Sider

torsdag 28. juli 2011

Kjenner fred i hagearbeid

Det har vore merkelege dagar med tøffe tak for mange - alt for mange. Den umiddelbare reaksjonen, samhaldet og viljen til ikkje å la terroristen sine håp og tankar få lov til å endra på ynsket og trua på eit fredeleg demokrati.


Rosene har vorte eit stort symbol. På hytta blømer den flotte klatrerosen min og fyller huset, hagen og livet med mykje venleik. 



Då eg kjøpte huset for 5 år sidan så var hagen inkjeeksisterande. Det var berre ugras og litt skrap framfor huset. No bugnar det av blomar.

mandag 25. juli 2011

Folkehav


Det kjendest godt å vera i byen i dag i dette folkehavet og fakkelbruset. Rørande og flott å sjå samhaldet og oppmøtet i regnet. 




Dei oppfordra til å ta med blomar eller lykter dersom ein ikkje hadde faklar. I mangel på begge delar sidan eg er på jobb heile tida så fekk syltetøyglasa føter å gå på og mor mi sneik til seg noko i hagen i bygården.

lørdag 23. juli 2011

Mållaust

Det har vore eit rart og sjokkerande siste døger. I går ettermiddag byrja eg på vakt på Kvinneklinikken i Bergen, og rett etterpå kom dei fyrste rykta om ei bombe i Oslo. Uverkeleg, men diverre sant. Seinare gjekk det slag i slag med stadig verre nyhende utover kvelden og natta. På same tid hadde vi fleire fødande og var med på livets største mirakel og ikkje minst det største mirakelet i dei einskilde familiane gong på gong. Vakkert og vondt på same tid.

Noko av det mest sjokkerande var likevel då det var klart at det var over 80 døde ungdomar på Utøya. Då var det ikkje lenger eit politisk attentat, men ein kaldblodig massaker.

Det har gått mange tankar til dei som er direkte berørt. Heldigvis er alle eg kjenner i god behald.

Stolt over at akuttberedskapen er på plass når det trengs og at folk er klåre til å steppa inn og yta det dei kan.

tirsdag 19. juli 2011

Sommarkjole


I den laaaange ventetida då eg gjekk og venta på å få henta Litjpia så for det ein del strikkeplagg mellom fingrane.  Det gjorde dette plagget også. Eg skulle freista å imponera damene på barneheimen til å tru at ho kom til ein skikkeleg heim. No er det jo slettes ikkje sikkert at dei tykkjer strikkekjolar er det flottaste i verda, men ein blondeinspirert modell tenkte eg i alle fall var i rette gata. Til sjuande og sist viste det seg at han var alt for stor. Likevel var det den kjolen vi kledde på ho på siste flyet, rett før vi landa og velkomstkomiteen skulle få sjå ho. 

No derimot er kjolen heilt perfekt og faktisk rett så søt. 

Oppskrifta er frå Mandarin barn 0904. De finn oppskrifta på Ravelry her. Eg hugsar ikkje heilt kva storleik eg strikka, men truleg 2 år og heller ikkje kva for garn eg endte opp med.

torsdag 14. juli 2011

Tid for vedlikehald


Huset er som de ser frå 1889. Det er i alle fall det det står på steintrappa. Det var totalrehabilitert for ca 10 år sidan. Sjølv kjøpte eg det for snart seks år sidan. Mitt lille paradis på Tysso, Osterøy.


No har vi nett vore her i snart to veker med to nieser, mor mi og hunden Max. Dei fyrste par dagane var også ei veninne med sine tre ungar på besøk. Niesene frå Oslo reknar det som sitt ferieparadis. 

Vi er stort sett der når det er Tysse-marknad og hugsar det som om vi har hatt finvær heile tida trass i at det regnar nærare halvparten av dei. 


I fjor laga eg dokkestove av den vesle utedoen. I år gjekk eg laus på vedlikehald - det var på tide å få på eit nytt lag med beis. Veggane var sterkt falma og saug til seg væte. Ikkje visste eg at det er så mykje forarbeid som skal gjerast før ein kan beisa. Sist eg beisa/måla eit hus må vera nærare 30 år sidan og då klaska vi berre malinga på den gamle veggen. No skulle eg derimot skrubba veggane med kraftvask fyrst og så spraya på noko sopp og muggdrepande greier. Puh, eg er dritlei av å setja opp stige i ulendt/skrånadne terreng. Til slutt må eg seia at eg er strålande nøgd. Sjølve beisinga tok berre ein dag med hjelp av mor mi. Ho er ikkje god i høgda og heldt seg på dei lægste plankane. Ho er av typen som må krabba ut av Fløybanen av di ho vert svimmel.

Eg hadde vel ikkje vald denne høgblåe fargen sjølv, men ser ikkje nokon grunn til å endra på han heller av di det i sofall skulle kosta meg eit par målingsstrøk ekstra.

Fargen heiter Aftenstemning, og det er jo slettes ikkje verst. Elles er også huset omtala som blånissehuset.

mandag 4. juli 2011

Dream stripes

Har klart å melda meg inn i "11 shawls in 2011" gruppa på Ravelry. Det kan jo halda hardt, men her er i alle fall nr 4 så langt i vår/sommar. Eg vart inspirert av Hanne og fann mønsteret på Ravelry. Det er eit gratismønster og er lett å følga. Rett nok så var ikkje m1r forklårt, og eg hadde ikkje sett det før. Youtube er fantastisk. Det finst nesten ikkje den strikketing du ikkje kan søka på og så har du ein forklaringsvideo.

Eg har brukt eit multifarga garn som diverre ikkje er rein ull, men det er mjukt og deilig. Det var fargane eg falt for sjølvsagt. Det heiter Lang yarns Tosca light og eg brukte pinne nr 4 for å få det lett og luftig.


Dette er fyrste gongen eg strikka noko soms helst lace-aktig, men det var jo ikkje så verst så eg får ta steget vidare til noko meir innfløkt neste gong.


Sjalet har allereie vore i bruk. Laurdag var det nemleg 20-årsjubileum for Follorussen-91. Det er utruleg kor lite folk forandrar seg i grunnen. Rett nok har nok dei fleste nokre kilo ekstra, litt vikande hårfeste, fleire rynker osv, men eg såg gjennom 20 år gamle briller og tykkjer det var som i går. Eit av mine beste minner er faktisk gruppearbeid med den faste gjengen Halvard, Vidar og Frank. Vi hadde nokre fantastiske diskusjonar.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails