Eg har fått ein "Liebster blog award" frå
Lindastrikkerier. Det er ein award eg lett kan klare å oppfylla for den er for bloggar med under 100 følgarar, og det einaste eg skal klare er å finna fem andre bloggar eg liker med mindre enn 100 følgarar. Målet er å spre informasjon om ulike bloggar. Eg er diverre himla dårleg til å svara på spørsmål og utføra utfordringar, men dette er berre hyggeleg. Tusen takk Linda!
Blogger eg gjerne vil nemna og gje awarden vidare til er:
Hjertelill som syr og lager utruleg mykje fint og fortel om alt det kreative ungane ho har på skulen tar seg til i tillegg til at ho har tre fine gutar inkludert ein av kompisane til Litjpia frå Addis.
Ragnhild sin stad som driv med kvardagsblogging i tillegg til diverse strikke- og syprosjekt.
Strikk handknits sør-afrikansk med norske aner som bur i London, strikkar mykje og med mange flotte bilder og andre inspirasjonskilder.
Citronmoster med fargerike strikkeprosjekt nede i Danmark.
Ein liten oppdatering: Sidan eg er så dårleg til det med awards og utfordringar så fann eg no denne logoen om award fri blog hjå Citronmoster (som eg då hadde klart å senda ein award til... øh). Den passer meg veldig bra. Eg syns det er veeeeeldig hyggeleg å få ein award, men får litt hjartet i halsen kvar gong så då er det kanskje greiast å styra unna.
A "Liebster blog award" from Lindastrikkerier. An award I finally can manage to fulfill since the only thing I have to do is find other 5 blogs with less than 100 followers that I like. The gole is to promote other blogs. I am terrible at challenges but this one I managed. Thank you Linda.
Just found this award free blog logo on Citronmoster blog (after having given her an award....). That is definitely the solution for me. I like people thinking of my blog but I am awful when it comes to actually doing something about them so I guess I am better off with no such attention.