alle antikvitetar, leiker, honning, te og såper så gjekk mor mi og eg rett mot ullbutikken. Fann denne japanske ulla med 50% ull, 30% angora og 20% silke. Dei hadde ein del tweed frå Rowan og Malabrigo også, men det hadde vi jo sett før.


fredag 9. desember 2011

Santa wonderland


Lite strikkeaktivitet for tida. Tok med strikkety til Australia, men det vert lite av det. 


Mor mi er kjend for aa ta med seg regn kvar ho enn reiser. Ho besoekte meg to veker i Valencia i Spania daa eg studerte der og opplevde to veker med regn. Heilt out of the ordinery. Dagen foer vi kom til Melbourne hadde dei 28 grader. Den dagen vi kom falt det til 14-18 grader. Fyrst siste dagen fekk vi full varme og sol. Trudde Brisbane skulle verta betre, men daa fekk vi den kaldaste desember i manns minne. I tillegg har det vore veldig vaatt. 106 mm paa Coolangatta Beach der vi skulle vera. Vel, vel, uansett saa er det jo varmare enn heime og i dag fekk vi sol.



 Dei er ivrige paa juletrelys og figurar i hagen her nede. Rett rundt hjoernet fraa der familien min bur har dei den fleiraarige vinnaren. Han har ein stor hage og lar folk koma for aa sjaa juledekorasjonane deira. Det var parkerte bilar langt ned over gata og tjukt av ungar. Himmel og hav. Det var saa vanvittig at det i grunnen var goey og Litjpia elska det sjoelvsagt.


I made his day and could truthfully say we do not have anything resembeling this in Norway.
Enjoy.....


fredag 25. november 2011

Vottetid


Og julegåvetid. 32 masker på garn med ca tjukkelse som vamsegarn og ein enkel tommel utan å auka frå ribbekanten til tommelen. No får restegarnet svingt seg.

Burde vore flinkare til å strikka slik småstrikk. Besta vår i etasjen under har den siste drøye månaden kome opp i ca 50 stk vottar, halsar og luer som ho skal selga på marknaden i Ulvik i helga. Ein imponerande produksjon. Det er langt frå det eg har klart å få til. Håper det kjem riktig mange til marknaden i Ulvik i helga.

Elles driv eg og pakker før australiaturen. Lurte på om eg skulle skriva ein haug med julekort også, men lurer på om eg ikkje heller skal prioritera å strikka :-).

lørdag 19. november 2011

Oppdatering på Fanaboleroen

Som strengt tatt ikkje lenger er nokon bolero som de kanskje kan sjå. Eg fann ut at eg er for tjukk på midten til å ha lyst på bolera. Det er deilig å skjula magen. I alle fall forsøka å skjula den.

Det går altså framover. No også som vest. Som de ser så har eg lagt til dei same firkantane på bærestykket som på ermene og i tillegg lagt til ein god del ekstra striper for å få betre lengde. Eg har faktisk strikka tre grøne og tre kvite striper før eg byrja å skrå over bringa.

Når eg no sit her med denne vesten så fekk eg faktisk lyst til å strikka meg ein lekker vest også Ysolda har fleire eg liker.

Snart går heldigvis turen til Australia, og eg byrjar så vidt å få hovudet over vatn, men berre så vidt. Framleis har eg ein del ting som skal i mål, men vår fantastiske besta i etasjen under har lovt meg husvask medan vi er i Australia i julegåve så då roer eg i alle fall ned den nerven litt. Fantastisk julegåve! Skuldrene letta mange hakk.
God natt i stua og framleis god helg.

lørdag 12. november 2011

Hidden igjen


Trass i at eg ikkje er heilt sikker på kor nøgd eg er med måten ein auker på til dette sjalet sidand det liksom ender med å "krympa" litt nedst så har eg altså strikka eitt til. Eg liker nemleg veldig godt den bølgekanten nedst. Kanskje må eg modifisera og laga mitt eige mønster. Denne gongen har eg brukt Drops alpakka (sennepsgul) og babyull frå Gjestal (brun). Mønsteret er altså Hidden in the forest av Veera Välimäki.

Det er ikkje alltid like enkelt å ta fine bilete i november i Bergen, men no har vi jo fint vær for tida. I tillegg har Litjpia plutseleg vist interesse for å vera modell. Det er verkeleg noko nytt. Kanskje ho var mest opptatt av å få merksemd frå mora som hadde vore meir enn busy og ein smule avvisande i forkant. Papirsortering, rydding, husvask - blæh for store og små.
PS: legg merke til den fine kombinasjonen med badedrakt og stiliongs. Vi prøver ut feriegarderoben.

Elles er det lite tid til blogging for tida. Litt stressa for å få i mål ein del ting før vi hiv oss på flyet til Australia om eit par veker. Eg skal på kongress og Litjpia med bestemor som barnevakt skal vera med. 




No har eg bestillt julekort, men lurer jo på kva slags prioritering det er frå mi side. Skikkeleg krampetiltak sidan vi kjem heim to dagar før jul, men det er vel greit å senda slike kort på litjjulkvelden og?

lørdag 5. november 2011

Tunisia - ull eller tull

Var det ikkje Expertreiser dei heitte dei som hadde superbillige turar til syden på 90-talet? Vi rakk så vidt ein tur til Tunisia før dei gjekk konkurs og fleire flylass sto fast rundt omkring.

Bra tur. Vi rusla oss også inn i nokre bakgater og fann ein høgst lokal utsalsstad som mellom anna solgte dette garnet. Det er ganske røfft spunne og ujamnt med rusk og rask stikkande ut både her og der. Eigentleg trur eg det er til bruk i kelimtepper. No er eg jaggu ikkje sikker på om det er ull. Det har litt uklår tekstur. Vel, uansett så har eg no strikka eit slags teppe som i utgangspunktet skal tovast.... så då får eg i alle fall svar på ullkvaliteten.

Eg har ein del garn igjen og håper inderleg at det kan tovast, men det gjer seg ikkje så verst slik det er no heller. Målet er å produsera sitjeunderlag. Besta vår har hatt besøk av niese Stine frå Svolvær som lager nokre aldeles nydelege og smarte sitjeunderlag. Det er altså ho vi prøver å etterapa.


Elles går det mykje i kursing for tida. Epidemiologi, puh, det er i grunnen ganske vanskeleg og himla mykje statistikk. Odds ratio og relativ risiko, eg kjenner meg halvt hjelpelaus. I tillegg køddar iphoto med meg så eg får ikkje redigert bileta så her ser det mine fantastiske bilete frå stova ein sein, sur laurdagskveld.

torsdag 27. oktober 2011

Kva snakker ein med jenter om?

BIFF er over og ut for denne gong, og trass i nydeleg vær i Bergen så fekk eg heldigvis med meg nokre filmar. Den siste eg såg var Miss Representation. Filmen ser på den utrulege makta som ligg i media og korleis media portretterer kvinner og på den måten oppdrar våre barn til å sjå på kjønn.

Kvinner vert stadig meir objektifisert og fokuset på kropp og utsjånad har på ingen måte vorte redusert. Vi har mote og sminke for førskulebarn.

Men det er jo diverre ikkje berre media. For kva seier vi til jenter? Via Ylvalias univers fann eg denne bloggposten og linken til Lisa Bloom How to talk to little girls. Må diverre innrømma at jenter oftare enn gutar får kommentarar på kleda sine eller hårfrisyren sjølv om det og skal seiast at det å kommentera ei leike eller figuren på genseren til gutar også er ice-breakers. Men eg er heilt for å generelt ta fokus vekk frå klede og utsjånad og heller over på bøker.

søndag 23. oktober 2011

Gamalt plagg - ny eigar

 
Har rett som det er vore inspirert av Kaffe Fasset også då eg strikka denne dressen i 2007. No har den kome i retur og har vorte nett passe stor til Litjpia. 

Ho kledde han utruleg godt og har på dette biletet vore grei med mor si for eigentleg tykkjer ho dressen er for babyar. Etter å ha fått mykje skryt for han i løpet av dagen frå fleire så er det lov å håpa at han kan verta brukt i barnehagen i vinter.

Eg nyt kvart eit minutt ho går med han og heldigvis har vi arvtakarar slik at strikkeplagga vert brukt av meir enn eitt barn. Nett dette plagget lurer eg også på om ikkje skal få lova til å koma i nostalgibunken slik at det kan dukka opp i seinare generasjonar også.

mandag 17. oktober 2011

Fritt etter Fana


Sidsel J. Høivik har laga nokre fine boleroversjonar av både Fanakofta og Setesdalskofta. 
Eg har sett på dei tidlegare, men no fekk eg plutseleg ånden over meg og smatt innom Husfliden i dag for å handla Finullgarn.
Valet fall på Fanakofta. Kunne jo ikkje verta anna når eg trass alt bur i Bergen.
Eg har så vidt kome igang og her ser de fargevalet. Hovudfargane er ubleika kvit og mosegrøn.
No maser Litjpia om at ho og vil ha. Enno er mor den største helten.


lørdag 15. oktober 2011

Småstrikk

Veka gjekk frå pest til fest.


Influensasjuk og sjølvmedlidande start på veka. Stakkars Litjpia som hadde ei så slapp mor. Då eg korkje hadde matlyst eller orka å strikka skjøna eg at det sto skralt til. Så produksjonen var nær null, men heldigvis sveiv feberen langsamt ut innan onsdag. Litjpia gjekk på legd til ymse av sine vener mine vener var stort sett på haustferie.
Onsdagen derimot fekk vi storinnrykk av ei veninne av meg med tre ungar. Sola skein og det vart ein super haustferie på Fløyen, kanopadling på Skomakerdiket, masse leik med store jenter (5,5 år) og ein storebror (8 år). O lukke! Det er desse tvillingjentene som forer oss med stort sett alt som finst av klede og sko. Så då er det jo på sin plass å gje ei lita strikkegåve tilbake. Eg er litt monoman når eg fyrst har funne ei oppskrift som fungerer så då vart det den same halsen på nytt.

Elles prøver eg å strikka opp restebomullsgarnet. Dette garnet er noko greier frå 80-talet. Mjukt og godt, men øh, ganske mykje overskotsfarge.....

Ha ein god laurdagskveld!

tirsdag 11. oktober 2011

WOW-hekling


Dette er reine kunstverk. Utruleg kva nokon får til.
De finn det hjå jungjung


I am speechless.

Sjekk det ut sjølve.

søndag 9. oktober 2011

Varm hals


Litt småstrikking må til på hausten. Det nærmar seg jul og i barnehagen bør ein vera varmare kledd etter kvart. Dessutan går det jo raskt unna. Denne gongen er det Litjpia og bestekompisen som har fått seg kvar sin hals.

Oppskrifta fann eg på Ravelry og den er frå Drops.

Eg har moderert den ein god del av di eg bruker pinne 3 og eit tynnare garn så eg la opp 90 makser, strikka 7 omgangar, 11 omgangar og 11 omgangar i staden for 4, 6 og 6.

Garn: Babyull frå Gjestal kjøpt på Sparkjøp.

onsdag 5. oktober 2011

Hidden in the forest


Ligger litt dårleg an til å nå 11 sjal i 2011, men er i alle fall oppe i 6 stk så langt. Siste sjal er Veera frå 100% Rain sitt Hidden in the forest. Ho har jo nokre veldig populære oppskrifter på Ravelry slike som Still light tunik med 565 prosjekter og Striped study shawl med 1385 prosjekt. Båe har eg strikka tidlegare. Her har de tunikaen og her er sjalet. Denne gongen er eg ein av dei ti fyrste til å strikka sjalet så får vi sjå om denne oppskrifta vert så populært som nokre av dei andre. Eg kjem i alle fall til å strikka fleire. 

Eg har stort sett nytta restegarn til den rosa delen og noko prøvegarn til det kvite. Det er nok litt tjukkare enn garnet Veera brukte så eg gjekk opp i pinnestorleik.

Vel, vel, det er ikkje så lett å ta bilete i haustregnet. Viss de ser nøye etter så ser de at eg har på med Still light tunikaen :-).

mandag 3. oktober 2011

Hausttradisjon

Er det når noko har skjedd i alle fall to haustar på rad. 5 vaksne og 6 barn på plass på Tysso i helga. Denne gangen funka doen og regnet var bytt ut med indian summer. Fantastisk flott helg med gode, gamle vener. 

Det vart fiska ein lyr, makrell og brokkoli - squashen glapp av kroken. 
Late dagar på kaien, rosene vart klypte og ugrass luka av beddet. Då er eg nøgd.

Litjpia har gått sin fyrste fjelltur!!! Mor er imponert for det var mange trapper og langt å gå for ei jente på 92 cm. Sjølvsagt hjelper det godt å ha selskap av 5 andre flotte ungar som syns at det er gøy å leika med ei lita jente. 


Elles stakk eg ein kjapp tur innom Fretex i Åsane på vegen og fann endeleg eit nytt bord til stova som kan ta over etter det alt for låge forsamlingshusbordet som sto der frå før.  


tirsdag 27. september 2011

Cherry blossom to go - ferdig blokka

Endeleg har eg fått strekt ut den derre krøllate filla som låg i sofaen og som eg har slitt over ein del kvelder. Umåtleg kjedeleg med omganger på 500 masker når ein må strikke vrang.

Som sagt ikkje spesielt begeistra, men så ser eg det plutseleg fiks ferdig blokka og då får pipa ein annan låt. Det vart jo skikkeleg lekker jo. Og det til tross for at oleanna-garnet var lit tjukkare enn garnet frå Tulliball.

Veit ikkje om eg hiver meg over eit så stort sjal ein gong til med det fyrste. Spissen når meg til under rompa og det må vera ca 2 m breidt for det er i alle fall godt breiare enn eg er lang. Derimot er det fjærlett, og det kan ein ikkje seia om meg. Med eit slikt nydeleg, tynt garn så må det naturleg nok vera lett. Eg brukte ikkje opp heile nøstet ein gong så det veg under 100 g. 

Her ser det blokking frå bokhylla. Judith etterlyste bilder frå bokhyllene vår. Vel, her har du mi. Eg sverger til Ivar-hyllar i rein nostalgi i tillegg til at eg tykkjer dei er passe røffe og ujålete. Her er det engelsk litteratur for seg, spansk i eit hjørne, krim for seg, feministisk litteratur, songbøker, historie, teikneserier (eg har komplett serieheftesamling av Modesty Blaise) i tillegg til skjønnlitteratur, DVD'ar og leiker.


 Ha ein strålande dag og kveld, eg skal avgarde på jobb.


mandag 26. september 2011

I påvente av blokking


Eg har strikka eit sånn derre lacesjal Cherry Blossom. Kan ikkje seia at det var den artigaste strikkinga eg har drive med. Puh, det var i grunnen ganske langtekkeleg. Trur derimot at resultatet ikkje er så verst. I alle fall var ei veninne av meg veldig begeistra. Vi får sjå, no må eg sjå til å blokka det. 

Elles held eg på med Hidden in the forest av 100% rain. Det er derimot herleg strikking. Trur det var alle desse langtekkelege vrangomgangane som tok knekken på meg.

Til helga skal vi på hytta med vener. Her ser det den eine stova. Ikkje fullt så gul og brun som tidlegare. Det vart kjempelyst etter at eg mal golvet grått og veggane kvite.

torsdag 22. september 2011

LItt høstleg melancoli i regnværet

Mine, dine osv barn har i grunnen ein viss tradisjon i vår familie. Difor har eg rikeleg med erfaring når det gjeld ein brokut familie og er lite opptatt av blodsband og genetikk. På same tid er eg skikkeleg opptatt av familie og slekt sidan bestefar min (morfar) fora meg med kunnskap om 5. menningar osv frå tidleg alder.

Men på same tid er genetikk uvesentlege detaljar, og det passer sjølvsagt bra når litjpia er frå Etiopia og besta er naboen som vi har adoptert osv.

Sidan farmora og farfaren min vart skild tidleg har far min også både stesøsken og halvsøsken. Det gir eit utal av syskenbarn. Farmora mi var veldig glad for bonusdøtrene sine så eg har nok sett meir til dei enn halvsøskna til far min på den andre sida.

Her er i alle fall min spansknorske fetter NICO STAI (altså ste eller bonus eller kva du no vil kalla det) som bur i USA. Det viser seg at han lagar strålande fin musikk.
(Hmpf, eg forsøkte å embed denne songen, men det vert berre svart skjerm.....)
(Yes, det handla om å bruka gamal embedkode og kanskje mac.....)



Namnet Stai er frå Østerdalen.


tirsdag 20. september 2011

Hugs auksjonen for Afrikas Horn

Hjertelill har snart fødselsdag og er då i mål med auksjonen sin. Målet har vorte auka til stadig høgare summar gong på gong og har snart viss ikkje allereie passert 10 000 kr. Slettes ikkje verst. Ære vere Lill og alle dei (øh vi) som har bydd og bidratt.



De kan framleis nå å vera med. Nett no ligg det auksjon ute på mellom anna dette som de ser på bileta.



søndag 18. september 2011

Jøss, eg har fått brukt symaskina

Hugser nesten ikkje sist. Trudde liksom eg skulle få tid til å sitja og sy på hytta når eg vart mor. Hallo, snakk om at ein har urealistiske illusjonar før ein vert mor.

No fyrst løsnar det. Litjpia har vorte 3 år og klarer endeleg å leika åleina - reint bortsett frå at ho helst skal gjera og læra alt eg gjer sjølvsagt. I helga har vi hatt besøk av fleire barn. Dei har snekra (flagg ?), skrudd i skruer og elles halde på ein del for seg sjølve. 

Ei pute i all mogleg juksestil. Har kjøpt eit stoff på Ikea med illustrasjonar, kroklisser og restestoff. Stripestoffet er også frå IKEA og det raude frå ein stoffbutikk på Grønland. No kan eg jo drøyma om ein større produksjon ein gong til neste år kanskje. Syr på hytta og strikker heime.

Strikking held ein jo på med av di ein kan gjera det kvar som helst og samtdig med at ein gjer anna som å sjå på TV, på toget, forelesing etc. Kor er den portable minisymaskina og syprosjektet som kan gøymast diskre ned under bordet?




I tillegg har eg endeleg brukt drillen slik at eg fekk på plass dei nye knottane til skapet. Kappsaga står endå og blømer for seg sjølv ute i boden, og den påtenkte sofaen har ingen sett.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails