Sider

mandag 29. juni 2009

Kaffe Fassett sitt valmuesejal i restegarn




På 80-talet var det Kaffe Fassett feber, og strikkinga hans har vore ein vedvarande fasinasjon og inspirasjon for meg. Det er ein orgie i fargar og leik med garn i ulike kvalitetar. Skal du vera 100 % tru mot mønstra hans så er det veldig krevjande av di han gjerne skiftar mellom fargar og garn mange gongar i løpet av same pinne. Difor har eg oftast forenkla noko.

Her er det fyrste eg strikka etter inspirasjon av han -valmuesjalet. Det strikka eg i 1993/94, og det er like fint i dag. Det har vore med på mykje - ikkje minst EU-kampen i 1994. Eg er kjempeglad i det sjalet. Då eg var på slutten av sjalet, var det så mange masker på pinnen at knapt fekk strikka meir enn eit par rader på ein kveld. Garnet eg brukte var ull i alle moglege typar, langhåra og korthåra, og med litt varierande tjukkelse.

Mønster:

Byrj med 3 masker på pinne 3,5. Auk ei maske i kvar side på kvar pinne (ja eg hugsar det var kvar pinne og ikkje anna kvar. Annakvar vil gje eit spissare sjal). Eg nytta restegarn og hadde aldri meir enn to fargar på pinnen til ei kvar tid. Strikk til arbeidet måler 90 cm i høgda. Den fyrste valmuen byrjar ein med etter 5 omgangar. Mønsteret til valmuen er (#1) 5 masker med valmuefarge (eg valde raudtonar) 12 masker mellom kvar.(#2) byrjar ein to masker før dei 5 og strikker 9 masker raudt. (#3) er det 13 masker, (#4) 15 masker raudt, (#6) 6 raud, 3 botnfarge, 6 raud (#7) 5 raud, 2 botnfarge, 1 raud, 2 botnfarge, 5 raud. (#8) 6 raud, 3 botnfarge, 6 raud. (#9) 15 raud, (#10) 13 raud. (#11) 9 raud. (#12) 5 raud. Det er to omganger med botnfarge mellom kvar valmuerekke. Ein kan laga nokre mindre valmuer på endane viss ein vil vera litt meir avansert, men det går å halda seg til dette repetetive mønsteret. Sjå også detalbiletet for å skjøna mi forklaring. Når ein når enden av arbeider så strikker ein ein omgang vrang på rettsida som brett og så strikkar ein ein brettekant der ein strikkar to masker saman i byrjinga og slutten av kvar omgang i 3 cm. Den syr du fast på baksida. Frynsene er 15 cm lange.

Lukke til

søndag 28. juni 2009

Ullbukse av restegarn



Eg er stor fan av gjenbruk og spesielt av restegarn. Då må ein vera ekstra kreativ med tanke på fargesamansetning og prioritering av garn viss ein skal strikka plagget i meir enn ein del. Mønsteret er frå boka Strikk til Nøstebarn

Utfordringa er sjølvsagt også å sørga for at garnkvaliteten og tjukkelsen på garnen passer saman sjølv om ein kan få fine effekter at å bryta med dette i nokre omgangar eller område på mønsteret. Då vil eg i sofall tilrå at desse enkeltinnslaga er av ein tynnare kvalitet enn hovudmengden av garnet.

Her har eg derimot brukt tilnærma likt garn, men noko er alpakka og anna er vanleg ull.

EI anna utfordring er at dersom restegarnet er av ein tjukkare kvalitet enn oppskrifta og ein bruker større pinnar så vil sjølvsagt resultate vera ein større storleik enn orginalen.

Her har eg strikka til 1,5 år, men den kan nok kome til å passa ei stund til....

Tusen og ei natt




Ein av dei gøye tinga med å ha eit landsted er at ein kan boltra seg ekstra med fargar og idear. Dette er ein plass for rekreasjon, bort frå kvardagen. Då må ein også gje plass for at dei som vil kan koma på vitjing. Difor fekk eg bygd inn nokre senger etter eigen design. Rett nok var eg inspirert av Emerson etter å ha vore på Zansibar og overnatta i huset hans og sett hotellet eller hotella må ein vel nesten seia no. Så då ville eg ha litt arabian nights heime hjå meg sjølv også. I utgangspunktet var det berre eit stort kvitt rom.

I vindauge har eg hengt opp odds and ends som eg har hatt med meg heim frå reiser. Her er det også nokre perlesmykke frå Zansibar og eit fantastisk rytmebelte av nøtter frå Amazonas. Det er forresten ein tørka piraya hengande frå eit kjede også. Det er eit paradis for ungar. Lamper har eg funne på gjenbrukstorget.

Needless to say så er rommet framleis under stadig forandring så det vert sikkert ein følgjetong herifrå.

torsdag 25. juni 2009

Sminker tømmerstova




Eg tok jo over eit hus som var totalrenovert på utsida (bortsett frå taket diverre), etterisolert og fått nye golv, men sminken var eg vel berre delvis nøgd med. Godt er det for då kunne eg boltra meg som eg ville. Her legg eg ved bilete frå tømmerstova som brukte å vera smie. Eg har ikkje gjort så mykje eigentleg. Tømmerveggane måtte jo sjølvsagt bevarast som dei var med alle sine svihol og historie, men det var ein del nytt treverk som kræsja med det gamle. Så då vart det nokre enkle grep som å mala vindaugskarmane og å gje bord og benkar den same fargen. Tok sats og malte benkar og bord babyrosa som ein kontrast til dei mørke og kraftige veggane. Det vart silkematt maling sidan det var å få til halv pris på målarforretningen i Lonevåg.

Diverre døde bestefar min i haust så no er dei alle vekke. Då arva eg alle dei broderte bileta til bestemor. Eg har sjølv vore med og brodert fleire av dei.

Eg var skikkeleg bestemorunge og som 6-åring var Husker du yndlingsprogrammet mitt og Odd Grythe den store helten - Ti og tusan røda rosor.... I tillegg var eg då ein reser på korssting og biletbroderi. Mamma har opptil fleire av produksjonane mine og i arven frå bestemor finst det eit klassis par mann og dame i svart kvitt.

Det er ein herleg nostalgisk svung over desse broderibilda som eg tykkjer passer godt til det gamle huset. Kitchy romantikk.

Duken på border er ikkje brodert, men derimot vevd av mayaene i Guatemala. Det er dei same mønstra som brukast i dei tradisjonelle draktene deire - huipil. Fantastisk vakre blomemønster og fargar.

mandag 22. juni 2009

Stelleveske som ingen har make til





No som eg skal leggja ut på tur til Addis Abeba (Etiopia) for å henta litjpia mi så har eg slått meg laus med symaskina. Mange års ganske tvilsame prosjekt som barn når det gjeld dokkeklede og haremsbukser på 80-talet har gjort meg til delvis ven med symaskina. Kjøpte meg ei ny i fjor slik at oldemors gamle Elna som berre syr rettsaum, men i høgste grad er elektrisk, er satt i kottet. Har latt meg inspirera av ei veske på Mønsterarkivet, men sidan eg ikkje har nettilgang på Tysso så er alt gjort litt ut ifrå ein ide i hovudet. Gleden over resultatet er difor veldig stor. Ikkje så reint lite stolt over meg sjølv faktisk.

Yttersida er ein voksduk eg kjøpte i København der den andre halvdelen ligg på kjøkenbordet. Innhaldet kjøpte eg på ein stoffbutikk på Grønland. Ein av desse med sariar og dess like i utstillingsvindauget. Herleg variasjon og inspirasjon.

Veska består av 3 delar som utgjer sider og botn. Alle delane er like lange. Så er det to hovudsider som er lett rektangulært slik at den er litt breiare enn den er høg. Innmaten består av dei same delane samt to sider ekstra som er litt kortare og som utgjer lommer. Til slutt sette eg på lokket som også består av to lag - eit lag vaksduk og eitt lag for. Hanken er dobbelt lag med det stoffet eg har brukt som for, eit enkelt bomullstøy. Eg byrja med å sy hovudsidene saman med botn, så sydde eg på sidene. Dei står litt over kanten og utgjer festet for handtaket. Eg sydde foret på same viset, men der la eg dei delane som skulle verta lommer på innsida som eit dobbelt lag før eg sydde i botn og sider. Til slutt sydde eg ein saum midt på den eine lomma slik at det vart to mindre lommer. Eg planlegg å setja inn ein borrelås på den store lomma fordi den vert i overkant stor slik den er no. Lokket er klypt like stor som hovudsidene. Eg bretta inn ca 1 cm av voksduken rundt heile kanten over foret og sauma rundt. Etterpå sauma eg det fast med ca 5 cm overlapping på den eine yttersida. Reima/handtaket må ein tilpassa til vogn og storleik på veska slik at den ikkje vert hengjande og sopa bakken. Her sauma eg saman to stykke med same breidde som sidestykkene, vrengte det og sauma langs båe ytterkantar, bretta inn ca 1 cm og la det mot innsida av sidestykkene og sauma fast. Voila, ei stelleveske som ingen har make til

fredag 19. juni 2009

Kjøkendetaljar


Veldig svak for smått og stort, gamalt og nytt. Her er det nokre malte glasfliser frå Zansibar, resirkulerte metallboksar som har vorte til kjøkenutstyr som mellom anna ein trakt, dei gamle serveringsbretta frå kjøkenet til bestemor med meir. Ikkje på Tysso denne gongen.

Tilflukt ut av byen



Eg var heldig nok å finna dette vakre, gamle huset på FINN.no. På den oppmurte steintrappa står det 1889. Det har vore smie fram til ca 2. verdskrig. Smeden budde i eine delen og hadde smie i den delen som no har dei fine tømmerveggane. Fram til for 7 år sidan har det stått mestan uforandra, men dei som tok over etter eit arveoppgjer har gjort ein fantastisk jobb slik at alle vindauge, bordkleding, elektrisk anlegg, golv, isolering, utgraving av gjordgolvet i smia og oppretting av bad, er gjort. Eg kom i praksis til duk og dekka bord og har berre trenkt å driva med litt sminke.

Hagen derimot er eit villniss og var full av jarnskrammel etc då eg tok over så her har eg eit herleg prosjekt som kjem til å ta si tid.

Sidan det tar berre ein drøy time å køyra ut dit frå byen så går det an å vera der mykje.

Huset er ei perle i seg sjølv, men bygda står ikkje tilbake frå huset, og den har eg fått med på kjøpet. Det er verdas kjekkaste naboar, positiv stemning, sosialt og hyggeleg.

Staden heiter Tysso og ligg på vakre Osterøy - Noreg i miniatyr.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails