Sider

søndag 30. mai 2010

Til lukke med dagen/Happy B'day


Litjpia fylte 2 år i dag og hadde sin fyrste fødselsdagsfest. 

Då ho fekk vita at ho skulle få både kake og gåver så hoppa ho gledesstrålande rundt i ekstase. Litt verre var det då ikkje kaka kom på borde med ein gong. Kva skulle no ho med gjester eller pølse fyrst?


Litjpia har to fantastiske bestemødre som lagar så mykje fint til ho at all min produksjon no er vigd til andre barn.



Mi mor som heiter bestemor har jo strikka trønderbunad til ho. I dag var det besta som er naboen under oss og som vi har adoptert som kom med det eine flottare enn det andre. Ho har sauma bukse og kjole og strikka eit fantastisk søtt sommarantrekk i oransj bomullsgarn i tillegg til ein nydeleg gamalrosa jakke. Det er bestajakken med knappar frå ein av barnekjolane besta sjølv hadde då ho var lita.


Er vi ikkje heldige?

Today was my little girls birthday. She was 2 years old and it is the first birthday we celebrate. She spun around with a joyful laughter when she found out it was both cake and presents to be expected. 

We are lucky to have two creative grandmothers, my mum and our next door neighbour who we have adopted to be her grandmother.

My mother made her the traditional dress that I have blogged about earlier and to day it was neighbour gran who came with one creation after the other. She had sewn a dress and trousers together with a knitted jacket with buttons from a dress she used to have as a child. And not to forget the knitted summer dress and tights in orange cotton.

Aren't we lucky?

torsdag 27. mai 2010

Strikkekunst/knitting art


Surfa litt rundt på nettet for å sjå kva ein finn på med strikking i kunstverda. Fann Carol Hummel sine instalasjonar der ho kler inn tre med hekling.


Eller dette prosjektet Knitted landscape som lagar strikka objekt som dei set ut i naturen. 


Og dette litt meir kitchy konseptet med strikkebilder.


Likte skikkeleg godt denne kjolen av ein britisk strikkekunstnar som bur i Sverige.



For ikkje å gløyma denne bussen som er eit resultat av fenomenet "yarnbombing" der strikkerar over heile verda dekker til objekt i omgjevnaden sin, tar bilete av dei og publiserer på nettet for kommentarar. Fasinerande. Kva får folk til å bruka timesvis på strikka for å dekka ein buss? Rett nok har eg vore med på å strikka lappeteppe mot EØS i hine harde dagar, men dette er nytt og uforståeleg for meg.

I took a trip around the internet looking for knitting as an arform and this is some of what I passed on my way. I think the phenonmenon yarnbombing is fascinating. Why would people spend so much time covering a bus? The portrait and image knitting seems pretty kitch to me but the rest I could enjoy.

mandag 17. mai 2010

Hurra for 17. mai


Då har vi feira og feira og feira. Litjpia har gått på høggir, kunne sjølvsagt ikkje sova i vogna når det skjer så mykje.  Diverre gjekk vi glipp av hovedprosesjonen og buekorpsa. Eg elsker buekorps og er veldig glad for å bu midt i øvingsområdet for Sydnes bataljon. Må nesten fella ei tåre når eg ser dei i full mundur heile kostebinderie frå dei små til gamlekara.

Eg lovte å visa dykk bilete av litjpia i trønderbunaden sin. I tillegg har eg bilete av besteveninna i vestfoldbunaden eg strikka til ho. Dei vart umåteleg søte.

Her er kontaktinformasjon for Tråsnella som har mønsterpakkar til trønderbunaden.

17th of May is over. Tons of ice cream have been consumed and we all have sore feet. I promised you a display of the girls in their national costumes. If you remember I knitted the red and brown some time back for the best friend of my little girl. 

fredag 14. mai 2010

Trønderbunaden til litjpia er ferdig

Snart er det 17. mai og no kom mor mi med den fine strikka trønderbunaden til litjpia.

Trønderbunad kan jo finnast i tre fargar; raudt, blått og grønt. Sjølv har eg blå og i år beit eg i det sure eplet og fekk sydd ut bunaden min. Det er nokre kilo sidan eg var konfirmant og må innsjå at matchvekta aldri vert som då.

Litjpia får grøn bunad. Då eg var konfirmant var det heilt ute å ha grøn bunad. Kvifor veit eg ikkje heilt. Vi var også beinharde på at blonde skulle ha blå og dei med mørkt hår raud. Viss, vass, sjølvsagt, men difor har eg altså blå bunad trass i at yndlingsfargen min i dag er raud.

Den strikka versjonen er ein ganske nøyaktig kopi av orginalen, og det er linfor i vesten.

Etter 17. mai skal eg koma attende med bilete in action.

My mother came for our national day 17th og May. It is a day were very many use our different types of national dresses. My mother has knitted a copy of the national dress from mid Norway around Trondheim. It is a very true copy of the original with a linen lining in the vest. The original comes in red, blue or green. Mine is blue and now my little girl had a green one. I will come back with photos of the dress in action after 17. May.

torsdag 6. mai 2010

Kaffe Fassett sine valmuer på jentejakke

Dette var rosajenteprosjektet mitt i vår. Diverre har det tatt litt lengre tid enn eg tenkte. I det heile har det faktisk vore litt mindre strikking i det siste. Det vart så lyst og deilig ute. I tillegg har eg skrive på ein hersens stipendsøknad for vonleg å få gjort ferdig ph.d'en min. Lyspunktet i den samanhang er jo at eg endeleg fekk publisert den fyrste artikkelen på vegen til ph.d no i mai. I etterkant har det også vore litt presseinteresse. Slik er det når ein skriv om kontroversielle tema.

Vel, tilbake til jakken. Det er jo ein orgie i rosa og andre pastellar. Slik vert det når ein lar jenta bestemma sjølv, men hadde eg ikkje gjort det så hadde jakka hamna i skapet. Til slutt tykte eg dessutan at ho vart riktig så sukkertøyfin. Jenta er berre 4 år, men lang så eg strikka den i størrelse 6 år. Eg har brukt Nøstebarn sin rullegenser som mal for masker osv. Som knappar har eg brukt nokre knappar eg har trekt sjølv og nokre gule knappar.

It has been very low on the knitting lately due to trying to get a grant to finish my Phd. Luckily in May my first research article also got published with a bit of press interest to follow. That is what happens when you venture into abortion research. 

Finally I finished the jacket with persian poppies though. I used Nøstebarn's Rullegenser as a base for stitches etc but I altered the sleeves. I love this frilled fringe. The theme is completely pink and pastel colours to make the 4 year old happy. If not it would only have stayed in the closet I'm afraid. In the end I am quite happy about it even though it is very girly.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails