Sider

mandag 14. oktober 2013

Tapet eller fliser?

 
Ok, eg syns det kan vera ganske gøy med maling, tapetsering og interiør av og til. Har litt lyst på nye hyller og fliser bak på kjøkenet på Tysso.

Men så dumpa eg borti denne økotapeten av Lousie Body. Lurer på om eg skal forstå det rett i at det er sjølvklistrande.... På ei svensk nettside står det at den er vassfast. Hm, veldig freistande alternativ til dyre fliser.

mandag 7. oktober 2013

Etiopia

Vakkert, grønt, fattig, humor, historie og god mat. Har hatt gleda over å reisa til Etiopia igjen for kongress og ein liten pre-kongresstur med gode gynekolog-kolleger.

Det var deilig å koma ut av eit litt travelt Addis og reisa opp til Gondar og Simien Mountains der vi gjekk tur i 3600 m høgde før vi reiste til Lalibela og såg kyrkjene som er skåre direkte ut av fjellet. Kvar og ei av dei er eit stykke stein. Dei som har vore i Petra i Jordan kan få litt flash back, men desse kyrkjene er frå 1200-talet og er ein del av ein vedvarande, rik og levande kultur.
Scout


Want to buy handicrafts in the mountains?





Gondar Fistula Clinic


Lalibela












Catherine Hamlin the mother of modern fistula surgery. 90 years old and still going strong.


mandag 26. august 2013

Teppeprakt


Håper verkeleg at kryptimianen min også når dette nivået.
I vinter fraus det vesle eg hadde. Det einaste gode med den frosten var at det har vore forbausande lite knott i år i forhold til dei siste åra. 


Eit lite hagekreativt innspel - kvifor ikkje dekke senga med blomar.


tirsdag 20. august 2013

Lapp på lapp

 
Gøy å laga lappetepper og puter. Særleg når ein klipper opp gamle klede. Har brukt flees bak på teppet. Det er både tjukt og gir god varme.

søndag 18. august 2013

Lavendelkåpe


Sumaren si beste strikkeoverrasking. Kvifor gjorde eg den ikkje ferdig før?


Eg har altså strikka Pickles si lavendelkåpe av noko gamalt restegarn. Det duegrå garnet er frå ein kveil eg kjøpte av Oleana og det gule har eg fått hjå besta-naboen. Tredobbel mengde av det grå og enkel av det gule.


Sidan eg strikka den ferdig har eg brukt den kvar dag.

Say no more!



fredag 16. august 2013

Eg treng deg


Dette vidunderlege treet/a står i Vaksdal kommune, rett ved riksvegen. Stussa litt då eg køyrde mot Voss for det var noko med bladverket som ikkje stemte så eg stogga på veg heimover og fann at det er ei bjørk og ei eik i skjønn foreining.


Den modne eika har gitt liv til den unge bjørka eller skal vi seia at bjørka har sugd seg fast. Ein slags liten adopsjon kan ein jo også kalla det. Utan eika døyr i alle fall bjørka.

Det er ein haldeplass ved vegen der trea står. 
STOGG NESTE GONG!



onsdag 14. august 2013

Strandkjole

Eg har ikkje berre lagt stein i sommar. Litt strikking vart det også. Pickles sin strandjole. Det som skulle verta årets sommarkjole er ferdig no som hausten står for tur. Diverre er eg ikkje ein gong sikker på om litjpia vil ha han. 


Det tok ekstra lang tid fordi Pickles hadde klart å pakke med eit nøste som var feilfarga. Det var det andre nøstet eg strikka med og vart ikkje oppdaga før eg var godt igang med det fjerde. Opprekking og venting på nytt nøste medan ein er på ferie. I tillegg var det ikkje nok garn til å følga mønsteret så eg måtte laga ei løysing med å bruka kontrastfargen for å få nok lengde. 



Fekk nytt nøste, men ikkje meir enn eit lite unnskyld per mail. Veit ikkje, men hadde i grunnen rekna med å få tilbod om eit gratis mønster eller noko liknande i alle fall som plaster på såret. Ingenting i staden sit eg her med ein kjole som er ferdig nokre veker på etterskot. Vi får sjå om den er passe til neste år også.

Fin er han i alle fall og det er eit deilig garn.

mandag 12. august 2013

Galleri smedhuset

Ikkje mange som kan skilta med ei kunstutstilling i eigen heim, men det kan altså eg. Mine kreative nieser og dotter har gjort om det eine rommet til eit galleri. 
 
 
Kvart kunstverk har fått tittel og namnet til kunstnaren. Som til dømes "morderiske Sarah" eller "alene" osv.
 
 
Det er også tematisk satt opp.





Elles kan det nemnast at det er differensierte prisar for barn og vaksne. 

Stikk gjerne innom!

søndag 11. august 2013

Pallekarmar


Pallekarmar er jo populært i hagesamanhang, men då helst i heil form som bed og kjøkenhage. Eg har ein raskhaug midt i åsynet til hagen som eg jo sjølvsagt har lyst til å skjula. I sommar har eg også brukt mykje tid på å byggja steintrapper og leggja stein til ein hagegang. Yvonne Dengin seier i ei av hagebøkene sine at det viktigaste er å byrja med strukturen og grunnmuren i hagen. Det er det eg held på med no. Grunnmuren skaper ramma rundt blomane og plantene. Dessutan er det gøy.


Når litjpia si største glede er å få sminke seg og andre - ho har det ikkje frå meg, så tenkjer eg det er bra at ho ser at kvinnerolla også inneheld steinlegging. "Ikkje sant du er verdas sterkaste mamma, mamma?". Klart det....


Tenkte litt fram og tilbake på kva eg skulle bruke til å byggja opp ein kant mot raskhaugen. Planen er å planta bambus. Har lest at dei kan vera fæle til å spre seg, men det gjer ingen ting at dei sprer seg opp i raskhaugen. På Trädgårdsonsdag, svensk TV, så ga dei råd om å bruke ei tett plastplate på dei sidene ein ikkje vil at røtene skal gå. Tenkjer å leggja det på innsida av treveggen som ekstra vern. Vel, eg var inne på å bruka torvblokker, men så kom eg på pallekarmene. Besta har hus rett ved palleleverandøren i Ulvik og der kostar dei berre 90 kr stykket. Eg delte dei i to, bretta dei ut og tilpassa dei til kvarandre. Sette ned ein trestake på tre stader bak og skrudde dei tre høgdene fast til trestakene for stabilitet. I tillegg er dei støtta opp med steine i endane. Problemet med pallekarmane på sikt er sjølvsagt at dei ikkje er trykkimpregnerte så ein får jo så kor lenge dei held, men innan den tid kan eg jo ha fått lyst på forandring uansett.


Det er uhorvelege mengder gamalt jernskrot på tomta til smedhuset. Fann mellom anna ei gamal skeise.







tirsdag 30. juli 2013

Fint med Finn


Dette har vore ein handarbeidssommar. 
Og då meiner eg godt gamaldags arbeid som steintrappbygging i tillegg til lappeteknikk og anna småplukk. Slik får ein trent både finmotorikk og grovmtorikk. Aller mest nøgd var eg sjølvsagt med trappa. Det har også vorte auka opp til ein stor hellelagt gangveg og eit par trappetrinn til. Kjem nok bilete etter kvart, men regnet tok oss og eg måtte på jobb i byen.

Mor mi held fortet med litjpia og eit barnebarn til. Ho er fabelaktig grei, elsker å vera med barnebarna og er full av planar, turar og legg opp eit bra program for ungane.

Elles har eg tråla Finn på nytt og fekk tilslag på desse fine 50-talshagestolane. Med på lasset fekk eg eit par staudar frå bedet samt gamalt sengetøy, handdukar, eit par fat, nokre rullar tapet frå 50-talet mm. Vert litt småglad av slikt. No lurer eg på når eg skal få brukt det. Hm, berre det ikkje vart husafyll, men kjem til nytte.





LinkWithin

Related Posts with Thumbnails