Sider

onsdag 30. desember 2009

Eitt år som mor

I dag feirer eg eitt år som mor - i alle fall har eg vore mor mentalt sett for litjpia, i eit år. Eg vart oppringt midt på dagen av ei som fortalde dei hadde ei lita jente som eg kunne få verta mor for dersom eg ville. Heilt sjukt og fantastisk. Mor mi trudde noko alvorleg gale var skjedd sidan eg berre hulka fram gledestårer då eg ringte.

Då hadde eg fått tilsendt eit bilete som var litt dårleg i fargen av ei lita jente på 2,5 mnd som kika rett i kamera. Ein absurd augneblink - dotter mi. Eg var jo ikkje i tvil, men venta til dagen etter då papira hennar hadde kome og mi barnelegeveninne var konsultert før eg sendte "eg har vorte mor" sms til vener og kjente.

Og så gjekk eg rett på vakt på Kvinneklinikken i Bergen. Heldigvis hadde vi det ikkje så travelt og heldigvis hadde eg hjelpsame kolleger med meg som skjøna at fokuset var ein litt annan stad. Nyårsbarnet mitt.


6,5 mnd tok det før eg fekk reisa til Addis Abeba for å henta ho, og no er ho her som om ingenting har skjedd. Det naturlegaste i verda

One year mentally as a mother to my gorgeous little girl. I couldn't believe it when I got the phone telling me I could be her mother. It took 6,5 months before I could go to Addis Abeba to pick her up but now all that waiting is long forgotten.

torsdag 24. desember 2009

O jul med din glede

Her sit eg og pustar ut åleine etter fyrste julekvelden med litjpia. Mor mi hoppa i ein drosje og dro på nattevakt for å ta imot eventuelle nye borgarar. Siste melding tyda på god tid til å sjå Little Women og strikka for personalet på Orkdal fødeavdeling. For ikkje å gløyma å nå ei høgare omsetjing av kaloriar enn året før. Men barn og fødslar skjer sjeldan til planlagt tid så til slutt endar ho kanskje med å springa frå eit barneskrik til eit anna.


Litjpia har lagt seg. Eg cruiser rundt på TV medan eg bloggar og strikker ullbukser. Starter med litt Shakespeare in love og går så over til Little Women

Det er utruleg kor mange fleire gåver ungar genererer. Litjpia sit att med eit heilt lite tårn av supre gåver.

Ein strikkar kjem sjeldan åleine så i år har det bugna med mjuke og heimeproduserte gåver til litjpia. Takk til grandtante, tante, beste og bestemor.

Kunne ikkje dy meg og måtte ta bilete av alle dei gilde strikkeplagga.



GOD JUL 
til alle og ein kvar.


My little daughters first Christmas is just over. She's gone to sleep, my mum's off to a night shift as a midwife and I'm left with the TV. Our family is obviously full of knitters so my little daughter has received a lot of wonderful knitted garments.
Merry Christmas

tirsdag 15. desember 2009

Benetton-reklame på tur

Gran Canaria i desember er slett ikkje å forakte. Litjpia var strålande nøgd med å gå i lette sommerkjolar, bleie og sandalar stort sett heile tida.


Vi var på tur med veslevenen som er fire år, eit sjarmtroll og har Downs syndrom. Etter at eg fekk litjpia så har eg jo merka at små, mørke barn av norske foreldre er veldig synlege og får mykje merksemd. Det er jo stort sett berre hyggeleg, men kan jo verta litt mykje av og til. I konkurranse med veslevenen derimot så er det litt meir ekvilibrium. Mor hans har gitt opp å tru at ho kan gå ubemerka gjennom gatene.

Veslevenen har sjarmert seg inn på alle kjøken med litjpia i helane. Spanjolar er generelt sett positivt innstilt til småtassar. Når litjpia dristar seg til å senda slengkyss så vert veslevenen derimot så positivt innstilt at han like så godt vil klemma heile forsamlinga.

På (sfera) i Las Palmas sat veslevenen og litjpia i kvar si vogn oppe på ein avsats medan mødrene pilte frå klesstativ til klesstativ. Til slutt hadde dei eit heilt batteri av publikum som dei kunne vinka til og skrattle slik at veslevenen måtte slå seg på låret.

Til alt overmål var dei fyrste vi møtte då vi kom fram til hotellet eit reisefølge med mørkhuda og ein kvit familie med ei jente med Downs syndrom. Då kjende vi oss ganske så mainstream.


fredag 4. desember 2009

Stopping


Eg kan ikkje fordra å strikka sokkar. Det er noko med sokk nr to og at sokkar stort sett gøymast i sko som ikkje gjer det til noko favoritt, men eg elskar å ha heimestrikka sokkar.


Diverre slitt eg sokkar som berre fy trass i nye påfyll frå mor mi og ymse andre som gamle tante Solveig til dømes.


Så då er det heldigvis slik laga at eg også er veldig glad i å stoppa sokkar. Det har eg også lært av far min. Han er også glad i å stoppa sokker. Ei vedkjenning han nett har kome med.


No har eg nett hatt ei ny økt i stoppinga. Eg hadde lagt til sides og spart opp med tanke på alle desse timane eg hadde i sofaen etter at eg vart mor. Det var rett nok før eg fekk strikkeanden over meg igjen, men altså her har de diverse nybøtte sokkar. Legg merke til at eg gjerne nyttar bøtegarn av heilt annan farge. Ein må jo sjå at det har vore arbeid på gang.

mandag 30. november 2009

Korleis eg lærte å strikke

Ei lita oppfordring til andre bloggerar som stikk innom bloggen min. Skriv om korleis og når du lærte å strikke og send meg ein link i kommentarfeltet eller skriv noko i kommentarfeltet.


Sjølv var eg omlag 6 år. Eg hugsar det utruleg godt. Mor og far min var særs radikale og slik eg hugsar det hadde vi denne kvelden eit kvinnemøte heime hjå oss. Mor mi seier alltid at far min ville gje ho "fri" til å gå på kvinnefront-møte, men at ho eigentleg var mest interessert i kina-spørsmålet så eg kan ikkje med handa på hjartet påstå at dette var eit møte i Kvinnefronten. Sidan eg no er aktiv i Kvinnefronten skulle eg sjølvsagt gjerne gjera det, men  akk ein kan jo ikkje driva med historieforfalskning.

Stova i vår treroms leiligheit på Sollia i Trondheim var i alle fall full av damer som klumpa seg i den brune kordfløyel sofaen eller den far min hadde snekra. Reint bortsett frå at mor mi hekla på eit slikt bestemorteppe så hugsar eg ikkje om det var ein handarbeidskveld. Men eg har vondt for å tru at det berre dreide seg om handarbeid i dette politiske miljøet. Det var jo heldigvis ikkje uradikalt å driva med handarbeid på den tida. Sjølvberging og hønsestrikk var veldig populært.

Eg skulle i alle fall læra meg å strikka. Mor mi var mildt sagt utolmodig og upedagogisk trass i at ho var  og er familiens beste strikkar. Far min derimot er meir stillfarande, pedagogisk og tolmodig. Han har dessutan sjølv lært å strikka då han var barn og strikka mellom anna ei lue til fetteren sin då han var ein plass mellom 8 og 12 år. Det kunne i alle fall farmora mi stolt fortelja.

Så sat eg der då med ei raudt ullgarn og sveitta over pinnane medan far min tolmodig og gjentatte gongar tok meg gjennom pinne etter pinne. Om det i det heile tatt vart noko av dette strikket anar eg ikkje, men det er definitivt den kvelden eg lærte å strikka.

søndag 29. november 2009

Award

Jøss, eg har fått ein award frå Vibekes lille grønne. Kjente eg vart veldig overraska og stolt over at andre har glede av denne "husmorbloggen" min som eg kallar han.  Ein hakkar jo avgarde på tastaturet og pinnane i eit slags ønske om å dokumentera for seg sjølv samt som eit ledd i å få inspirasjon frå ande. Det har vorte hevda at vi lever i ei tid då alle er redde for å verta gløymde/ikkje visast og at det er det som er drivkrafta bak all blogging, twitter og facebook. Vel, uansett er det artig å sjå kva andre får til og at strikking er slik på mote etter at vi hadde strikkeåret i 2007. Veldig, veldig hyggeleg så tusen takk!!!


No skal eg senda denne awarden vidare til 5 andre bloggar.
Monstermønster som i tillegg til å vera veldig produktiv er eit oppkome av gode linkar til alt ein skulle ynska.
Ragnhild sin stad som skriv om litt av kvart inkludert strikking på NYNORSK (JIPPI) og som er ganske morosam til tider.
Hannes strikkerier som er allsidig på handverks-/handarbeidsfronten og som inspirerer mange med sin blogg også gjennom å vera ein ivrig og hyggeleg kommentator til andre.
Por amor al arte who lives in Chile and has a colourful variety of photos and display of her home made items. Just love it!
Judith sin strikkeblogg Full av fine nye og gamle mønster og linkar. You've got to like it.

I recieved an award from Vibekes lille grønne. Slightly proud and surprised to see that my blogging can be an inspiration for other. I'm happily reawarding the award to 5 other bloggs. Thank you!

torsdag 26. november 2009

Vest med daisies



På nytt har eg forsøkt eit av mønstera i Myk start. May B. Langhelle har mange fine mønster. Eg vert visst heller aldri lei av å strikka daisies. Gløymde reint å ta bilde av ei lue i dei same fargane som også fekk daisies.

Daisiesmønsteret finn de hjå Pickles.

Eg strikka det eg trudde var ein 9-12mnd storleik, men grunna daisiane som eg strikka på pinne 4,5 av di dei gjer at strikken vert litt strammare enn det som ikkje er i daisymønster. Bolen strikka eg på pinne 3. Difor vart omkrinsen oppe ved skuldrene 4 cm vidare og så auka eg litt på lengda også. Så storleiken er kanskje meir ein 18 mnd storleik.

Det melerte garnet har eg kjøpt på nett hjå colorsong yarn og det raude er frå turen min til Oleana.




tirsdag 17. november 2009

Daisyjakka har fått eigar og broren har fått seg vest


Jakka som de finn oppskrift på her har no fått seg ein veldig trufast og søt eigar. Enda ei litjpie som er tullekusina til litjpia mi. Når vi ikkje har så mange verkelege slektningar i byen så er det veldig fint å ha nokre sjølvalde. Mora og eg har kjend kvarandre sidan fyrste klasse og ingen av oss har så mange nære slektingar i byen. Derimot har vi nokre fine ungar som vi gjerne vil vera tanter for.

Så då har eg fleire å strikka til.

Må seia eg er veldig fornøyd med den vippekanten på vrangborden.

Godt med vest til vinteren så då laga eg denne til storebrødrene på snart 3 og 4,5 år.


Oppskrift: 166 masker 4,5 cm vrangbord. Auk til 186 masker og strikk rettstrikk til 25/28 cm. Eg har strikka striper med 5 omganger per stripe. Del arbeidet i to. Fell 6 masker for kvar armhole. Annakvar omgang feller du 2 masker i kvar side to gongar og så 1 maske 3 gongar. Når armhola måler 10 cm byrjar du å fella for halsen. Fell 12 masker midt på framstykket. Fell fyrst 3 masker på kvar side av halsen, så 2 masker to gongar og 1 maske 3 gongar. Eg plukka opp ca 94 masker rundt kvar av armholene og 90-94 rundt halsen.

mandag 16. november 2009

Naivistisk


Barnevakttenesten har nett vore på besøk. Ringt og nedkallt i teneste då eg fekk akutt behov for å vera noko meir enn berre mamma. Så der svingte mor mi seg rundt og tok ekspressbussen ned til Bergen. Ekspressbussen vil seia 16 timar over natta frå Trondheim via Sogn og Fjordane til Bergen. Der sit ho og tronar på fyrste rad med boka på fanget og strikketøyet i hendene.

Ikkje berre kom barnevakttensten i ekspressfart, men ho hadde også med seg nokre kjoler til litjpia, nabovennen og Oslo-veninna. Designaren av teikningane er storekusina i Oslo. Ho og bestemora hadde gått gatelangs i Paris då dei såg ein kjole med barneteikningar og lot set inspirera. Og jenta tok oppgåva med glans og no er teikningane foreviga på kjolene.



Ikkje verdas beste årstid for godt ljos, men eg tykte dei var så søte at eg ville dela med dykk.

søndag 15. november 2009

Litjpia sin favoritt

Litjpia er snart 18 mnd og ein sucker for god musikk. Mange meiner ho har det i genene av di ho har afrikanske gener. Ha, ha, eg lo godt då eg sjekka opp musikken til oromerane. Ikkje nett det ein tenker på som afrikanske rytmer.

Fakta er at vi har alle medfødd rytme i ulik grad spørsmålet er berre om vi utvikler det og tar var på det eller ikkje.

Her får de fyrst litjpia sin favoritt Rosana frå Spania - El Talsiman.




Og her har de litt oromisk musikk (ormerane er ei stor folkegruppe i Etiopia). For meg høyrest det ut til å ha meir til felles med arabisk. Må seia at det er ganske enerverande med all den elektrnikken dei har pøst inn i all oromisk musikk eg klarer å finna på youtube.


tirsdag 10. november 2009

Vakkert i Fjellveien


Det har vore nokre vakre og varme dagar på vestlandet i det siste. Ein riktig så nydeleg haust då vi berre vart ferdige med regnet i september. Det er no eg riktig får bevis for kvifor det er så gildt å bu i Bergen. Når det er rikig så surt og kaldt i resten av landet (les spesielt Trøndelag og Oslo der eg har familie) så er det framleis så mildt i Bergen at ein ikkje ein gong treng å nytta vottar. I dag måtte eg til og med kasta jakken på veg opp mot Fjellveien.

Det er ikkje alltid så lett å få tatt bilde av litjpia når ho spring rundt og helst vil springa rett mot kameraet fordi "berre må ha" nett det mamma held på med, men nokre fine bilde av raumakofta vart det jo. Eg har skrive om den tidlegare.



Endeleg fekk eg tatt nokre bilde av ho og meg saman også. Når det finst berre ein fotograf i familien på to så er det smått med det. Kasta meg over eit par forbipasserande som villig stilte opp. Det er ikkje alltid at moderen vert like nøgd med resultatet. Lett å få litt for mykje skugge og så er det jo det at ein gjerne vil verta avbilda på rettsida og ikkje vrangsida. Vi har jo alle ei finare og ei mindre fin versjon av oss sjølve. Når eg klager over resultata på bildene til mor mi seier ho;"ja, men du ligne nå på dæ sjøl". Kor irriterande går det ikkje an å vera. Eg vil ikkje likna på meg sjølv eg vil vera ein glansbildeversjon av meg sjølv. Det handlar trass alt om julekortproduksjon med tilhøyrande distribusjon. Vel, eit brukande resultat vart det i alle fall.

lørdag 7. november 2009

Endra blogdesign?

Når ein sit heime på kveldane og trøyer tida med strikking og the Wire så vert det mange avbrekk på nettet. Noko må ein ha å gjera, og det å vaska ned huset eller liknande er ikkje det eg traktar etter. Skal eg vera heilt ærleg så er eg så glad når eg endeleg har svingt moppen at eg tykkjer det er nyvaska også etter ei veke. Men så dukker det opp hybelkaninar - på badet.


Det finst utruleg mykje å sjå der ute på free templates for blogger, men ikkje så mykje som er veldig aktuelt. Litt mykje fargar eller veldig sterilt med nokre vanvittige illustrasjonar. Her er vel ein av dei mest innhaldsrike sidene.

 Ikkje heilt enkelt å velja og når ein så skal forsøke så får ein beskjed om at dei møysommeleg tillaga listene ein har laga seg i sofall vert sletta. Då får eg lettare panikk. Dette er verkeleg upløyd mark for meg så då vart det ikkje fleire endringar denne gongen heller enn å endra litt skriftfarge. Hallo! kor avansert må det eigentleg vera? Eg har aldri likt å ommøblera. Ta vekk og leggja til derimot, men sofaen står der den står til den er så full av flekkar etter klissete barnehender og hendige uhell at han må bytast ut.

Nei, no er det på tide med ein ny episode the Wire og vidare strikking på ein vest til ein gut på 4 år.
 

onsdag 4. november 2009

Hekla korg



Etter at eg endeleg kom meg opp i loftsboden så er stova endå fullare av garn. Det viste seg at eg hadde ein del garn igjen frå min husflidsperiode på 90-talet. Den gongen (førre gongen) Dc Martens var på mote, miljøvern var hot; kampen mot EU tok ein del tid og eg tok imot restegarn frå fjern og nær.

Vel, med så mykje garn i stova så hadde eg bruk for fleire korger til å ha dei i. Plastposar er forbode og miljøvennlege stoffnett er litt kjedeleg å sjå på. Så då fann eg denne oppskriftaRavelry.

Korga vart 29 cm i diameter og 22 cm høg.

Eg har jo då også omsider oppdaga denne nettstaden for handarbeidsfantastar der ein kan dela idear, prosjekt og garn mm.

søndag 1. november 2009

A donde vayas

Har mimra litt med musikken til Elefante så då fekk eg lyst til å dela litt.

fredag 30. oktober 2009

Djevel lue/hjelm lue - kjært barn har mange namn





Dette er sjølvsagt ein klassikar. Superlett og raskt å strikka. Eg har fallt ned på å strikka med 36 masker i 18 riller og så berre endra garntjukkelse og pinnar når eg går opp i storleik.

Oppskrift:
Legg opp 36 masker. Strikk rett ein omgang med dei opplagte maskene reknar eg dette for ei rille. Det er no eg ofte skiftar farge slik at annakvar rille får ulik farge, men det er ikkje nødvendig. På neste omgang strikker du maske 2 og 3 saman og når du kjem på slutten av omgangen auker du ei maske før dei to siste maskene. Gjer dette annakvar omgang. Når du har strikka 18 riller (36 omgangar) så auker du ei maske mellom maske 1 og 2 og strikker den 3. og nest siste maska på omgangen saman. Gjer dette i nye 18 riller. Når du no har strikka til saman 36 riller så byrjer du på nytt med å strikka saman maske 2 og 3 samt å auka før dei to siste maskene. Strikk 9 riller slik. Auking og felling skjer alltid på annakvar omgang. Etter 9 riller strikker du nye 9 riller der du auker i byrjinga av omgangen og feller ei i slutten. Etter desse 9 rillene har du strikka til saman 54 riller. No skal du strikka 18 riller der du strikker saman to masker i byrjinga av omgangen og auker i slutten. Etter desse 18 rillene strikker du 18 riller der du auker i byrjinga av omgangen og strikker saman i slutten. No er lua ferdig. Når du syr den saman så syr du fyrst saman den fyrste og siste rilla du har strikka. Bak vil det vera som eit stjernemønster som skal syast saman. Som eit "hakk" innover som skal syast saman der du har strikka 9 riller og så skal kvar av dei 18 rillane i byrjinga av arbeidet og dei 18 rillene i slutten av arbeidet syast saman. Til slutt møtast dei i ein "spiss" bak. Foran har du då ein spiss ned i panna. Ta opp 3 masker i kvar av dei store spissane fortil og strikk rett, vrang, rett ein omgang og vrang, rett, vrang annakvar omgang til du har lange nok snorer. Eventuelt kan du hekla eller tvinna snorer.

Lukke til.

torsdag 29. oktober 2009

Retro kjole








Dette mønsteret frå Dale har ein skikkeleg retro look. Kjolane på 70talet var litt stuttare i stakken slik at småfolka kunne springa friare i kring. Ofte hadde dei rett nok ei strikka pynteunderbukse også. Eg hugsa godt at ein del jenter hadde nokre voldsame fluffy truser under stakken. Var eg missunneleg? Nei, eg trur ikkje det. Hugsar det best som eit merkeleg fenomen. Vel, denne kjolen har ikkje strikketruse. Det held fint med eit par strømpebukser eller tights.

LItjpia var veldig fornøyd då ho fekk den på og stilte faktisk villig opp for fotografen - utan heilt å skjøna instruksjonane.

onsdag 28. oktober 2009

Latino klassiker

Eg elskar desse latinoklassikarane som nesten vert som standardlåtane innafor jazz. Her er ein av mine desiderte favorittar som er sunge av mange forskjellige. Luz Casal sin versjon er den eg likar best. Grunnen til det er vel så enkel som at det var den fyrste eg høyrde. Eg har den på ei plate med musikk frå Almodovar sine filmar. Songen var med i filmen "Tacones lejanos" (Høge helar). Que disfruten! (Enjoy)

tirsdag 27. oktober 2009

Garn, garn og meir garn







Huff, kor kjekt det er å handla garn. Det dukker stadig opp nye kvalitetar og ikkje minst fargar. Må nok seia det er fargar som er den største triggeren for min del.

I tillegg har eg jo ein ide om å gjera dei gode kjøpa som gjorde til at eg kjøpte 20 nøste med reint silkegarn for til saman 150 kr. Hm, eg har jo aldri strikka noko i silkegarn og ikkje så mykje i bomull heller, men noko kan eg vel anvenda det til. Håper eg.

Her er det ull frå nøstebarn, herleg abuelita garn frå Pickles og eit handfarga garn frå denne nettsida colorsong yarn. Det siste viste seg jo å vera ei rådyr affære sidan det kom 240 kr i toll på toppen. Vel, så lærte eg det og. Det er veldig lett å handla med kort, svusj så var det gjort. I tillegg har eg klart å kjøpa mitt dyraste garn ever som er to nøste i cashmere/silke. Veldig drøyt med sine 300 m per 25g, men kva skal eg eigentleg bruka det til? Sjå det er ei heilt anna sak.

mandag 19. oktober 2009

Jakke med daisies




Etter mange år der eg knapt har rørt ein strikkepinne så har det siste året vore ein liten garnrevolusjon. Truleg var det den store famileauken som var i sikte som hadde hovudskulda for det. Dessutan så er det jo ein viss nasjonal og internasjonal trend ut frå alle moglege nettsider og bloggar å døma. EIt nytt miljø- og gjennbrukstiår. No fråtsar vi i nye strikke- og gjenbruksbøker.

Så då har eg latt meg inspirera. Det er så mykje fint å finna på nettet og i diverse strikkeoppskriftar. Garnet er hovudsakleg frå Oleanna med litt restar i diverse rosa-/raudfargar. I tjukkelsen på garnet er omlag som klassisk totråds ullgarn. Vrangborden og volangane nedanfor er inspirert av ermane på ei jakke eg har strikka tidlegare frå Myk start Oppskrifta på korleis strikka daisies finn de hjå Pickles. Dei har lagt ut veldig informative bilete så det var enkelt å få til. Storleiken passer til ca 3-6 mnd. Det finst trass alt ein del kjempebabyar i dei norske heimane etter kvart. Store, fine og velfødde. Mi vetle, sneddna snelle vert stadig tatt igjen i både vekt og høgde av små barn som er eit halvår yngre. Vel det var ein digresjon. Strikk vrangbord på pinne 3 og resten på 3,5. Eventuelt kan du nytta pinne 4 på daisies av di strikket tenderer til å verta litt strammare med den teknikken.

Legg opp 260 masker, strikk rett fram og tilbake til du har 5 riller/10 omgangar. Strikk så saman to og to masker til du har 130 igjen. Då strikker du vrangbord 10 omgangar. Strikk ein omgang glattstrikk og auk 10 makser jamnt fordelt. Strikk så daisies 22 rader. Strikk 28 masker rett, fell 10 masker strikk 54 masker rett, fell 10 masker. Du skal no ha 28 masker igjen som du strikker ut. Strikk så ermene. Legg opp 80 masker og strikk 3 riller /6 omganger. Strikk så saman to og to til du har 40 masker. Auk to masker ca kvar 1,5 cm 10 gonger til du har 60 masker. Strikk til ermet måler 18 cm. Fell 10 masker midt under ermet. Strikk så dei 28 maskene på hovudarbeidet og strikk inn det fyrste ermet når du kjem til området det er felt makser, strikk dei neste 54 og strikk så på det neste ermet. Kvar gong du strikker på rettsida av ermet strikker du to masker rett saman og to masker vrangt saman ved skøyten mellom hovudarbeid og erme som ved vanleg raglanfelling. Strikk og fell til saman 18 riller før du feller til hals. Halsfelling 3, 2,1 og 1 masker i byrjinga på dei neste omgangane. Til slutt vil det då vera samanfallande halsfelling og møtepunkt for der raglanfellinga byrjar. Sett alle maskene på ein hjelpepinne eller ein tråd. No lager du knappestolpen. Legg opp 12 masker og strikk annakvar rett og vrang. Etter 5 omganger lager du det fyrste knappholet ved å strikka 5 masker, to masker saman og så eit kast. Eg har laga knapphol kvar 14 omgang og fekk då 6 knapphol. Når du har strikka knappestolpen så lang at den når til kanten av halslinninga, set du maskene på ein tråd. Knappestolpen syr du fast slik at den byrjar over volangane. GJer der same på den andre sida, men då utan knapphol. No set du alle maskene som er på knappestolpe osv på ein pinne og plukker opp 10 masker i det området du fellte på kvar side i halslinninga. Strikk 7 omganger og fell så av. Lukke til!

Favorittmusikk

Eg vert skikkeleg nostalgisk og litt gladtrist av denne låta. Det er heilt klart ein av mine favorittar. Den heiter Aguacero og gruppa er frå Mexico og heiter Elefante.

Enjoy.

lørdag 17. oktober 2009

Å snope garn


Eg er i ferd med å bruka ein formue på garn. Før har eg stort sett satt min lit til restegarnlageret eg har på loftet og i stua, men det minkar. Min strikkekarriære har lege brakk i omlag ti år før den no skaut fart igjen.

Tida går utruleg fort. Eigentleg har den kanskje lege brakk sidan førre EU-strid då eg sat framfor Stortinget og strikka mot EØS. Hadde eg hatt ein scanner skulle de få sett biletet av Kaia Storvik som no er politsk leiar i Dagsavisen og eg som sit på graset bak ein stand og strikker framfor Stortinget. Det er historisk. Viss ikkje Kaia i ettertid har tatt til pinnene så var det hennar største strikketøy. Rett nok fekk ikkje strikkinga vår omfattande politisk gjennombrot, men vi bidrog til eit digert lappeteppe som kanskje har halde nokon varm.

Så garnlageret mitt minkar og nettmarknaden har auka monaleg sidan 1992. Det er så utruleg mykje lekkert at lommeboka mi spring lekk. På denne nettsida med handfarga garn har eg tinga ein del garn mellom anna. Så får vi sjå kva det skal brukast til når det kjem i hus.

Sidan eg etter kvart treng fleire korger til å oppbevara alt dette garnet i har eg også tenkt å hekla meg nokre korger. Ein gong eg og ei veninne var på sydentur til Tunisia med Express reiser. Turen kosta heile 1250 kr og selskapet kollapsa berre nokre månader seinare. På den turen kjøpte vi i alle fall garn i ei mørk bu i ein avsides bydel i ein heller skranglete by. Garnet fekk vi nesten til gibortpris og skjønte ikkje før vi kom heim at det vel helst skulle brukast til å veva tepper enn å strikka gensrar. Det var i alle fall ganske grovt og "stikkete". Dette garnet har eg no tru på som sokkekorggarn. Vel, vel, god natt, eg har passert mitt fornuftige køyetidspunkt.

onsdag 7. oktober 2009

Strikka trønderbundad


Då har eg endeleg tatt eit bilete av den strikka trønderbunaden. Det er linfor på innsida av vesten. Diverre ikkje eit super foto av di eg måtte ta det gjennom eit vindauge. Den kan altså finnast på Tråsnella på Orkanger.

torsdag 1. oktober 2009

Gamle klassikarar


Har omsider kome meg på visningsferd til Trøndelag via Oslo for å visa fram litjpia. I det trangt pakka baggasjen har eg klart å gløyma kabelen til kameraet. Typisk. Så no vert det ikkje så mange nye bilder på bloggen av alle dei strikkeprosjekta eg held på med for tida. Rett før eg reiste klarte eg å bestilla meg litt garn frå Pickles. Det er så utruleg artig å snopa litt garn her og der. No har eg dessutan kome heim til ho mor der det bugner av garnnøster i alle korger, krikar og kroker. Då får ein jo stadig endå fleire idear.

Sidan toget til Oslo var ein halvtime forseinka karra eg meg inn på husflidsbutikken på jernbanen i Bergen. Her kom eg over dette heftet frå Dale - Dale Classic.

No har eg også byrja på ein kjole i mønster frå Sirdal. Det er den lyseblå og kvite kjolen de ser på bildet. Elles tykkjer eg dei kjolene frå Setesdal er utruleg fine i halsen.

På Trådsnella på Orkanger har dei også utstilt strikka trønderbunad for barn!

søndag 20. september 2009

Latino pop


Fekk tilsendt ein ny link frå ei veninne på ein mexicansk musikar i tradisjonen romantica latina. Diverre kunne ikkje den leggjast til, men då kom eg på min "ven" Diego Torres. Han var eg innesperra med i ein liten heis i Lima i 45 min. Skjøna ikkje før eg sjekka det ut på nettet at mannen var superstjerne. Vi hadde det hyggeleg og lo mykje. Han har mellom anna sett bilete av eit veldig snødekt Jostedal i mars.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails