Sider

søndag 20. september 2009

Latino pop


Fekk tilsendt ein ny link frå ei veninne på ein mexicansk musikar i tradisjonen romantica latina. Diverre kunne ikkje den leggjast til, men då kom eg på min "ven" Diego Torres. Han var eg innesperra med i ein liten heis i Lima i 45 min. Skjøna ikkje før eg sjekka det ut på nettet at mannen var superstjerne. Vi hadde det hyggeleg og lo mykje. Han har mellom anna sett bilete av eit veldig snødekt Jostedal i mars.

torsdag 17. september 2009

Posete lue




Ei veninne etterlyste ei litt posete lue til å dekka sitt nakne hovud. Då vart det denne. Har strikka på pinne nr 3 med eit garn der 10 masker over 10 omganger vert 5x3 cm. Altså eit tynt garn på nivå med vanleg babyull. Dette var då dobbel tråd av garnet eg kjøpte hjå Oleana.

Legg opp 140 masker og strikk 5 cm vrangbord, auk så kvar 7. maske slik at det vert 160 masker. Eg strikka så 3 omganger før eg auka 20 masker til til 180 masker. Strikk så 14 cm før du byrjar å fella. Fell på 4 område på lua. Det vil seia at du strikker maske 44 og 45 saman, maske 89 og 90 saman, maske 134 og 135 saman og maske 179 og 180 saman. Strikk så saman to og to masker på dei same 4 stadene til du berre har igjen 4 masker. Voila, du har denne lua.

søndag 13. september 2009

Retro lampe



I helga har det vore Matfestival i Bergen. Heile Bryggen var fyllt av Bondens marked og kortreist mat. Eit herleg konsept. Då hadde også Bryggen kunstskole loppemarknad for å samla inn pengar. Eg snubla tilfeldigvis innom og sikra meg 6 nummer av Starlett frå 80-talet og eit Penny pocket. Mimre, mimre. Der fann eg også denne herlege lampa som berre ropte på å verta kjøpt. Då eg spurte kva dei skulle ha for den så sa ho som styrte loppemarknaden;"Er du villig til å betale (og her såg eg for meg nokre hundre kroner) - 50 kr?" Eg var i sjokk, hæ 50 kr! Det var jo alt for lite for ei så fin lampe så eg høyna til 200kr for ei god sak. Er det ikkje samde i det? Måtte liksom høyna statusen til lampa mi litt. No må eg berre skaffa meg ein litt lengre ledning før eg får hengt den opp på kjøkenet, men er så nøgd at eg berre måtte leggja ut nokre bilete med ein gong.

onsdag 9. september 2009

Lillestakken ute og vandrer



No passer endeleg kjolen perfekt. Anten så likte ho det veldig godt då ho fekk den på i dag tidleg eller ikkje, for ho drog veldig i han og kika på han på kryss og tvers i dag tidleg. Eg tykte i alle fall at ho var bedårande fin i den. Her roter ho rundt i bladkorga og eg ser rommet frå barnehøgde.

mandag 7. september 2009

Mønsterstrikk





Endeleg er vårens store mønsterstrikkeprosjekt ferdig. Då det viste seg at ventetida for å få reisa og henta veslejenta dro ut så ynskte eg meg eit prosjekt som skulle ta litt lengre tid. Det var kjipe månader så det var ikkje om å gjera å få tida manifestert ved ein stor haug av strikkeklede.

Då eg stakk innom Husfliden fann eg dette mønsteret frå Raumagarn. Sjølvsagt kunne eg ikkje dy meg for å endra oppskrifta litt. Difor har jakken fått vippekantar nedst og på ermane. I tillegg ynskte eg meg ei litt lys jakke til den fine mørke jenta mi så då vart det lysegult og kvitt med grønt.

Diverre gjer haustmørkret sitt til at eg måtte bruka blits og heller laber kvalitet, men sidan eg absolutt er ganske så nøgd med resultatet så får det stå til.

Knappar kjøpte eg i all hast ein dag det striregna, jenta var dritlei av å vera inne, laptopen såg ut til å ha streika nettopp på ein dag det var søknadsfrist for noko eg berre måtte ordna osv. Det var av absolutt viktig at ho ikkje skulle somna på trilleturen til å frå knappebutikken så eg jodla og sang, utsatte ho for regn og rista litt forsiktig i ho ganske hyppig til vi kom heim. Då slokna stakkars dropset mitt, og eg kom i mål. Knappane vart ikkje noko anna enn heilt enkle.....

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails