Sider

lørdag 10. april 2010

Meire ull/more wool

I påska var vi på daglege turar til sauene og litjpia viste seg som ein ivrig fjøsrøktar. Det var nokre vakre fargespel i all denne vandrande ulla.


Eg har også sagt at eg gjerne tar litt ull så får vi sjå kva som skjer.




Ullfabrikken



At Easter we had our daily visits to see the seep and my little girl couldn't get enough of them. I have also said I'd like to use some of the wool so let's see what happens.

tirsdag 6. april 2010

Måser i vårløysing

Moseplassen har ein konkurranse gåande som heiter Frøken vårfryd. I går var vi i Drammen på besøk til syskenbarnet mitt og hennar familie. Barn skal luftast og mellom dissing/husking, balansering, pølser og skravling så gi desse måsene sigla avgarde nedover elva. Det var eit herleg syn. Diverre hadde vi ikkje supre kamera med så dette er tatt med ein mobil. 

Skvaldrande fuglar, lause isflak og ein spirande varme i lufta medan ungane endeleg kan finna leikeapparata som har smelta fram frå snøen, det er vår for meg.

mandag 5. april 2010

Kongeleg avtrede/royal hide out

Tradisjonen tru så har vi rom for dei kongelege på hytta der vi kan sjå på dei i ro og mak i private stunder. 

Doen er av type kremasjon med askeskuff som tømmast av mor. Ikkje alt for ofte heldigvis. Cinderella eller askepott om du vil.
Samlinga har berre så vidt byrja så vi får sjå kvar det ender.

Like the old tradition (at least in Norway) the toilet at the country cottage is a place to take a look at our royal family. It is still a collection under development so look out for more pics.

lørdag 3. april 2010

Påske på Tysso/ Easter at the country house

Den faste gjengen var på plass på hytta for spel, filmar, god mat og grilling i Dalen på påskeaften. Stort sett grått og regn, men ei strålande avslutning på vårt opphald i dag med strålande sol.

Her har de årets påskebord.

Eg strikkar stadig vidare på valmuene til Kaffe Fassett og trur eg endeleg er over den kritiske fasen. No er det berre striper på programmet.

I tillegg har eg reparert vimplane. Dei er laga av voksduk, og eg trudde dum som eg var at dei var så stive at dei ville halda seg fint ein etter ein på snora utan å skvusja seg saman. Så feil kan ein ta. Etter at tyngdekrafta og vinden hadde fått leika litt med dei så var dei alle klesst opp i eine enden av snora. No derimot har eg fasta kvar og ein vimpel med eit sting og berre øydelagt ein nagl på det. Klessnora som dei heng på er ikkje nett meint til å sauma i. 

Håper de alle framleis har ei god påske.

It has been Easter at the country cottage with the same group as always. Good food, games, films and lots of relaxing together with the local, traditional barbecue for the whole village. 

I am still knitting on the persian poppies but do think I have had a brake through. Have also mended the flag line. They are made of oilcloth and I kind of thought they would hang happily and easy on the line without having to fasten every one of them. I was so wrong. Gravity and the wind took hold of them and pressed them all in one direction. Now I have tighten every one of them with a stitch so lets hope they will stay put a little longer.

fredag 26. mars 2010

Ei lita lue/little bonnet


Måtte berre ta ei lita pause frå dei valmuene. Kjende meg ytterst lite produktiv. Det er rart med det ein vil liksom ha noko å visa til anna enn ein sølle liten valmue når kvelden er over. 
Så då heiv eg meg over barneluestrikk igjen. Fekk lyst til å prøva ei ny oppskrift og så gjera ein eigen liten vri sjølvsagt. Myk start har mykje enkelt, tidlaust og fint. Masketal og felling bak er identisk, men i staden for å strikka det mønsteret som er foreslått så valde eg å strikka tre rett, tre vrang forskyve for kvar omgang slik at det vert skrå striper. Ganske så effektfult. Sidan eg har brukt eit litt grovt garn så vert vel dette berre ein modell diverre. Eg likte både fargane og det visuelle resultatet.

I felt the need to take å brake from the persian poppies because they didn't seem to get anywhere and I felt awfully low in production. Have used a pattern from Myk start which offers lots of timeless and easy patterns. I adjusted the pattern slightly though. Not because I didn't like the original but because I feel the need to experiment.

onsdag 24. mars 2010

The last knit

Kunne ikkje dy meg og lånte dette frå Gunknitter. Lyden og animasjonen er verd det i seg sjølv. Sånn går det når strikkinga tar heilt overhand - lukt utfor stupet....

tirsdag 23. mars 2010

Framdrift/ getting there

Å strikka Kaffe Fassets valmuer fram og tilbake viser seg å ta litt tid, men jakken veks litt etter litt. Det har difor ikkje vore så mykje å blogga om.

I går hadde eg fødselsdag og fekk blomar av naboane som kom på kaffe - den utvida familien. Dagens desidert beste gåve var barnehageplass til litjpia.

I dag har eg difor vore og kjøpt sykkel med barnesete og sykkelhjelm slik at eg kan halsa ned frå jobb for å nå barnehagen før den stenger. Litjpia var veldig nøgd med sin blåe hjelm med dyr på, men remja stygt då vi gjekk utan trehjulsykkel.

Er framleis spent på om mottakaren av den jakka eg no strikker vil ha ho sidan det er ei veldig bestemt lita jente, men eg skal arbeida trottig vidare og så får vi kryssa fingrane. Er litt usikker på om eg skal ha valmuer heilt opp til halsen, eller stoppa ved ermet. Ermene skal ikkje ha valmuer. Dei vert nok einsfarga.

I must say it takes slightly more time than I thought to knit Kaffe Fassets persian poppies but I am getting there slowly. Still quite anxious as to weather the little, picky girl that this cardigan is meant for will actually like it. Very pink....

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails